Jonsrockfeiring i austerriksk fjellheim

Dei som tok turen til Neidegg Alm (Neidegg-sætri) i dei austerrikske Alpane fekk uppliva ei jonsokfeiring utanum det vanlege.

For på denne dagen vart den harmoniske klangen av kubjøllor avløyst av dissonansar, skrik og krasse riff. Fire ulike hardrockgruppor stod for underhaldningi åt dei på lag 200 som hadde teke turen upp på fjellet.

Bilete

Fyrste gruppa ute var austerrikske Ghouls Come Knocking, som stod for ein upåklageleg moderne thrashmetal. Næste gruppa ut var frå Austerrike dei med, Amongst The Deceit, og dei spela drivande og hadde ein sers ageleg teknikk i daudmetallen sin – mange vilde gjerne ha sagt alt med ein gong at dette var dagsens høgdepunkt.

Kor som er, dei vart fylgde av endå ei austerriksk gruppa, Our Survival Depends On Us. Denne gruppa gav oss ein forvitneleg og heilt sereigen miks av stoner-rock, doom metal og hardkjernerock.

Trekkplåsteret for kvelden var likevel sveitsiske Triptykon, det nye tiltaket åt den myteumspunne Tom Warrior som i si tid grunnla Celtic Frost. Triptykon er langt på veg eit framhald av Celtic Frost etter at denne gruppa vart nedlagd for godt i 2004, men Tom er framleis like arg og energisk og hev fenge fylgje med nye og meir enn 20 år yngre musikarar. Denne kvelden vart det soleides attersyn med gamle klassikarar frå tidi med Celtic Frost (klassikarar som i Triptykon-høve ikkje kann kallast for “umslags-låter”, for Tom Warrior hev i ei utspyrjing sjølv slege fast at “Triptykon er Celtic Frost i alt utanum namnet”).

Tryptikon tok til med «Procreation of the Wicked», med V. Santura (Dark Fortress, Celtic Frost) som bakgrunnsvokalist. Dinæst fekk me høyra “Dethroned Emperor “ og “Circle of the Tyrants”, men høgdepunktet var likevel Hellhammer sin «Triumph of Death», ei låt som berre hadde vore framførd på konsert èin einaste gong tidlegare dei siste 30 åri.

Ljodbilætet var meir tung og myrkt enn med Celtic Frost, og bassklangen hennar Vanja Slajh kann jamførast med ei rullande panservogn. Likeins er den drivande trumbingi hans Norman Lonhard, og den inntrengjande songen hans Tom Warrior, med på å gjeva heile gruppa ei heilt serskild utstråling.

Bilete

Bilete

I det Triptykon gjekk på scena var myrkret alt åt å falla på. I Austerrike er me so langt sud at det jamvel på midsumarnatti byrjar verta myrkt når klokka nærmar seg ti, og dette gav oss ein forvitneleg verknad: På den eine fjelltoppen etter den andre, jamvel på langt fråstand, kunde me sjå store jonsokbål byrja lòga upp. Det var tydelegt nok at me ikkje var åleine i fjellheimen, og det var soleides tid til og med for oss å gjeva oss sjølve til kjenne då vårt eige ovstore jonsokbål endelegt vart uppkveikt. Elden på fjellet tok litt av merksemdi burt frå musikken, men skapa til sjuande og sist eit agelegt tilskot til stemningi. Ei stemning som ikkje minst skreiv seg frå det mødesame arbeidet som var gjort med både smått og stort, til dømes med stearinljos på scena og lykter uppe i bakkane. Alt medrekna var det ei framifrå god tilskiping – med ekte austeriksk teft for det som trengst til ein vellukka midsumarkveld.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!