Unheilig – Industriell popmusikk

Grosse Freiheit”, 2010.

“Neue deutsche härte”, er det noko som segjer deg noko? Kanskje ikkje. Nemner eg derimot namnet Rammstein, so er det nok fleire som kann nikka attkjennande: Den industrielle metalmusikkgruppa som på 90-talet fekk eit millomfolkeleg gjenombrot etter å ha vore med på ljodsporet åt filmen “Lost Highway”av David Lynch – og som i Noreg jamvel hev fenge sin eigen nynorskspråklege avleggjar med musikkgruppa Rammsund.

Gruppone som høyrer til denne nye og «harde» genren vert likevel kannhenda litt i hardaste laget for sume, og det er her Unheilig kjem inn i bilætet: Songaren er ikkje lenger so grov i målet, korkje når det kjem til røysti eller bodskapen, farten er roa nokre hakk ned – og til tider er det jamvel lagt inn tonefylgje med kjensledryppande pianospel. Det er uppskrifti som det siste året hev ført Unheilig øvst upp på listone i Tyskland.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=Cl-mvbxAf-k]

Dei fleste hev soleides vorte kjende med andlitet åt Der Graf – mannen som stend attum gruppa. Namnet hans hev derimot vorte verande ukjend for ålmenta, for i dagleglivet vil han helst verta verande ein vanleg privatperson.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=1YOovPkiMrk]

Ein kann på mange måtar segja at Unheilig hev gjort det same for “Neue deutsche Härte” som H.I.M og Nightwish i si tid gjorde for gotisk og tonerik metall.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=FgBBkEwGkxU]

Enno er det uvisst kva for ei låt som kann føra til eit gjenombrot for bandet i Noreg med, men i millomtidi kann du til dømes taka turen på Youtube og sjekka ut videoar som “Geboren um zu leben» eller «Für immer».

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!