Arven frå Luther, og det me fekk ut or honom

Det var ein gong ein mann som heitte Martin Luther. Denne mannen kjempa imot at kristentrui skulde verta misbruka til å styra og utnytta kristne menneske. Denne mannen skapa, utan at han sjølv ynskte det, ei kyrkjekløyving som førde til ein av dei blodigaste krigane som er førde i den europeiske soga.

Martin Luther

Martin Luther

Mange var dei som meinte at den nyvunne protestantismen som la vekt på trusfridom var noko som det var verdt å våga livet for. Men kva er det som stend att av det som ein gong vart kløyvt ut or katolisismen?

Frå uppseding til underhaldning
Den evangelisk-lutherske kyrkja gjer i dag sers mykje. Sers mykje rart, vilde eg ha sagt, og lite av det som er viktugt og rett, altso det som ho skulde vera andsvarleg for å gjera. Me finn hippe kyrkjor med grafittiveggar som “Jesus er kuul” eller “nestekjærleik fengjer!”. Og likeins billege og samstundes einvise freistnader på å vinna ungdomen med fjernsynsyverførde og skrekkelege cupfinale-liknande gudstenestor. Likeins hev ein tilskingar som “Toleransens dag”, tilskipingar som ingen andre enn tilskiparane sjølve vitjar.

Den evangeliske kyrkja er, for å segja det hardlyndt, hamna i botn. Og det er ikkje kristentrui som er skuld i dette, men det lagnadstunge vegvalet som den evangeliske kyrkja hev gjort: Ho hev måta seg etter tidsåndi, og fer hoppande etter henne som ein halt maratonlaupar utan krykkjor. Dei som rår grunnen i den evangeliske kyrkja i dag , det er folk som eg vil kalla for paradisfuglar. Dei vågar ikkje lenger å stella krav til folk, men kjem i staden med stødt nye og endå meir vanvituge idear som dei vonar skal få fylt upp dei tome kyrkjebenkjene.Til dømes temadagar um verdsfred, fargegleda eller landeplagemusikken. Desse åtgjerdene er alle fulle av tåkeprat som er måta etter tidsåndi, og dei tener til sjuande og sist ikkje til anna enn at upptaksmennene held seg sjølve i rampeljoset.

Dei gamaltruande lutheranarane stend framleis att, men utan at dei høyrer til i kyrkja. For alle desse ideane som no um dagen vert lagde fram i kyrkja på dei mest avstyggjelge og hykkelske måtane, dei er i røyndi ikkje anna enn ein freistnad på å leggja fram eit grunnlag som er sams for folk som ikkje lenger hev noko hopehav. For dei som framleis verkelegt er truande vert det heile berre eit skodespel som dei hev fenge meir enn nok av.

Til lags åt alle kann ingen gjera…
Slik gjeng den evangeliske kyrkja langsamt mot undergangen. På den eine sida hev ein dei som tykkjer det er gildt å skrapa på yta av ymse slags tema til tonar av Jesus-rock’n’roll. Eller som tykkjer det er flott med ei opi og samanbindande kyrkja som ein kann nytta til dåp, konfirmasjon og jolegudstenesta, men dei vil ikkje å arbeida friviljugt eller gå på vanlege gudstenestor i kyrkjelyden. På den andre sida hev ein dei som søkjer fåfengt etter noko djupare. Desse knyter anten neven i lumma eller dei dreg seg langsamt burt frå det heile og søkjer ut på eigne vegar.

Utanum dei store høgtidene vert kyrkjone soleides ståande tome. Den eine gruppa som kyrkja vender seg mot er grunnleggjande uinteresserte i å vera der til daglegt, og den andre gruppa – dei som tidlegare var trufaste kyrkjegjengarar – dei kjenner seg framandgjorde av det heile. Dei søkjer då anten til ei frikyrkja – eller dei vender like godt heile protestantismen ryggen. Sume vert ateistar, andre konverterar gjerne til noko heilt anna. Dette er som regel katolisismen eller islam.

Men kvifor nett katolisismen og islam?

Katolisismen kann sjå attende på ein lang og ubroten tradisjon og hev aldri måta seg meir etter tidsåndi enn det som var plent naudsynt. Trui er tidlaus, då var det aldri verkelegt um å gjera. Slik gjeng katolisismen alltid vidare, same kor mykje grums ein sumtid kann grava fram um barnemisbrukande prestar, same kor negative media er til institusjonen, same kor fiendsleg tidsåndi skulde vera til heile kristendomen. Stemneleidi er alltid den same, einast med småe rettingar. Til liks med den ortodokse kyrkja so spelar det ingi rolla kva resten av verdi skulde meina: Den katolske kyrkja gjer det som ho meiner er rett, same kor tvilsamt det sumtid skulde sjå ut. Udugelege prestar kjem og gjeng, men trui og læresetningane vert verande dei same. Og nett dette er det som er kyrkja si uppgåva, å syta for at det er noko som stend fast i ei verd som stødt er i endring.

Framande religionar fyller det åndelege vakuumet
Det eg likevel helst vil sjå nærare på, det er islam. Islam hev til liks med katolisismen ein lang tradisjon og er innanfor dei fleste retningane endå meir stivbeint andynes endringar. Nyhendedekningi andsynes islam er – seinast sidan 11. september 2001 – vel so motviljug som den som gjeld kristendomen. Kor som er, med ein viktug skilnad: Kristendomen kann ein skjemta og tulla med, men det er ingen som vågar å halda ap med islam. Her finn ein soleides svaret på kvifor so mange innfødde europeiske ungdomar er byrja å umvenda seg til islam: Islam tek seg sjølv ålvorlegt, noko den evangeliske kyrkja ikkje hev gjort på lenge.

Slær du den evangeliske kyrkja på kinnet, so vender ho det andre kinnet til. Um du freistar gjera den evangeliske kyrkja til lått, so lær ho med, for ho tenkjer at alle hine lær med henne og ikkje åt henne. Eller kanskje lær ho berre av redsla, med di ho er for veik til å verkelegt kunna slå attende. Ho er redd for å falla endå djupare enn det ho alt hev gjort. Men under henne finst det ikkje noko meir, ho er alt hamna heilt på botn.

Byggjeverksemd ved DITIB-stormoskeen i Köln.

Byggjeverksemd ved DITIB-stormoskeen i Köln.

Det er den same soga med det som vert kalla for integrasjonen. Innvandrarar reiser frå heimlandet sitt og kjem til eit land der dei ser at folket ikkje verkelegt bryr seg um landet sitt lenger. Det er dei ikkje vande med, for sjølve er dei glade i upphavslandet sitt, og slik kjem dei til den slutningi at me som bur her ikkje hev nokor ærekjensla og ingen byrgskap yver det me sjølve hev arva frå forfedrane. Då er det ingen som treng å undra seg yver at dei held seg til sine eigne røter, i staden for å leggja seg inn under ein kultur som ikkje lenger hev nokon styrke i seg, der kulturberarane ikkje lenger hev nokon ryggrad, nokon vilje til å segja at “dette er det me stend for”. Dei hadde venta seg å høyra oss segja at “eg er franskmann” eller “eg er nederlendar”, men i staden fær dei høyra at, nei, “me er nett slik som deg”. Me er berre menneske, alle saman, heiter det i den politisk korrekte kyrkja.

Ja, me er alle menneske, men muslimane er framleis muslimar og vil ikkje vera noko anna. Dei held fast ved det dei trur på og læresetningane deira er ikkje noko som ein treng å diskutera. Nett i denne nye tidi der alt er i endring, so kjem dei og dreg upp nokre klåre grensor. Dei fører inn att gamle tradisjonar som ikkje var vanlege i deira eigne heimland for 50 år sidan, slik som hijab og burka. Desse er vortne markørplagg for muslimar som er medvitne um kva dei stend for. Slik sender dei oss eit klårt signal um at den normuppløysingi som vert drivi fram i Vesten i vår tid, den vil ikkje dei vera med på. I staden for å gå inn for ei delt semja, so set dei seg sjølve utanfor og stend soleides fram som eit tydelegt alternativ.

Kva skal vera vårt svar?
Denne rigide religionen gjev soleides faste haldepunkt til mange søkjande menneske i vår tid, jamvel til innfødde europearar som ein normalt skulde tru var heilt framande for det tankesettet som islam stend for. Samstundes gjeng den evangeliske kristendomen upp i limingi, av di han hev tapt heile grunnlaget sitt. Den evangeliske kyrkja er full av førtiåringar som kled seg i den siste tenåringsmoten, trengjer seg inn på det lokale diskoteket for å ordskiftast med dei unge og spela fengjande Jesus-rock. Men desse hippe ungdomsarbeidarane vil ikkje ungdomen vita av. I staden vender dei seg til dei vise gamle mennene i moskeen som berre talar til dei som høyrer skikkelegt etter. Og det som desse fortel er tydelegt og greidt, og utan rom for diskusjon. Det er sjølve motstykkjet til det mykje av det dei elles ser og uppliver ute i det moderne, vestlege samfundet.

“De er jordi sitt salt! Um saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med?” Det er spursmålet som Jesus stelte til læresveinane sine. Ja, um saltet misser si kraft, so er det ikkje noko salt lenger, det er vorte noko anna. Og ei luthersk kyrkja som ikkje vil vera kyrkja lenger, ho stend ikkje fram som noko anna enn ei samling med menneske som freistar å framstella seg sjølve etter eit serskilt mynster.

Me treng ikkje ei luthersk kyrkja som vil vera til lags åt alle, og som difor ikkje lenger appellerar til nokon. Det er helder ikkje serlegt luthersk. Me treng frimodige ungdomar som atter ein gong segjer at “her stend eg, og eg kann ikkje anna”. Som er i stand til å ordleida seg um kva det er dei vil stå for og som ikkje er redde for å slå det tydelegt upp på vår tids kyrkjedører.

Arven frå Luther er det framleis kraft i. Det er me arvingane som atter lyt byrja nytta oss av denne krafti.

S. Krämer

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!