Ein maktdemonstrasjon

Bjarte Runderheim frå Gol hev sendt oss ei melding som gledde oss mykje og som me fekk lov til å leggja ut på nettet i sin heilskap.

Gode Bladstyrar,

Eg har nett site på do og lese så auga er blitt stort og vått (Dei beste leseøktene gjer eg på do, no for tida – ingen refleksjon på lesestoffet).

Dette dobbeltnummeret av Målmannen vil eg gjerne få kalla ein maktdemonstrasjon av Bladstyraren.

Fyrst kjem ”Den høgnorske livbåten”, som eg enno ikkje er heilt sikker på om eg har svalt, men som likevel gjev god meining for oss som trur på, at alt godt, som språket vårt, krev arbeid og omtanke, skal det leva. (Eg har lenge vore arg på ”leikeskulen” på dialekt.) Tankevekkjande og rett oppfatta, tykkjer eg.

mm

Så kjem artikkelen om mentale modellar. Her var det ting som var heilt nye for meg, men som trefte meg på den måten, at mange lause tankar som eg har gjort meg om språk og pedagogiske tilnærmingar kom i orden, og fall på plass. Eg har lenge vore fascinert av Chomsky, men eg har aldri heilt sett kor han har føtene sine. No ser eg at han til sjuande og sist kanskje har vore fotlaus all sin dag. No ser eg óg at skulen har tapt svært mykje på å erstatta gjenstandar og demonstrasjonar i undervisninga, med preik og digitale symbol, i pengesparsemd og IT-svimling. (Eg ser ikkje sjølv den siste lina som sjølvmotseiande). Dette må eg sjå nøyare på.

Artikkelen om dialektromantikk og nynorsk realisme ser eg óg som eit blinkskot. Eg har lenge prøvd å læra elevane mine, at det er skilnad mellom skriftmål og talemål, og at me har berre to variantar av skriftleg norsk – bokmål og nynorsk. I desse har dialektane ingen plass, dersom vi ynskjer å bevara norsk som eit nasjonalt språk, slik både Aasen og Knudsen kjempa for. Dialektinnblanding verkar fragmenterande og polariserande, og set att omgrepet ”rettskriving” som meinigslaust. Slikt skadar ikkje berre ordbruken, men sjølve tankemodellane som ligg i botn.

Eg er nok ikkje mogen for å svelgja alle argumenta i innvandringsordskiftet på s.14, men eg tykkjer argumentasjonen er heilskapleg og god, med viktige moment som visst bør høyra heime fremst i debatten.

Dette var så langt som eg kom i denne sesjonen (sic), men eg ser fram til neste besøk på lokaliteten. Eg såg fleire interessante overskrifter baketter i bladet.

Om Bladstyraren held fram slik, kjem mine bladpengar ikkje til å skorta.

Bjarte Rundereim