Den røynlege Ebola-skandalen

I rikspressa høyrer me at dei afrikanske landi ikkje maktar å stogga Ebola-smitte av di dei hev for fåe lækjarar. Det stemmer ikkje! Afrika skulde ha nøgdi med lækjarar, problemet er berre at dei er reiste til Europa eller til Amerika. Dei som er vortne utdana i Afrika hev reist til meir attraktive stader og dei som hev teke utdaning i Europa er vortne verande der…

Sanningi er at Afrika eksporterar helsepersonellet sitt – og det endå Afrika i snitt hev 15 lækjarar per 100.000 menneske, mot 380 i Frankrike.

I 2008 kunde Center for Global Development upplysa um at det var heile 135.000 afrikanske helsearbeidarar (lækjarar, sjukestellarar og andre) som arbeidde utanfor Afrika. Av desse var 28.000 upphavlegt frå det sub-sahariske Afrika. Um det ikkje finst lækjarar i Liberia, i Sierra Leone, i Guinea og i Mali, so er det av di desse desertørane hev fare frå landet sitt og teke arbeid i landi i Nord.

LIBERIA-WAFRICA-HEALTH-EBOLA

Fylgjone av denne skandalen kom tydelegt til synes den 26. november, når EU-kommisjonen tok til ords for å mobilisera 5000 (!!!) europeiske lækjarar som skulde stogga Ebola. Naudhjelpskommisær M. Andriukaitis kunde soleides fortelja at han hadde teke kontakt med ministrane i 14 medlemsstatar og uppmoda dei på det sterkaste um å senda meir helsepersonell til dei Ebola-råka landi.

I staden for å mana europeiske lækjarar til å reisa, so kunde herr Andriukaitis kann henda ha tenkt litt på dei tusundtals afrikanske lækjarane som er i arbeid innanfor den europeiske unionen? Kvifor kunde han ikkje ha uppmoda desse til å melda seg friviljugt til hjelp for dei ulukkelege afrikanske brørne sine?

Dømet med Ebola er ikkje det einaste. På Madagascar stend styresmaktene makteslause andsynes ein pestepidemi som rasar nett no. Dei hev nyss bede um hjelp frå den europeiske unionen, og det samstundes med at eit hopetal av deira eigne lækjarar arbeider innanfor EU. I Frankrike åleine er det 770 av dei. Hadde dei ikkje gjort meir nytte i deira eige land? For å fylla plassen til dei afrikanske lækjarane som er reiste, so lyt den europeiske unionen altso koma med uppmodingar til europeiske lækjarar. Som alltid.

Her kunde det elles vore lagt til at det å importera lækjarar frå utlandet er lite eigna til å fylla det store lækjargapet som ein finn på landsbygdi i Frankrike. For flestalle vel å installera seg i byane, der det er nøgdi med lækjarar frå fyrr av. Dei importerte lækjarane hamnar soleides der det er minst bruk for dei, både i eit globalt og eit europeisk perspektiv.

Heile lækjarspursmålet er sers avslørande for “den store umdaningi” som gjeng fyre seg på alle nivå i samfundet og som sume hev kalla for ei “synkverving”. Den senegalesiske presidenten, Abdoulaye Wade, kalla det i 2008 for ei “plyndring av elitepersonell frå land i utvikling”. Han lagde til at “det er ikkje rettvist å vilja taka dei beste av sønene våre”.

Lat oss segja det klårt og tydelegt: Dette er ein ny måte å “mjølka” afrikanarane på, der ein nyttar seg av dei mest verdfulle afrikanarane, dei som hev fenge seg ei skikkeleg utdaning. Dette hender med den sedvanlege velsigningi frå “dei gode menneski” – og med draghjelp frå globalkapitalismens spekulantar som der og då ser seg best tente med ei sovori tilskeiving. Dei fyrstnemnde hev lagt seg inn under ein skuldkultur som hindrar dei i å sjå at dei faktisk let Afrika blø i hel når alle dei beste folki fær sleppi inn til oss. Dei sistnemnde hev derimot ingen medynk med dei som lider naud og verkelegt treng hjelp. Dei uppmodar tvert imot dei beste til å koma – i namnet åt den frie flyten av varor, kapital og arbeidskraft.

Madame Taubira og «Conseil représentatif des associations noires» (Rådet åt dei svarte samskipnadene) hev inkje å melda i denne saki. Kvifor ikkje?

Prof. Bernard Lugan