Tysk-skandinavisk kulturhelg i Berlin

Målmannen hadde i byrjingi av februar ein sendemann til tysk-skandinavisk kulturhelg i Berlin, skipa til av Stephan Günther frå Nordische Hilfswerk (tysknordisk venekrins). Samkoma vart til stor gleda for alle dei frammøtte.

Det faste møtepunktet for helgi var ein nasjonalsinna ungdomsklubb ein stad i Aust-Berlin. Her fanst det både møterom, kjøken og kneipe i kjellaren, og lokalet gjev soleides høve til både ålvorstungt arbeid um dagen og fest og moro um kvelden.

Helgi baud på eit skifterikt program. Laurdagen var det fyrelesing og ordskifte um bombingi av Dresden, avslutta med ein kameratskapskveld i retteleg tysk stil, der det korkje skorta på god drikke, god mat eller god musikk.

Vitjing i Stasi-fengselet i Aust-Berlin.

Vitjing i Stasi-fengselet i Aust-Berlin.

Sundag var det utflukt til det gamle Stasi-fengselet i Berlin, som i våre dagar er vorte museum. Museumsvitjingi var ei sterk uppleving for dei fleste. I det gamle Stasi-fengselet vart det ikkje drive so mykje med lekamleg mishandling, men eksperimentelle psykologar hadde funne fram til dei mest utkropne framgangsmå- tane for å brjota folk ned. Isolasjon og frårøving av svevn eller sanseinntrykk var millom dei mest umtykte arbeidsmåtane.

Dei fleste som hamna i Stasi-fengselet vart til slutt so knekte at dei skreiv under eller tilstod kva som helst, sume allereide etter nokre vikor og andre etter eit års tid. Um ikkje dette var nok, so døydde ei rad fangar av blodkreft nokre år etter fengselsuppheldet, og årsaki var trulegt eksponering frå ei røntgenstrålingskjelda som var gøymd i same rom som fangane uppheldt seg…

Ein umvisar fortel um korleis det gjekk fyre seg i avhøyrsrommet i Stasi-fengselet. Det var ingen spøk, for å segja det mildt.

Ein umvisar fortel um korleis det gjekk fyre seg i avhøyrsrommet i Stasi-fengselet. Det var ingen spøk, for å segja det mildt.

Under umvisingi av Stasi-fengselet stelte mange seg spursmålet korleis det kunde ha seg at ingen av dei andsvarlege for menneskerettsbroti i Stasi-fengselet vart straffa for ugjerningane sine. Kvifor hev det ikkje kome til ei rettsleg uppgjerd for det som hende i DDR-tidi, på same måten med med Nürnberg-prosessen etter at det nasjonalsosialistiske regimet fall i 1945? Svaret frå umvisaren var at dei tilsette i Stasi-fengselet einast hadde handla etter ordre, og i samsvar med dei lover og reglar som galdt i DDR på denne tidi, og ein kunde soleides ikkje straffa folk for menneskerettsbrotsverk med attendeverkande kraft.

Samling framfor minnesmerket for kommunismens offer, 1945-1989.

Samling framfor minnesmerket for kommunismens offer, 1945-1989.

Sume kunde vel ha lagt imot at det var nett det dei gjorde i Nürnberg…

O. Torheim