Alternativ messa med forbetringspotensiale

Alternativmessa i Bergen gjekk fyre seg frå 8. til 10. mars i Grieghallen. Heile tri dagar til endes var det fyrelesingar, utstellingar og musikalske innslag som var meint å gjeva ”alternative” synsleite på livet og den åndelege røyndomen.

Fyrelesingsprogrammet var det mest pirrande, med emne som dei utanumjordiske, ljoslivende, englar, åndelege rettleidarar, sjamanisme, draumetyding, astralreisor, kornsirklar, trumbesirklar, reiki-lækjing, chakra-reingjering og meir.

Utstellingane hadde derimot ikkje det heilt store utvalet. Det gjekk for det meste i steinar og krystallar. Dei fleste utstellarane selde dei same steinane, og dei fleste steinane var av det slaget som ein kann finna yveralt.  Kor som er, steinar er grunnleggjande viktugt når det kjem til alternativ lækjedom, og messa hadde i alle fall meir enn nok av dei. Dei var fine, men utvalet var ikkje so mangslunge som ein kunde ynskja seg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein av utstellarane selde bøker, ein annan etla ut vareprøvor på økologisk rismjølk (Rice Dream), og endå ein selde hudstellprodukt. Det var jamvel ein utstellar som tilbaud aura-fotografi, det er fotografi av eit slags felt som ein finn kring kvart eit menneske, kalla auraen.

Mange utstellarar tilbaud spådomstenestor med tarot-kort. Av det tollegt barnslege slaget, vilde no eg ha sagt:  Dei som hev litt greida på spirituell tankegang, dei veit at framtidi ikkje er noko som er hogge i stein. Framtidi skil seg på faktorar som stødt er i endring. Det som me kjenner i oss er med på i disponera oss for serskilde utfall – det er det som ein kallar for ”sjølvuppfyllande profetiar”. Men dette er ikkje noko som er gjeve, kjenslone våre kann endra seg frå den eine augneblinken til den andre. Difor er tanke- og kjenslearbeid sentralt for å få det utfallet som ein sjølv ynskjer seg. Når eg ser på folk som les tarot-kort, so mistenkjer eg desse for å berre vilja tena pengar på folk som er litt sarte av seg, og som vil ha eit kjappast på moglegt svar um framtidi deira av di dei er redde for det ukjende.

Ein av utstellarane tilbaud eit stort utval av turka frukt og godsaker. Dei som var på messa tenkte trulegt at det som han selde var av det helsesame slaget, men når eg las gjenom lista yver ingrediensar i dei produkti som vart selde, so var det store mengder av ufjelge og jamvel helseskadelege stoff. Til dømes soya-lecithin og svovel. Sovorne helseskadelege stoff er med og hindrar personleg vokster og spirituell framgang!

Um ikkje dette var nok, so hadde messa opna ei eigi matbud der dei selde alskens usunne saker og ting, frå Coca-Cola (!) og brus til kakor fulle av sukker og feitt og reinhekla møkkamat (”junk-food”). Det skulde ikkje vera noko som ein trong å segja endå ein gong, men slike produkt slakkar ned eller beint fram stoggar all spirituell framgang. Dei hev ingen plass på ei tilskiping som skulde vera uppteki av å få folk til å gjera framsteg på det åndelege planet!

Det mest positive på denne tilskipingi var soleides dei mangslungne fyrelesingane. Ei av dei mest forvitnelege fyrelesingane gjekk på draumetyding. Her var det Roy Åge Tuv som tok fyre seg korleis ein kunde nytta draumane sine medvite til å arbeida med problem som ein ynskte løysa. Me drøymer i mange timar kvar natt, so det å vera i stand til å nytta draumane sine medvite er sers verdfullt. Ikkje berre fær ein fleire timar i døgeret til rådvelde, ein er jamvel i stand til å prøva ut og eksperimentera på ein måte som ein i vaken tilstand ikkje er i stand til. Dette av di ein i draume ikkje er avgrensa av fysikkens lover – eller av dei mange mentale barrierane som elles i dagleglivet stengjer for kreativ tenkjing og nye løysingar.  Roy Åge Tuv gav ei innføring i ymse slags teknikkar som gjorde det moglegt å effektivt nytta seg av draumane sine. Å skriva ned draumane sine var viktugt for å kunna arbeida med dei og forstå dei, men vel so viktugt var det å sjølv gå inn og freista styra draumane sine. Slik kunde ein nytta draumane sine i eit sjølvutviklingsperspektiv.

Roy Åge Tuv forklåra at når ein la seg i sengi, burde ein nytta tidi fram til ein sovna på å tenkja hardt på dei problemi ein ynskte gå inn i når ein drøymde. Han gav vidare døme på teknikkar som ein kunde nytta seg av under draumen. Eit typisk draumescenario er til dømes at ein vert forfylgd av nokon som kjem nærare og nærare, og utan at ein greider å sleppa undan. Her var det viktugt at ein stogga og konfronterte den som forfylgde. Ofte kom ein då til å sjå det som truga ikkje var so trugande likevel. Anten det, eller so kunde det vera at ein vart konfrontert med høgst reelle problem som ein til dessar hadde freista flykta undan, men denne konfrontasjonen var ein berre nøydd til å taka.

Musikalsk innslag på alternativmessa i Bergen.

Av underhaldningsinnslag på messa var det sjamanistiske innslag med trumbing, synging og fløytespel, noko som skapa ei fin stemning. Det var dessutan ein musikar til stades som framførde kjende visor med song og akustisk gitarspel – heilt greidt, men helder ikkje det heilt store.

Til sjuande og sist so heldt ikkje Alternativmessa heilt det som ho lova. For meg var ho eit vonbrot, men samstundes hev ho potensial. Det er lov å vona at eit større utval av utstellarar kjem til messa neste gong, og at messa kann verta litt meir mangslungi enn det ho var no. Til dømes so hadde eg vona å finna utstellarar som tok fyre seg orgon-energi og orgon-generatorar og akkumulatorar – sidan livsenergi (eller chi/qui um ein vil, alt er ulike ord for det same) er so viktugt for åndeleg vokster, og for å auka medvitet millom folk. Eg vonar dette er noko som kjem til å betra seg til neste gong.

Megan L.