For ein nasjonal målpolitikk

På 1970- og 1980-talet rasa det ein hardsett strid i målrørsla millom dei som ein kunde kalla for «dei sosiale» og dei ein kunde kalla for «dei nasjonale». Båe sidone tala um «språkleg frigjering», men med vidt ulikt innhald: For dei sosiale sveiv det seg um at kvar og ein laut få skriva som ein snakka – dei var beint fram motstandarar av nynorsk normaltalemål som dei meinte var «undertrykkjande». For dei nasjonale sveiv det seg derimot um at eit norskt folk trong eit norskt mål – eit syn som ikkje stend so langt i frå det som høgnorskfolk nyttar til å grunngje målstrævet sitt med. Det «nasjonale målsynet» var likevel reint instrumentelt for dei fleste av dei: Målkampen skulde knytast til andre nasjonale kampar som EF-kampen og kampen mot sentralisering, medan målrøkt og måldyrking framleis gjekk for lut og kaldt vatn. Det norske målet var fyrst og fremst ein «reidskap» som skulde utnyttast politisk. Eit undantak frå dette huglaget var Paul Sandøy, leidar i Norsk Målungdom frå 1986 til 1987. I artikkelen «For ein nasjonal målpolitikk» – som er frå 1986 – so vert det tydelegt at han hadde målvisjonar som gjekk so mykje lengre enn som so: Det norske målet var ikkje eit mål som kunde veljast på slump, det var tvert imot eit mål som svara til det norske folket sine inste kjenslor, lengslar og draumar. Det å læra seg normalisert nynorsk, det å arbeida med språket sitt og tileigna seg det norske formverket og typeformene, det er å medvitsgjera seg sjølv um det underliggjande systemet og den mentale fyrestellingsverdi som ligg til grunn for dei norske målføri. Slik stend ein betre rusta i møtet med presset frå tala og skrive bokmål. Å berre «skriva som ein snakkar» er derimot det motsette av medvitsgjering.  Sandøy problematiserte dessutan målrørsla sitt liberaldemokratiske syn på samfundet: Kann eit einskildmenneske vera fritt dersom nasjonen ikkje er fri? Dersom me alle skal ha den same fridomen, er me ikkje då like ufrie? Skal me ikkje ha fridom til meir enn å gå og handla på supermarknaden? Kva med fridomen til å skapa noko, gjera verk som varer, både for oss sjølve og for komande ættleder? Det sosiale let seg ikkje skilja frå det nasjonale: Frie menneske finst det einast der det er eit fritt folk.

Sæbjørn Forberg frå Studentmållaget i Bergen gjeng hardt ut mot det nasjonale målsynet. I seinste nummer av Norsk Tidend åtvarar han mot båstenkjing og storkna retorikk. I næste umgang freistar han å tjora oss nasjonale fast i ein bås gjenom dårleg retorikk.

I dette innlegget let eg kronikken i Norsk Tidend liggja til so lenge. Sæbjørn Forberg stikk nasen sin fram fleire stader – og bra er det. So fær fleire sjå at freistnadene hans på å problematisera og nyansera ikkje gjeld det målsynet han sjølv målber som «det sosiale målsynet». Kvar vart det av motstandet mot båstjoring, Sæbjørn?

Frie menneske finst det einast der det er eit fritt folk.

Frie menneske finst det einast der det er eit fritt folk.

I eit helder langt skriftstykke i den nye studieringen um tufti åt NMU dalgar han laus på nasjonalmålsynet. So langt eg kann sjå, kann me samanfatta motfyrestellingane hans soleides:

  1. Det nasjonale målsynet stend «i fare for å tilsløre språkleg urett og ufridom ved einsidig å leggje vekt på arbeidet for eitt nasjonalt skriftmål». For – «er det meiningsfullt å tale om at ei gruppe er fri utan at den einskilde medlemen av gruppa er fri?» Nei, segjer Sæbjørn.
  2. Det nasjonale målsynet stend i ein slike fåre av di det vantar kritisk innhald til skilnad frå det sosiale målsynet. «Med kritisk innhald meinest verdiar og kjennsgjerningar som argumentativt byggjer opp under eit standpunkt.» Det nasjonale målsynet, hævdar Sæbjørn, styd seg på visse historiske kjensgjerningar, men inneheld ingen verdimålestokk. Nasjonale synsmåtar kann difor nyttast til å rettferdiggjera kva politikk som helst, hævdar han vidare.

Upp mot dette, byd Sæbjørn fram fylgjande verde: Fridom for den einskilde – altso full språkleg frigjering.

Dei språklege kjensgjerningane vert som fylgjer: Det heimlege målet er det fyrste me lærer, og det me kjenner oss tryggast i.

Ståstaden hans vert: ein målpolitikk lyt taka utgangspunkt i einskildindividet. Verdiane og kjensgjerningane hans Sæbjørn er det ingen som vil segja seg usamde i. Ikkje ein gong oss nasjonalmålsfolk. Difor luktar det litt ille av argumentasjonen hans Sæbjørn. Er ikkje dette ein dårleg fordekt freistnad på å tilleggja oss meiningar me ikkje hev?

Sjølvsagt er me for fridom for den einskilde. Men, kann henda i motsetnad til Sæbjørn, ser me at einskildmennesket ikkje eksisterar i kraft av seg sjølv, men i kraft av å liva i samfund med andre menneske. Dette formar måten me tenkjer på, handlar på – og det formar målet vårt, må vita. Ein politikk for meg og Sæbjørn, for at me skal kunna liva som frie menneske innanfor vår (sams?) forståingshorisont som er historisk, sosialt og geografisk skapt, lyt taka utgangspunkt i noko meir enn oss sjølve.

Lat oss ein stutt augneblink freista sjå på noko anna enn vår eigen navle!

I år er det 18 år sidan Sovjet okkupera Tsjekkoslovakia. Pressa vert sensurera, chartristar sit fengsla i fleng. I Afghanistan slæst mujaheddins med kuler og krut mot sovjetisk napalm og gass.

Yver heile verdi gjeng hundradårgamle tradisjonar og kulturar i gløymeboki dag for dag av di storkapitalen spyr ut salskultur i stor målestokk. For oss er det sjølvsagt at slike ting trugar einskildindividet. Men like sant er det at det bryt sundt det hopehavet me liver i og ikkje kann liva utan. Kann henda er dette siste det viktugaste. Fridomskjemparane som døydde på rettarstaden på Akershus ofra ikkje livet berre for seg sjølve. Dei ofra livet for eit fritt Noreg – og tenkte det med.

For det er viktugt å vera fri, ja. Men det er meiningslaust å vera fri dersom me ikkje fær vera frie innanfor ein kultur og tradisjon som er større enn meg og Sæbjørn. Difor lyt ein kamp mot eit verdssystem som trugar fridomen til den einskilde, verta ei samling um eit hopehav me kjenner oss att i og som, just av di han finnst, gjev innhald til umgripet fridom. Fridom på norsk er noko anna enn fridom på kinesisk! Ikkje sant Sæbjørn! Difor treng ikkje det nasjonale um å verta ei attervending til ålmennpolitiske verdiar.

Det vert ofta harsellera yver oss nasjonale av di me appellerar til nasjonale minne. Kva er det som er so gale med det? Når me gjer det, er det m.a. for å styrkja sjølvbyrgskapen og henta kraft i striden mot framandt yverklassevelde og bokmålsvelde. Ikkje berre einskildindividet, eit hopehav med treng ei soga å vera byrg av.

Dette er verdigrunnlaget vårt: Nasjonal fridom, sjølvbyrgskap og vokster m.a. av di det er ein fyresetnad for individuell fridom, sjølvbyrgskap og vokster.

Sæbjørn skuldar nasjonalismeumgripet for å vera innhaldslaust, verdlaust. Tylprat!

Utgangspunktet hans, individet, og programskriftet hans, fridom for den einskilde, kann røma so mykje. Difor vert dette utgangspunktet, dette programskriftet, svært so innhaldslaust dersom me ikkje set det inn i ei råma, ei sosial råma som avgjer innhaldet og umganget av den individuelle fridomen. Gjer me ikkje det, er me straks yver i laizzes faire liberalismen og den sterkastes rett, endå um det ikkje var det me ynskte. Dette fær fylgjor i målvegen, som me skal sjå seinare.

So til det nasjonale målsynet. Og det er vel det me bør dryfta. For dette kann godt stydja seg på kjensgjerningar utan å hefta seg for mykje med dei verdiane Sæbjørn heile tidi etterlyser. Eg trur faktisk desse kjensgjerningane er viktugare enn all verdsens verdiar. «Knytt det nasjonale til røynlege ovringar» segjer Sæbjørn. Og trur han hev sett oss i ei fella. Men der tek han i miss. Målet er ei slik røynleg ovring. For kva avgjer nasjonalkarakteren åt eit mål:

For det fyrste soga. Norsk mål er i fyrste rekkja målføri. Dette kann me segja av di målføri hev greina seg ut frå gamalnorsk. Norskt mål er vidare (ny)norskt skriftmål, av di (ny)norsk byggjer beinveges på målføri. Bokmålet er historisk sèt ei grein av dansk.

For det andre grammatikken. Bokmålet hev aldri rive seg laust frå dei unorske samkynsformene. Norsk trikynssystem hev aldri vore regelen i bokmålet. I verbbøygningi er det framleides slik at norske fyrrtidsformer berre stend som tilbod. Dei unorske verbbøygningsformene er einerådande i all offentleg, offisiell og formell målbruk i bokmål.

I nynorsken er det påbode å vera norsk.

For det tridje er svaret på spursmålet um ein skriftnormal inneheld typeformer og er nasjonalt samlande, avgjerande for den nasjonale karakteren åt målet.

I Noreg segjer me hev frøse, fròse, fròsi, frøsi m.m. Dei samlande typeformene vert då frose el. Frosi, ikkje frosset som i bokmål (jfr. dei bokmålske skutt, brutt, vunnet). På norsk heiter det båtan, båtadn, båta m.m. Typeformene i skrift vert båtane, ikkje båtene.

Med andre ord:

  • Kjensgjerning nummer ein er at bokmål og nynorsk hev ulik nasjonal karakter.
  • Kjensgjerning nummer tvo er at storparten av folket pratar eit norsk målføre.
  • Kjensgjerning nummer tri er at bokmålet som talemålsnorm og skriftmål gjenom dominerande posisjon og status tyner målføri og målførebrukarane.
  • Kjennsgjerning nummer fire er at dei som nyttar bokmål som sitt naturlege talemål, utgjer ei ressurssterk gruppa i samfundet som av den grunnen ikkje skal hava røynlege vandemål med å læra seg norsk. Derimot slit folket under bokmålsåket.

Standpunktet eg hamnar ned på, som ei fylgja av desse kjensgjerningane, er at eg vil bjoda fram og slåst fram nynorsken som skriftmålet åt heile det norske folket. Eg veit at nynorsken vil vera ei letta for storparten av heile folket dersom de tek honom i bruk, eg veit at nynorsken vil utløysa ei stor skaparkraft hjå den einskilde, hjå heile nasjonen, ei skaparkraft målstoda i dag held nede.

Men eg hev eit anna standpunkt med. Eg legg meg ikkje på rygg for måltyningi slik Sæbjørn gjer. For Sæbjørn berre konstaterar at målet endrar seg, då lyt nynorsknormalen med endra seg. Altso: nynorsken skal ikkje lenger vera ei ryggstød for målføri og målførebrukarane i striden mot eit bokmål som tyner, men heile tidi spegla av dei endringane bokmålet tyner fram i talemålet åt kvar einskild av oss.

Det er nok dei ulike utgangspunkti våre som gjer at me ramlar ned på ulike standpunkt i dette spursmålet. Når Sæbjørn freistar definera burt det nasjonale, yverlet han individet til seg sjølv. Kva kvar og ein av oss til kvar tid talar, skal vera med på å avgjera utsjånaden på skriftmålet, på det me slæst for. Er ikkje dette det same som å leggja oss målførebrukarar i hendene på dei sterkaste individi, dei mektigaste gruppone i samfundet? Dei som gjenom sine posisjonar, sin finkultur heile tidi avgjer kva som er «bra» og «dårleg» mål, og der det dårlege målet alltid er norsk. Er det ikkje just dette, det at norsk mål vert tynt dagstødt, som gjer at kvar og ein av oss vert utrygge i målvegen? Som er åt å taka burt eit konkret innhald frå det nasjonale, nemleg målet?

Dette vil Sæbjørn sjå på, roleg. For meg er det sjølvinnlysande at einskildmennesket er eit dårleg utgangspunkt for å reisa strid mot undertrykkjing. Eg treng ein tradisjon å stydja meg til, ein tradisjon eg kann stydja meg til saman med andre. I målvegen er dette den nasjonale tradisjonen, boren fram gjenom konkrete ovringar som målføri og den nynorske skriftnormalen.

Difor gjeng vegen til frigjering i målvegen gjenom ein nasjonal målpolitikk.

Paul Sandøy

(Stykkjet stod på prent i nr 5 1986 av det målpolitiske ungdomstidskriftet «Åtgaumen»)