Ordre Nouveau – Kampen for ein ny samfundsskipnad

Me hev alle høyrt um mai 1968 i Frankrike, um vinstreradikale studentar som sette sin eigen dagsetel med  ville streikar og protestar – 68-ættleden. Men ikkje mange veit at det på same tidi fanst ei sterk tjodlynd rørsla i landet, ei rørsla som samla mange tusundtals unge medhaldsmenner til store folkemøte og som i åndslivet var fullt på høgd med dei vinstreorienterte ”motmennene” sine. Lat oss difor fortelja litt um Ordre Nouveau og dei politiske ideane som dei målbar.

Det som gjer Ordre Nouveau hugsa i den franske ålmenta, det er framfor alt dei mange samanstøytane som dei hadde med kommunistar – samanstøytar som til slutt enda med at både Ordre Nouveau og den kommunistiske ligaen vart forbodne av styresmaktene. Det som derimot gjer det forvitnelegt å draga Ordre Nouveau fram att for norske lesarar, det er samfundsanalysen som Ordre Nouveau den gongen gjorde seg. Han gjeld kanskje endå meir idag, for tildrivi som Ordre Nouveau fann åt for 40 år sidan hev i våre dagar slege ut i full bløming, vilde nok mange ha sagt.

Gamal plakat frå Ordre Nouveau: ”Framåt! Frankrike, vakna! Andsynes riksstyret, andsynes marxismen - Til kamp, felagar! For ein ny samfundsskipnad!”

Gamal plakat frå Ordre Nouveau: ”Framåt! Frankrike, vakna! Andsynes riksstyret, andsynes marxismen – Til kamp, felagar! For ein ny samfundsskipnad!”

Ideane og programmet åt Ordre Nouveau  tok dei sjølve fyre seg i tvo bøker som kom ut i 1972 og 1973. I 2009 kom bøkene samla i ei nyutgåva med fyreord av Alain Renault, ein av dei leidande i rørsla den gongen.

Det rotlause forbrukarsamfundet
Ordre Nouveau slær fast at det liberale samfundet er i krisa, og at dei langt frå  er dei fyrste til å slå det fast. Det sedbundne samfundet, tufta på eit folkehopehav, det finst ikkje meir. Liberalismen og kapitalismen hev rive folk upp frå det råmeverket dei tidlegare naturlegt høyrde heime.

I det moderne samfundet gjeng livet gjeng ut på å tilverka og forbruka. Materielt hev dei fleste det greidt nok, men velstanden er einast ei fylgja av at det kapitalistiske systemet treng vedvarande gjenomstrøyming med varor og tenestor. Millommenneskeleg stend folk derimot meir åleine enn nokon gong: Folk kjenner ikkje grannane som bur i same bustadblokki, og arbeidsfelagane ser ein lite til utanum arbeidstidi. Medan ein i det sedbundne samfundet trong hjelp frå huslyd og grannar, so kann ein i forbrukarsamfundet kjøpa seg dei tenestone ein treng. Um ein fell utanfor dette systemet, til dømes um ein ryk ut or arbeidslivet, so er ein derimot ikkje til nytte for nokon lenger. Den individuelle likskapen hev fostra sosial ulikskap og utanforskap.

I eit tradisjonelt samfund, tufta på rangskipnad, der hadde alle sin faste plass. Sume hadde større handlerom enn andre, men tanken attum var at ein stod på okslene til kvarandre – og at jamvel dei som stod lengst nede på rangstigen hadde kjensla av å vera med på noko som var større enn dei sjølve.

I det liberale samfundet er mennesket  derimot minka ned til det som gjer det likt alle andre, til personnummer og tal i statistikken. Den individuelle fridomen avgrensar seg sjølv når alle andre skal ha same fridomen. Fridom til å verkelegt skapa noko nytt, gjera verk som varar, styra samfundet i ei ny stemneleid, den fridomen er alle frårana, meiner Ordre Nouveau. Røynleg fridom er skift ut med falsk fridom til å gå same vegen gjenom eit straumlineforma system med utdaning og karriere. Til slutt vert me likevel mælte etter kor langt kvar og ein av oss kjem på denne eine vegen.

Avpolitisering og teknokrati
Ein treng ikkje å vera imot teknologi eller tekniske framsteg, men teknologien skal tena samfundet – ikkje umvendt. I det gamle indoeuropeiske samfundet var jordbrukskasten underlagd preste- og krigarkasten, og denne trifunksjonaliteten er grunnleggjande i den indoeuropeiske fyrestellingsverdi. Denne yverbygnaden er i våre dagar vorten plukka ned. Tilverking og forbruk er vortne mål i seg sjølve. Økonomisk vokster og BNP er fremste målet på um folk i eit land hev det godt.

Det parlamentariske systemet er  spel for galleriet, meiner Ordre Nouveau. Partipolitikk og valkamp er like velsmurt som økonomi og reklame er det. Dei viser til at mai 1968 berre var endå eit døme på det. Etter nokre vikor med streikar og uppreist kom De Gaulle sterkare attende enn nokon gong!

Kor som er: Det som folk flest er i stand til å stella med, det er dei nære sakene i eigen kvardag og eige nærmiljø. Desse bør ein leggja til rettes for at folk kann greida upp i sjølve – direkte demokrati. Men dei store samfundsspursmåli lyt løysast på andre måtar, og av andre enn teknokratar og partipolitikarar.

Samfundsuppløysande stemneleider
Eit system som einast er tufta på materialisme, og ikkje på sams grunnleggjande verdiar, det hev i røyndi ikkje noko å tilby folk.  Helder ikkje innvandrarar ynskjer å verta innlema i eit slikt samfund. Dei som ynskjer seg noko meir i livet enn berre materielt forbruk, dei bryt difor ut og danar subkulturar.  Slik fører likskapstanken paradoksalt nok til at samfundet kløyver seg upp i stammor. Bandi vert brotne, både millom ættledene og millom gruppor i samfundet.

Ordre Nouveau ser det berre som eit sundt svar at ungdomen gjer upprør, men meiner løysingi deira er rang. Dei fleste subkulturane vert dimeir yvertekne av næringsinteressor. Løysingi er ikkje å flykta, løysingi er å arbeida saman for eit røynlegt alternativ.  Jamvel um Ordre Nouveau ikkje var redde for å kjempa mot vinstreaktivistar på gata, var det styresmaktene dei gav det politiske og ideologiske andsvaret for vanstoda.

Politiske og kulturelle framvegar
Ordre Nouveau slo fast at det røynlege landet som Charles Maurras hadde tala um, det fanst ikkje lenger. Det liberale demokratiet hadde ete seg inn i alt: Fagforeiningar, kyrkjor, samyrkelag, bankar. Det rådande systemet legg til rettes for eit straumlineforma menneske som um dagen stend ved samlebandet og um kvelden sit framfor fjernsynet (i våre dagar framfor datamaskinen, og det både morgon og kveld). Folk vert innprenta av massemedia kva dei skal meina og av reklamen kva dei skal kjøpa. Dei vert minka ned til individ, med di dei er frårøva sin eigen personlegdom.

Det er soleides alt å byggja upp att, og Ordre Nouveau var medvitne um den kulturelle kampen. Samstundes åtvara dei mot dei som trudde at ein einast kunde vera uppteken av kultur eller at ein skulde kunna driva fram ei sak utan ei rørsla i ryggen. Dette var etter deira syn ”ei fårleg synkverving”:

For det fyrste trengst det ovstore ressursar for å endra samfundet. Den nyliberale samfundsumdaningi hadde vorte drivi fram av eit stort apparat, det til den kapitalistiske borgarskapen. Ein må gjerne sjå på alt løyndespelet som framigjenom hev gjenge fyre seg attum sceneteppet, men der sveiv det seg til sjuande og sist einast um å utkrystallisera idear som elles vart kjempa fram heilt ope.

For det andre hev ei radikal, tjodlynd rørsla eit heilt anna arbeid fyre seg enn dei vinstreradikale. Vinstreradikale hev ingen vandemål med å spela vidare på idear som alt er godtekne i eit liberalt samfund. Dei kann berre segja at dei vil ha ”meir demokrati”, ”forsvara menneskerettar”, ”kjempa mot rasisme”, og so burtetter. Ei rørsla som derimot vil utmana desse fyrestellingane, dei hev eit mykje vandslegare arbeid fyre seg. Gjeng dei for hardt ut, vert dei tekne for å vera ytterleggåande, og det er ingen som vil høyra på  dei. Kor som er, um dei er utydelege på kva dei stend for, vert dei berre tekne for å vera noko anna enn det dei er. Då er det  andre som kjem til å hausta fruktene av arbeidet deira…

Identitære idear
Ordre Nouveau lyfte fram mange idear som ein i våre dagar kunde ha kalla for identitære:

1. Den europeiske tanken. Ordre Nouveau trudde ikkje at dei europeiske statane åleine kunde hevda seg andsynes stormaktene USA, Kina og Sovjetunionen. Saman kunde derimot dei europeiske landi samordna seg, millom anna med herstell og økonomisk samarbeid.

2. Innvandringskritikk. Det var berre eitt av mange spursmål som Ordre Nouveau sette på dagsetelen, men analysen deira var klår nok: Den ikkje-vestlege innvandringi vart drivi fram av pengeumsyn. Med innvandring fær ein både billeg og lydig arbeidskraft. I staden for å betra arbeidsvilkåri i dei mest krevjande yrki, hentar dei ein ny underklasse. Innvandringi er krondømet på at interessone åt folket og dei til styresmaktene er i motstrid.

Dei som les boki ”Ordre Nouveau” fær røyna at mange idear og tankar som i våre dagar vert sette fram som nye, dei er det slett ikkje. Ordre Nouveau var langt fyre si tid med mykje av samfundskritikken sin. Kanskje ikkje so rart at dei vart forbodne?

O. Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!