Identitær – kva er no det då?

Umgripet nasjonalisme er dei fleste alt kjende med, men i det seinaste hev me høyrt gjete um ein ny flokk nasjonale medhaldsmenner – dei identitære.  Nylegt gjekk ein video Europa rundt på Youtube, ”Declaration de guerre” (Ei krigslysing), med franske Generation Identitaire som sidan tok seg upp på taket på ein moskè i Poitiers for å minnast slaget i 732.

Bilete
Nasjonal eller identitær?
Sume freistar setja nasjonalisme og patriotisme upp mot einannan, men det er meiningslaust. Nemningi nasjon kjem frå ”naissance” (fødsel) og patriotisme frå ”patrie” (fedreland). Same um ein ser på den kvinnelege eller mannlege lina av upphavet sitt, so er det grunnleggjande for båe nemningane at at nasjonen eller fedrelandet er eit hopehav ein er fødd inn i. Det etniske stend sentralt – og ikkje moderne, abstrakte idear som demokrati, jamstelling og velferdsstat, som ein kann få tokken av um ein lyder til festtalor i dag, men som einast hev vore moglegt i sers etnisk homogene og konforme samfund.

Kva skil so nasjonalisme frå identitarisme?  Eg tykkjer det er grunn til å poengtera at all nasjonalisme er pr definisjon identitær. Nemningi identitær fortel i utgangspunktet ikkje so mykje meir enn at ein reknar identiteten som noko viktugt – utan at det vert spesifisert kva slags identitet det er tala um. For dei som kallar seg identitære er poenget som regel at dei er for alle slags identitetar som er røtte i eit etnisk upphav – anten det skulde vera tala um lokal identitet, regional identitet, nasjonal (historisk) identitet eller europeisk (sivilisatorisk) identitet.

Eg hev sjølv teke til ords for å nytta nemningi europeisk heimstadreising. For det handlar um å finna ut kvar ein høyrer til, og veit ein å byrja med sine næraste, so kjem det andre på plass mest av seg sjølv.

werde_wer_du_bist

Den identitære rørsla kjem upphavlegt frå Frankrike, eit land som både hev latinske, keltiske og germanske røter – og med store regionale skilnader millom til dømes Bretagne, Alsace, Normandie eller Occitania. På mange måtar eit lite Europa i mikrokosmos. Det er soleides ikkje til å undrast yver at det nett i dette landet hev vokse fram eit medvit både um den samla europeiske arven og verdet av å taka vare på lokal og regional kultur – og då opposisjon til styresmaktene sin jakobinske statsnasjonalisme som vilde trykkja Paris-kulturen ut yver heile landet.

Stoda i Noreg er ei heilt onnor. Her syner dei nyaste genetiske etterrøkjingane at me er millom dei mest mest etnisk homogene  landi i Europa, med ein genpool delt med våre svenske, danske, islendske og færøyske frendar. Den vestlandsregionalismen som sume i målrørsla hev teke til ords for vert soleides for meiningslaus å rekna um ein ser det frå identitær ståstad. I staden burde ein sjå på stoda i Noreg frå eit nordisk perspektiv, men i Noreg hev ein liberalistisk vinstrenasjonalisme stade i vegen for det nordiske perspektivet. Soleides er dei nordiske landi er vortne til spelbrikkor millom stormakter, framfor å samla seg um ei tevlefør blokk – som i neste umgang hadde funne sin plass i eit sterkt, samla Europa. Med eit samla Europa meiner dei identitære ikkje eit samla Europa i einsrettande tyding av ordet. Dei ynskjer ein organisk einskap, der alle regionar og nasjonar framleis held uppe og dyrkar det som er sermerkt for desse – som i sum gjer Europa europeisk.

Høgnorsk frå identitær, nordisk ståstad
Ein nordisk einskap må til liks med ein europeisk einskap vera ein organisk einskap, der det som er sermerkt og verdt å taka vare på vert halde uppe. Då melder straks spursmålet seg, kva skal vera Noreg sitt tilskot til dette, til dømes i målvegen?

Eg vil insistera på at det er høgnorsken som i nordisk og europeisk hopeheng lyt representera det nasjonale. Um ein vil argumentera for at bokmålet er sernorsk, er  sterkaste argumentet paradoksalt nok at det både hev kutta sambandet til den gamle danske-norske bokheimen og hindra oss i å knyta nye band til den svenske. Høgnorsken hev derimot den føremunen at han både er rotekte norsk og samstundes knyter seg både til svenskt mål og til islendsk og færøysk.

For danske målet sin part, so nektar me ikkje for at me hev havt 400 års samband med Danmark. Den meiningslause millomlekken som me kallar for bokmål kann me derimot med godt samvit kvitta oss med. I heile Noreg skal borni læra høgnorsk, med dansk til sidemål og norrønt til valfag.

Ein identitær, europeisk heimstadreisar ynskjer stutt sagt at ein på alle nivå skal ha tilgang til det beste for seg og sine.

Siv-Kari Hjelmås Johansen

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=uabgo6EHCKs]

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!