Kvifor vart ikkje gjerningsmennene fanga upp?

34 år gamle Chérif Kouachi er den hovudmistenkte for åtaket mot Charlie Hebdo – saman med bror sin, 32 år gamle Saïd Kouachi. Dei tvo skal ha fenge hjelp frå 18 år gamle Hamyd Mourad som i går kveld yvergav seg til politiet.

Um ein ser nærare på bakgrunnen åt dei nemnde personane, so er det tydelegt at dei skulde ha vore fanga upp og stogga mykje tidlegare.

Vart rekrutterte til islamist-nettverk i Paris

Chérif Kouachi og bror hans er ikkje ukjende namn i ålmenta. Fyrstnemnde vart i 2008 dømd til 36 månaders fengsel, av desse var 18 månader fengsel utan vilkår. Brotsverket hans den gongen var å ha vore med på å rekruttera og senda islamistiske framandkrigarar til Irak.

Dei tvo brørne hadde sokna til ein moskè i Stalingrad-gata, i det nittande arondissementet i Paris – som er eitt av dei mest mangkulturelle. Dei hadde vorte med i kringværet til den kjende islamisten Farid Benyettou – som sjølv hadde site ikkje mindre enn seks år i fengsel. Farid Benyettou er ikkje berre kjend for å ha uppmoda til dråp. Han hev samstundes vore ei av dei sentrale drivkreftene attum dei offentlege fredagsbønene på gatone i Paris på 2000-talet.

Farid Benyettou skipa til gatebøner i Paris i tidi då Sarkozy var innanriksminister.

Farid Benyettou skipa til gatebøner i Paris i tidi då Sarkozy var innanriksminister.

Skulde kjempa i Irak

Når nettverket til Benyettou vart rulla upp av styresmaktene, so hadde Chérif Kouachi alt kjøpt flybilletten sin til Syria. Her var det meiningi at han skulde møta terroristgruppor som skulde kjempa i Irak.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=sGmpxsIm2P4]

TV-kanalen France 3 hadde ein reportasje um Chérif Kouachi, den gongen han sat i fengsel. Advokaten hans, Vincent Ollivier, fortel oss her ei historie som me i dag kann slå fast er rein lygn:

«Klienten min er vorten manipulert. Di meir datoen for avreisa nærma seg, di meir vart han redd. Han visste ikkje korleis han skulde koma seg ut or stoda. Han røykjer og drikk. Det han framfor alt er forviten etter, det er fotball. Han er ei ideell målskiva for dei islamistiske predikantane.»

Framsteld som angrande syndar i liberalmedia

Ein advokat gjer trass alt det han kann for å verja klienten sin. Men kva med France 3, skulde ikkje dei ha vore litt meir kritiske? Her er det snarare tvert imot. I ein annan video som France 3 kom med i 2005 so hev journalisten Patricia Tourancheau dette å segja um den «sarte og stakkarslege Kouachi»:

« Herr Ollivier hev sett skåpet på plass når det gjeld Bouchak og Kouachi. Styresmaktene freistar å knyta dei tvo til Bin Laden og Zarqawi. Men det er tvo ungdomar på 22 år som hev teke flybilletten sin til Syria, og der er returreisa teki med. Elles so kann ikkje Chérif Kouachi slutta å takka rettsstellet for at dei fekk sett honom i fengsel. Etter det er han vorten kvitt ein stor klump i magen. […] Det var nære på at han kunde ha vorte kanonføde i den heilage krigen som han vart dregen imot. Men det 22 år gamle pizzabodet hev ikkje lyst å døy 22 år gamal.»

Slik konkluderte den vinstreorienterte journalisten, som med det hjelpte til med å byggja upp under framstellingi av Kouachi som ein angrande syndar.

Slapp ut or fengsel og fekk ny terrortrening i Midtausten

I staden for å verta kanonføde i Irak, so hamna han altso i fengsel. Men «klumpen i magen» var visst ikkje burte likevel: Når han endelegt var ute or fengselet so tok han vegen til Syria der den «arabiske våren» hadde slege ut i full bløming. Her slutta han rekkjone saman med trudomsbrørne sine i Al-Nusra-fronten som kjempar mot Assad-regimet. Det er hjå desse vestleg-studde «fridomskjemparane» i Syria at han fekk kamptrening og høve til å fyrebu den terrorudåden som han i går vart so kjend for (NB! Då innlegget vart skrive gjekk dei fyrste meldingane ut på at han hadde vore i Syria, no er det andre meldingar som tyder på at han hev vore i Yemen).

I det høvet skal me ikkje gløyma at dei franske styresmaktene hev vore millom pådrivarane for å hjelpa fram ei rad islamistiske upprørsgruppor i Syria. Medan dei lovlege styresmaktene i Syria hev bede um tingingar for å gjera slutt på konflikten, so hev Frankrike vore millom dei landi som hev meint at upprørane fyrst må gjera større «framgangar på bakken». Jamvel i møte med dei vitlause barbariet åt IS/ISIL so hev styresmaktene i Frankrike halde fram lina med å stydja upp um «seriøse» og «kompetente» rebellar. I går såg me kvar hen den nemnde «kompetansen» til sjuande og sist kom til nytte…

Dei andsvarlege

Det siste døgeret hev det vorte poengtert i det endelause at det store fleirtalet av muslimar er vanlege, fredelege menneske som berre vil vera i fred. Som arbeider, som svarar skatt, som hentar ungane sine i barnehagen. Altso muslimar som praktiserar ein islam me ikkje ser og høyrer so mykje til.

Det kann nok vera rett at det store fleirtalet av muslimar høyrer til desse. Det tel berre ikkje. For dei muslimane som tel – i denne samanhengen – det er dei muslimane som tvingar oss til å byrja diskutera islam. Det er ikkje dei muslimane som praktiserar islam på ein slik måte at me ikkje trong å bry oss.

Kven er so dei andsvarlege? Det burde vera klårt nok at det ikkje er nokre fåe som er andsvarlege, det er snarare mange ein kann peika på:

  • Media som i si tid orsaka og stakkarsleggjorde gjerningsmennene
  • Rettsstellet som ikkje vilde gje dei ei streng og avskrekkande nok straff i fyrste umgang
  • Njosnarstellet som ikkje fylgde med på kva desse karane dreiv med etter at dei slapp ut or fengselet
  • Politikarane som i førti år hev ført ein innvandringspolitikk som for lenge sidan er komen heilt ut or kontroll. I Frankrike finst det i dag med enn 700 no-go-soner der politiet og brannstellet ikkje lenger vågar å taka seg inn utan forsterkingar.

Det hev i døgeret som gjekk vore nøgdi med politikarar og bladfykar som hev gjenge ut og fordømt terroren i dei sterkaste og svulstigaste ordelagi. Men det er ikkje store ord desse skulde trenga no, det er sjølvransaking og ettertanke.