Wam og Vennerød – Mykje å le åt og nok å tenkja på

Duoen Wam og Vennerød var eit friskt pust i norsk film på 1970- og 1980-talet. Visst var dei vinstreradikale, men det dei stod for var noko anna enn den elles so trauste og keidsame sosialrealismen som rådde grunnen i norsk film.

Filmane åt Wam og Vennerød vert ofte dregne fram som låttelege døme på kunstige og yverdramatiserte dialogar. Bård Tufte og Harald Eia hev til dømes udødeleggjort replikken “snurp igjen smella di, du maser som et lokomotiv”. Kor som er, desse filmane er so mykje meir enn berre dette.

Scena frå "Lasse og Geir" (1976).

Scena frå «Lasse og Geir» (1976).

Gjenomgangstemaet i mange av filmane er at det norske samfundet er gjenomgåande konformt – og at jamvel dei som freistar å endra på dette vert fanga inn av den same konformismen. I filmen «Lasse og Geir» freistar dei tvo hovudpersonane å røska upp i den triste og grå kvardagen, men det einaste som ventar dei er fengsel og undergang. Mange scenor frå «Lasse og Geir» er vortne referansepunkt i norsk kulturliv. Scena på bussen var i si tid meint å vera sjokkerande og provoserande, men er i våre dagar berre til å le åt.

Filmen «Det tause flertall» er til tider dørgande keidsam å sjå på, men so er nett noko av poenget å visa kor trist og grå kvardagen for dei fleste er vorten. Hovudpersonen i filmen freistar finna seg ei dama av di han trur at det skal gjera livet hans betre, men dama han møter vil helder liva eit singelliv som åleinemor enn å verta fanga inn i kvardagslivet med ein mann. -Men hev du ikkje då alt gjeve upp, spyrr mannen i sluttscena. Han fær ikkje noko vitugt svar…

Knuste draumar og ukuelege viljar

Trilogien «Sangen om den knuste drøm» er eit knusande uppgjer med den autoritære sosialismen og ml-rørsla:

I den fyrste filmen i trilogien, «Åpen framtid», møter ein tri ungdomar som alle er upprørske og nyfikne på livet. Men snart ser ein at livet deira gjeng ulike vegar. Den eine vert marxist-leninist, den andre vert uppteki med å få seg arbeid og eit vanlegt A4-liv – og berre den siste av dei freistar gå vidare med eit slags bohemliknande kunstnarliv.

Filmen «Drømmeslottet» er filmen som nokre tiår seinare skulde kveikja Lukas Moodysson til å regissera filmen «Tilsammans». Men «Drømmeslottet» er ein mykje myrkare film enn det den sistnemnde er. Kring det store kjøkenbordet i villaen herskar det tilsynelatande ein kollektiv idyll, men inne på soveromi aukar berre flokane på – og det vert stødt verre for nokon kvar å halda fasaden. Inne i filmen fær ein stødt sjå scenor med punkarar som tek seg fram inne i den nedsarva villaen, og ein skynar at det er scenor frå framtidi.

Til liks med Moodyssons “Tilsammans” so syner ogso “Drømmeslottet” oss erkedømet på ein sjølvutslettande mannsperson som aldri er i stand til å segja frå. Men i motsetnad til “Tilsammans” so endar det ikkje med at han kastar nokon ut, i staden so skyt han seg sjølv framfor TV’en. Alle dei hine undrast på korleis denne sjølvutslettande og tiltakslause mannen til sjuande og sist var i stand til å gjera noko slikt. Kor som er, realiteten som ingen fær vita um er at han aldri gjekk til dette steget – han hadde berre leika seg med ein pistol som han trudde ikkje var ladd, og det med eit fatalt resultat.

I den siste filmen, «Adjø solidaritet», kann ein tenkja seg at ein ser att tvo av hovudpersonane i «Åpen framtid». Den beinharde marxist-leninisten er vorten psykiater, men hev nok med å berga sitt eige familieliv: Ekskona er fullstendig sprø og sonen er vorten rusmisbrukar. Sume av pasientane hans er gamle kommunistar som det hev rabla for fullstendig.

Dei tvo møtest sumtid for å drikka øl og fantasera um ei mogleg reisa til Kina, men røyndomen er at dei hev funne seg vel til rettes i eit samfund dei ein gong freista kjempa imot.

Han som er meir av ein kunstnartype drøymer stødt um sex. Det verkar som desse draumane er lagde inn for å syna at han til sjuande og sist er den som hev noko av livskrafti att. Psykiateren tek sitt eige liv medan kunstnartypen på slutten av filmen legg ut på ei togferd til Kina.

I «Adjø Solidaritet» fær ein dessutan sjå nokre scenor frå eit gatemøte med ei høgreradikal gruppa, og desse samlar mange ungdomar – ogso desse punkarar. Det vert tydelegt at sosialismen hev spela fallitt og at det er heilt andre tankar og idear som hev appell hjå ungdomen i dag.

Med lyst til å leika

Det er ikkje berre triste og tunge filmar som dei tvo hev laga. Filmen «Julia, Julia» er mest for ein slags Pippi-film for vaksne å rekna. Ei eventyrlysten svensk dama lokkar ein gift mann i ein trygg jobb med seg ut i ei rad forviklingar som til slutt fører deim båe ut på flukt frå politiet og på veg inn i ei uviss framtid. Julia dreg folk med seg inn i saker og ting som kann verta fårlege, samstundes er det moro og ho er full av livsgleda.

Stutt sagt, um du vil sjå filmar som både gjev deg mykje å læ åt og nok å tenkja på, so er Wam og Vennerød noko for deg. Flestalle filmane er vortne fritt tilgjengelege på Youtube.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!