Sandsteinsfjelli ved Elben

Sudaust for Dresden i Sachsen (Tyskland) finn du ein by som er skildra som ”Døri til Saksiske Sveits”. Byen heiter Pirna og er hovudstad i ein region som høyrer til dei vænaste i Tyskland: Saksiske Sveits.

Dersom du kjem på vitjing, so er det tilrådelegt å verta verande èin eller tvo dagar i Pirna for å sjå på gamlebyen og Maria-kyrkja. Pirna vart fyrst grunnlagd på 1300-talet, og i gamlebyen kann du uppdaga ei rad gamle hus som gjeng attende til 1500-talet. Ymse slags herberge tilbyd rom for yvernatting og tilbod for fritidsaktivitetar. Men um du vil sjå fjell og skog, då lyt du lata byen Pirna etter deg og fara langs B172’en vidare mot byane Königstein og Bad Schandau. På vegen til Königstein ser du etter sju kilometer ei gigantisk festning. No ligg Königstein framfor deg. Eg vil rå deg til å vitja festningi, for då fær du ei fantastisk utsikt yver heile Saksiske Sveits.

Bastei-brui ved Ferdinandstein, Saksiske Sveits.

Bastei-brui ved Ferdinandstein, Saksiske Sveits.

Vidare nedetter kjem du gjenom byen Königstein. Her fær du høve til å drikka ein kopp kaffi eller eta litt, og du hev tid til å tenkja litt på kvar hen ferdi skal ganga vidare. Um du fylgjer B172’en til Bad Schandau, kann du fara vidare til bakre Saksiske Sveits. Eller du kann taka S171 (Basteistrasse) og utforska landsbyar som Rosenthal eller Pfaffendorf. Der hev du flust med høve til å ganga på tur eller drivi med kliving.

Me fylgjer B172’en til Bad Schandau, kryssar elvi “Elbe” og kjem til Bad Schandau. Bad Schandau eignar seg til å taka seg til til å gjera innkaup og eta litt – eller roa seg ned i Toskanatherme, eit bad med sauna, massasje og saltvassbasseng.

Um du fer vidare på B172’en frå Bad Schandau, kjem du etter 20 kilometer til den tsjekkiske repubikken og vidare til Böhmiske Sveits, som til liks med Saksiske Sveits høyrer til sandsteinsfjelli ved Elben (Elbsandsteinsgebirge). Eg vil tilrå at ein svingar ut til vinstre frå B172 og fer til Kirnitzschtal. Kirnitzschtal er ein dal som er 45 km lang og perfekt til å ganga på tur. Um du er eitt eller åtti år, so finn du alltid ei ruta her som høver for deg. Det er dessutan ei rad med herbyrge her som tilbyd rom, mat og ymse slags fritidsaktivitetar. Tak deg tid til å sjå på naturen, for Kirnitzschtal er etter mitt syn noko av det mest storslegne som ein kann sjå på i Saksiske Sveits. Og eg er yvertydd um at du tenkjer det same når du seinare gjev deg på heimveg attende til Noreg.

Den turen som eg hev skildra er berre èin av mange moglege i Saksiske Sveits, måvita. Men for deg som er ny og ukjend med Saksiske Sveits, hev du i alle fall fenge èi reiseruta som du ikkje kjem til å trega på at du gav deg ut på.

H. Gehler

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!