Alcest: Varm, fransk melankoli

Den franske musikkgruppa Alcest er noko for seg sjølv. Alcest stend for ein alternativ rock som hentar påverknad frå både popmusikk, kjensletyngd hardrock og post-punk. Mannen attum  gruppa,  manginstrumentalisten Stephane Paut, hev elles bakgrunn frå andre kjende musikalske prosjekt som Peste Noir og Amesoeurs. Ved årsskiftet var gruppa ute med sitt tridje studioalbum, “Les Voyages de l’Ame” (Sjelereisor).

Plateumslaget på "Les voyages de l'ame".

Plateumslaget på «Les voyages de l’ame».

Det fyrste sporet, “Autre temps” (Ei onnor tid), opnar  plata rolegt og melankolsk, med ein song som tek fyre seg naturens og livsens gang. Teksti spelar på at kvar ættled er som bladi på eit tre: Dei losnar og flyg leikande i vinden, fyre dei fell til jordi og vert burte. Ein dag kjem det nye blad på treet, men jordi vert verande den same, og i morgon er du eg og burte (dette fyrste sporet på plata finst som musikkvideo på Youtube med).

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=85c-P9hbmBg]

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=AgYkrDQYeZg]

Og slik held det fram i spori som kjem etter: Endå um dei nedtrykte, kjensletunge innslagi er der, er musikken framfor alt sermerkt av noko mildt og fredfullt, det er noko varmt yver det heile. Likeins med gitarspelet, som lyder meir som ein fyldig vegg av ljod enn som individuelle riff. Slik sett er det ei plata som er greid å lyda til på dagar der ein gjerne vil reflektera og sanna for seg sjølv at saker og ting gjekk slik som dei gjekk, men utan å verta altfor sentimental.

Ornella Winter

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!