Attentatet i Isère: Endå ein «heimedyrka» terrorist

Det hev vore ein dag med blodige terroråtak yver heile verdi: Mot ei turiststrand i Tunisia, mot ein shia-moske i Kuwait og mot ein fabrikk i Frankrike. I Somalia hev dessutan ei bilbombe drepe 30 menneske. Det er islamistar med tilknyting til den Islamske Staten som skal ha teke på seg andsvaret for åtaki i Tunisia og i Kuwait. Når det kjem til terroråtaket i Frankrike, so er det likt til at det sviv seg um endå eit tilfelle av «heimedyrka» terrorisme.

Medan dei store terroraksjonane i Madrid og London på tidlegt 2000-tal var organiserte av store, internasjonale terrornettverk, so er dei seinare terroraksjonane i Paris og Kjøpenhamn av eit anna slag: Det sviv seg um muslimsk ungdom som hev vokse upp i Europa, dei er vortne radikaliserte og dei finn på eigi hand ut at dei vil «gjera noko». Mohamed Merah, Koubachi-brørne og no i dag Yassin Salhi gjeng alle inn i dette mynsteret. Sistnemnde hev altso sett fyr på arbeidsplassen sin og halshogge sjefen sin – og det i islams namn…

Yassin Salhi, den utpeika gjerningsmannen for det dagferske terroråtaket mot ein fabrikk i Isère i Frankrike hev endå ein ting sams med attentatmennene i Paris (sjå vår artikkel frå januar 2015): Han hadde tidlegare vore i Politiet sitt søkjeljos, og det av di han hadde tilknyting til eit fårlegt islamistisk miljø. Alt i 2006 hadde han vorte yvervaka av politiet si tryggingstenesta, men yvervakingi hadde teke slutt i 2008.

Politiet aksjonerar og pågrip kona til den mistenkte terroristen.

Politiet aksjonerar og pågrip kona til den mistenkte terroristen.

Ein kann spyrja seg korleis noko slikt kann skje endå ein gong. Hev ikkje njosnartenestone kontroll, greider dei ikkje å fylgja dei fårlege personane?

Realiteten er at fransk politi arbeider hardt med saki, og det er hundradtals personar som vert yvervaka døgeret rundt. Men ein hev ikkje ressursar til å fylgja og yvervaka alle – til det er salafistane rett og slett vortne for mange. Det finst titusundtals personar som på det eine eller andre tidspunktet hev vore innum desse miljøi. Kor mange av desse skal ein passa på, og kor lenge?

Det er ikkje lenger tala um småe gruppor og miljø som må smugla inn terroristar frå utlandet – det er snarare tala um ein heil subkultur der dei islamistiske og salafistiske sympatiane er klåre og tydelege. Ein kann til dømes gå inn på Youtube og skriva inn søkjeordet «mohamed merap rap», so kjem det fram hopetals med franskspråklege hiphop-videoar som lovprisar mannen som myrda jødiske born frå scooteren sin…

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=oEGW9vZCXuA]
«Du er burte, men me gløymer deg ikkje…» Slik lyder umkvedet i ein av mange islamistiske rap-videoar der massemordaren Mohamed Merah fær lovord.

Styresmaktene kjem nok endå ein gong til å svara med krav um meir yvervaking, fleire fullmakter til politiet og endå fleire lover og reglar mot ekstremisme og «hatytringar». Slik held dei fram med å kjempa imot symptomi framfor å ta tak i årsakene. Og slik gjer dei kampen mot terrorisme til ein kamp som dei ikkje kjem til å vinna.