Wenche I. Sola: Målkvinna og grasrotaktivist i Rogaland

Målrørsla er meir enn berre Noregs Mållag. Nett som Noregs Mållag er meir enn berre skrivarstova i Oslo. Kvifor kann me hevda det? Av di ei rørsla er so mykje meir enn berre ein organisasjon. I ei rørsla finn ein mange ulike personar og initiativ – folk med mange ulike interessor og sensibilitetar – men som saman freistar draga samfundet i den same stemneleidi. Ei rørsla treng ikkje berre leidarar, ho treng lokalt grasrotengasjement og ho treng ei retning å gå i. Like viktugt som fulltidsstillingar og institusjonar er det med folk som markerar seg som nynorskbrukarar i kvardagen. Folk som syter for at nynorsken i målrørsla hev ein handfast implantasjon i nærmiljøet – ikkje minst i randsonone der nynorsken er under press. Wenche I. Sola er ei av desse, og me hev møtt henne til ein prat.

1. Fyrst, fortel litt um deg sjølv. Korleis vart du målkvinna og korleis fann du vegen inn i målrørsla?

Språket mitt – nynorsken og Sola-dialekten – har støtt vore viktig for meg å taka vare på. Eg hadde nynorsk både i barne- og ungdomsskulen. Då eg gjekk på handelsskulen og gymnaset, var undervisninga på bokmål, men eg heldt meg sjølv med nynorske lærebøker. Seinare så har eg studert etter måten mange ulike emne, som til dømes økonomi, leiing og jus, og her bruka eg alltid nynorsk i dei skriftlege arbeida mine. Seinast ved mastergradsstudiet mitt som eg avslutta i 2010 – Master of Management ved BI.

Far min dreiv målarfirma og hadde mange i arbeid. Dei siste åra eg gjekk på barneskulen tok han med seg arbeidsfolka sine for å arbeida på Austlandet, der dei mellom anna måla hus for Block Wathne. Det var ei stund det var tala om å kjøpa eit stort og flott hus i Bærum og flytja med heile familien, men me ungane lika ikkje tanken i det heile. Då laut me byta skule og byta ut nynorsk med bokmål. Framlegget til far min vart røysta ned og det vart ikkje noka flytjing på oss.

Wenche I. Sola er aktiv målkvinna og veteran i det som ein gong var ei sterk rørsla av medvitne målfolk.

Wenche I. Sola er aktiv målkvinna og veteran i det som ein gong var ei sterk rørsla av medvitne målfolk.

I vaksen alder melde eg meg inn i Rogaland Mållag, der eg byrja som observatør i styret, og i 1980 var eg med og skipa Sola Mållag der eg vart den fyrste leiaren. Me var eit svært aktivt lag, med faste styremøte 2 gonger per månad i perioden 1980-1990. Dessutan var det etter måten mange gode og aktive nemnder i laget, slik som skulemålsnemnd, stadnamnsnemnd, kyrkjemålsnemnd, barnehagenemnd, studieringar og kurs.

I starten på Sola Mållag gjekk eg mellom anna på dørene for å sanka nye medlemer. Og ein kveld eg ringde på døra til ein familie, så fortalde eg at eg kom på vegner av Sola Mållag for å sanka medlemer. Han som opna døra hadde ikkje høyrt om noko mållag før, og eg vart beden inn og vist fram til sikringskapet. Han trudde at eg skulle mæla straumen!

Dessutan var det Sola Mållag som skipa til og dreiv Måltrosten Barne- og Ungdomslag. Der me hadde ein aktiv leikarring med 120 – 130 ungar, 2 gonger i veka og dessutan ein kveld med aktivitetar der ungane laga ulike ting. Dette ungdomslaget vart drive i 4 år, men det var diverre umogleg å finna nye personar til å ta over her då eg slutta av som leiar.

Det er utretta svært mykje godt målarbeid i Sola Mållag, som i svært mange år var eit aktivt mållag der det var høg aktivitet med  gode planar som var sette ut i livet.

Eg var aktivt med i skulemålsarbeid i Sola Kommune, ikkje minst for skuld mine eigne ungar. Og eg hjelpte litt til i Sandnes, Stavanger, Karmøy og Sauda Kommune – mellom anna.

Ungane mine var også med i målarbeidet i Sola Mållag då dei var små. Dei selde lodd for Sola Mållag – Noregs Mållag, og var også flinke å selja julehefte, Tuss og Troll, Smørbukk – Norsk Barneblad. Dei var også med og la i laupesetlar i postkassane og elles anna.

Eg hadde deretter pause frå målarbeidet i mange år, men i 2005/2006 var det tala om å leggja ned Sola Mållag. Det fekk meg på banen att. Eg tok på meg leiarombodet i to år for å byggja laget opp att med fleire aktivitetar og blåsa inn litt frisk vind i segla att. Samstundes vart eg vald til leiar for Skulemålsnemnda i Rogaland Mållag, og der sat eg fram til 2010. I perioden 2008-2010 var eg dessutan nestleiar i Rogaland Mållag, og freista skapa meir liv i fylkeslaget med.

Tanken min var at eg skulle ta nokre år til i Sola Mållag og Rogaland Mållag, sidan eg framleis hadde mykje energi som eg kunne putta inn i målarbeid. Men eg merka at mykje hadde endra seg også her, og folk var mykje meir usamde no enn det som var stoda tidlegare. Detta var inga god kjensla.

Stutt sagt, eg hev etter beste evna freista involvera både meg sjølv og mine eigne i arbeidet for norsk mål.

2. 1980-talet var ei tid med mykje aktivt grasrotarbeid i målrørsla på Vestlandet. Korleis var arbeidsvilkåra i Rogaland Mållag på denne tidi – og korleis var samarbeidet med Noregs Mållag sentralt?

Det kan eg seia litt om, sidan eg også var med i styret i Rogaland Mållag, og var leiar i Skulemålsnemnda i Rogaland Mållag på 1980- og 1990-talet. Det var godt arbeidsmiljø i Rogaland Mållag og me fekk utretta mykje.

Åsmund Lien var skulemålsskrivar i Noregs Mållag og ein ihuga og drivande god målmann, som var ofta i Rogaland. Eg hadde mykje kontakt med han og lærde mykje av han. Han var alltid der for oss når me måtte trenga han. Åsmund levde og anda for nynorsk og la ned eit enormt arbeid for målrørsla. Eg har i ettertid aldri opplevd nokon skulemålsskrivarar i Noregs Mållag eller andre som la ned eit slikt drivande arbeid for målsaka slik han gjorde for så mange mållag kringom i landet. Han sparde aldri seg sjølv og skal ha mykje ros for innsatsen sin.

I ein slik organisasjon som Noregs Mållag er det svært viktig at dei som er sentralt tillitsvalde og dei  som arbeider på skrivarstova kan stå til disposisjon for mållaga kringom i landet.  Det var  ei svært god kjensla å vita i tida eg var mest aktiv på 1980–1990-talet at folk i Noregs Mållag var aktive og var der for oss.

Utanom den alt nemnde Åsmund Lien, så  vil eg særleg nemna Roger Lockertsen, som var dagleg leiar. Vidare skulemålsskrivar Steinar Ås og dei landsmøtevalde leiarane Martha Østerås Falck og Liv Ingebrigtsen. Dei var flinke til å stå på og støtta godt opp om oss lokalt og i fylkeslaga. Dei sette seg alle godt inn i målstoda i Rogaland og møtte også opp på viktige møte i Rogaland.

Lokallaga fekk til mykje i Rogaland, og Noregs Mållag hadde godt oversyn over stoda og handla snøgt og var på banen når det var naudsynt. Det som også var viktig her, det var at dei kjende godt dei tillitsvalde i lokallaga. Me hadde ikkje data, mobil og denslags på den tida. Men telefonen verka godt, og det var tett personleg kontakt når dette var naudsynt.

3. Nynorsken er under press i Rogaland, og som du alt hev nemnt so hev skulemålsarbeid vore ein prioritet for deg og for Sola Mållag. Kann du fortelja meir um det arbeidet som de gjorde på dette umkvervet?

Mykje av skulemålsarbeidet går ut på å henta ut informasjon frå skulane  og nytta denne til å koma i kontakt med foreldre. Skulemålsnemnda i Rogaland har halde på med kartlegging for heile Rogaland. Me har mellom anna henta inn opplysningar frå alle skulane i Sola, delt ut brosjyrar til foreldre på Håland barneskule, Dysjaland barneskule, Røyneberg barneskule, Grannes barneskule, Stangeland barneskule. Storevarden barne skule, Tananger barneskule og Sola barneskule. Me har også vore i kontakt med skulekontoret for å få ut lister over dei som skal skriva seg inn her. Styret freista å få fleire til å vera ansvarlege i kvar sin skulekrins.

Då dei to eldste ungane mine skulle byrja på skulen i Stangeland skule på Sola, så kunne foreldra velja mellom bokmål og nynorsk. Skulen var ein nynorskskule, men med parallellklassar i flestalle trinn. Mine born byrja i nynorskklasse. Då den yngste sonen min skulle byrja på skule, så hadde me flutt til Røyneberg skulekrins som var ein bokmålsskule. Her måtte me foreldra organisera oss og gå på dørene for å få born på lista til nynorskklassa, og det greidde me å få til. Den eldste dottera mi og den yngste sonen min hadde dessutan nynorske bøker på vidaregåande skule, endå om undervisninga var på bokmål.

I svært mange år var eg sjølv aktivt med i skulemålsarbeid og gjekk på dørene og snakka med alle foreldra som hadde born som skulle byrja på skulen. Me laga då til invitasjonsskriv som vart sendt i posten til alle foreldra. I dette skrivet gjekk det fram kva slags føremoner det har å velja nynorsk til ungane. Me la også laupesetlar i postkassa. I tillegg til at me informerte om at me ville koma og vitja dei i heimane utover vinteren. Eg kan minnast at eg kvar einaste vinter hadde naglabete på føtene, fordi det var så kaldt då me gjekk frå hus til hus. Endå så godt eg kledde meg, så vart eg kald i heile kroppen.

Mange gonger gjekk eg også åleina og banka på dørene. Her råka eg mange hyggjelege folk og det vart mange diskusjonar om kvifor dei burde velja nynorsk. Mange foreldre sette namnet sitt på lista, der det gjekk fram at dei ville ha nynorsk for ungane sine som fyrste opplæringsmål. Andre ville tenkje meir på dette, og ville at me skulle koma attende seinare. Medan andre sa nei. Me baud også inn til informasjonsmøte der me fortalde om kvifor det var smart å velje nynorsk. I Sola var det i alt 7 barneskular, slik at det var ein del heimar å vitja.

4. Kor godt greidde de i Sola Mållag å involvera foreldri sjølve i dette arbeidet?

Det hende at somme foreldre vegra seg for å gå på dørene, slik at me hjelpte til med dette. Men foreldra var alltid med på planleggjing og utførde alltid ein del av arbeidet her. Nokre foreldre ringde også til kvarandre i staden for å gå på dørene. Slik at me nytta mange ulike former for kontakt. Det aller nyttigaste var å gå på dørene og få underskrift, så snøgt som mogleg. Tre av barneskulane var nynorskskular – her byrja bokmålsforeldra å krevja nynorsk til borna sine, på trass av at det berre var ei klasse på kvart trinn. Det varr meir tilflytjing av folk grunna nye byggjefelt – og pågangen vart større frå bokmålfolk. Her måtte me passa på at dei ikkje fekk fotfeste.

Attåt dette så jobba me aktivt på dei andre fire barneskulane me å auka talet på nynorskelevar og freista få flest mogleg til å velja nynorsk. Me la ned eit stort arbeid her over svært mange år.

Det var ikkje berre nynorskfolk som var aktive her. Bokmålsfolk prøvde også å øydeleggja her, dessutan hende det at dei gjekk på dei som hadde sett seg på lista for nynorsk, for å få dei til å heller velja bokmål.

5. I parallellklassearbeidet er det fyrst og fremst foreldri som ein må få med seg. I skulemålsrøystingar fær det heile ein litt større dimensjon yver seg, der det gjeld um å mobilisera heile lokalsamfundet. Korleis gjekk de fram her?

Det var fleire store skulemålsrøystingar i Sola Kommune og kampviljen var stor til å vinna desse. Me hadde lagt opp til gode taktikkar og strategiske planar. Det var prenta opp og delt ut flygeblad i postkassar. Me hadde gode intervju i Sola Bygdablad.

Me gjekk aktivt på dørene til folk. Me heldt informasjonsmøte. Me hadde møte med politikarar i alle politiske parti. Me var også med på gruppemøte i politiske parti, der me fekk lov til dette. Me fylgde aktivt opp alle politikarar som var valde, og dessutan varafolka, slik at me fekk oversyn over kva dei ville røyste og korleis dei elles kom til å te seg dersom det vart fleirtal for nynorsk, uavgjort, jamt laup, eller lite fleirtal for bokmål. Me oppmoda alle i bygdene til å røysta. Dette hadde noko med kulturen og identiteten til folk i Sola – ta vare på målet/dialekten – og skriftsspråket i Sola Kommune å gjera.

6. Mange stader er det likt til at målfolk nøgjer seg med å gå mann av huse for å røysta når foreldre krev bokmål for ungane sine. Men dette er ein kamp som fyrr eller sidan er tapt dersom målfolket ikkje maktar å implantera seg i lokalmiljøet.  Skulemålsarbeid er viktugt, men ikkje nok: Målet må gjerast synlegt i kvardagen. Nynorsken kann ikkje berre skrivast, han må høyrast – og han må syngjast. Kva hev vore Sola Mållag sin strategi på dette umkvervet?

Som nemnt so starta Sola Mållag opp med eit barne og ungdomslag, der me dreiv med leikarring og andre aktiviteter. Her starta me opp med om lag 120 – 130 born.

Me reiste også på leikarringstemne – som Noregs Ungdomslag skipa til – og organiserte turar med med borna. Eg var leiar i Barne- og ungdomslaget, og var aktivt med i leikarringen som hjelpeinstruktør og aktivitetsleiar, attåt det at eg leidde dei hine aktivitetane me hadde for borna. Men no driv ikkje Sola Mållag lenger med denne leikarringen, og ingen tok over etter meg her.

Sola Mållag har også i svært mange år delt ut Norsk Barneblad, Tuss og Troll, Smørbukk og bokpakkar – mellom anna til alle barneskulane i Sola, og dei har også delt ut bokpakkar til barnehagane i Sola Kommune. Dette har vore svært populært både på skular og i barnehagane.

I 1982/1983 vart eg vald til å vera leiar for Barnehagenemnda i Rogaland Mållag. Me laga då gode opplegg og planar for alle barnehagar i Rogaland. Her fekk me eldre personar til å reisa ikring i barnehagar og fortelja om gamledagar, noko som var svært populært (dei eldste som reiste ikring her var over 80 år og svært populære). Dessutan laga me til bokpakkar som barnehagane kunne kjøpa. Me viste også til kor lett det kunne vera å få tak i nynorsk barnelitteratur og informerte om kva for forlag/butikkar det var som tilbaud denne litteraturen. Her fekk me god blest om nynorske bøker.

Me laga også til mange kulturkveldar og bokkveldar med sal av nynorske bøker til born og vaksne. På den fyrste kulturkvelden me laga til i Sola Mållag, så møtte det opp over 900 personar som stod i kø til kulturkvelden og barnetimen. Me hadde den gongen leigd aulaen til Sola Ungdomsskule, der me jamvel hadde laga til ei stor boksalsutstilling med bøker for både vaksne og born.

Kulturkvelden var kløyvd opp i to bolkar, ein tidleg ein for born og ein seinare ein for dei vaksne. Her hadde me lagt opp fyrst til ein barnetime, der me hadde lova borna brus og bollar som var rekna med i inngangspengane. Men me var ikkje klår over at det kom til å verta så stor pågang.

Standly Jackobsen var populær i den tida ( 1980-talet) i Barne -TV – Leikestova for born, NRK. Han var ein av dei me hadde hyra inn og mange hadde kome for å oppleva nett honom. Han var med og song for både vaksne om kvelden og borna på ettermidagen. Me hadde baka ein del bollar sjølve, men ikkje nok, slik at det gjekk skyttlebuss att og fram til lokalet vårt med boller og brus. Ungane storkosa seg og hadde ein svært kjekk barnetime.

Om kvelden var det kulturkveld for dei vaksne og denne med vart kjempeflott med mange gode folk som stod på scena. Sidan det var så mykje folk, fekk ikkje alle like god tid og plass nok der dei var til å kjøpa nynorskbøker. Men me vekk synt fram ein del her bøker, og det vart litt sal også.

Sola Mållag prøvde å ta lærdom av fyrste kulturkvelden vår, og neste kulturkvelden me laga til så leigde me Sola Turnhall som hadde plass til over 500 personar. Me ville sikra oss store nok lokale i fall det skulle koma mykje folk. Denne kvelden selde me «berre 250 billettar». Folk var redde for at det kom til å verta lange køar og kaos på nyo, slik at mange valde å vera heima, diverre.

Sola kommune fekk seinare eit nytt og flott kulturhus og Sola Mållag prøvde seg på nyo med mange kulturkveldar her. Me klarte aldri å fylla heila kulturhuset (over 500). Men me klarte å laga til mange fantastisk flott kulturkveldar som gav dei som kom mykje att for pengane.

Det kostar også mykje å laga til kulturkveldar i Sola Kulturhus, slik at me tente ikkje så mykje pengar på desse kveldane. Derimot fekk me mykje blest om Sola Mållag og målsaka kvar gong me laga til eitkvart.

Sola Mållag har også tradisjon for å skipa til turmarsjar for folk i alle aldrar. Tur i skog og mark er noko som dei fleste er glade i, det er dessutan noko me målfolk kan spela vidare på med di det er opplevingar der natur og kultur kan møtast i det heimlege og stadbundne. Eldsjela for dette arrangementet er Alf Jan Bysheim og kona hans. Dei sel også lappar og kaffi/te/saft før og etter turmarsjen, slik at det vart litt pengar i kassa.

7. Sola Mållag var i 1990 tilskipar for landsmøtet i Noregs Mållag. På denne tida var Noregs Mållag ei mykje større og sterkare folkerørsla enn det ho er i dag – og landsmøtet i Noreg Mållag hadde på mange måtar karakter av eit slags “landsstemne” for medvitne norskdomsfolk. Kann du fortelja meir frå denne tilskipingi?

Ja, Sola Mållag laga til landsmøte for Noregs Mållag på Sola i 1990. Opplegget for dette landsmøtet la Sola Mållag fram for Noregs Mållag alt to år i førevegen. På mållagsårsmøtet i 1988 hadde me laga til ei flott mappa som alle landsmøteutsendingane fekk kvart sitt eksemplar av. Sola Kommune var svært positiv til landsmøtet og gav ei raud rosa på kvart overnattingsrom med ei velkome-helsing. Dessutan kom Sola Mållag med andre gåver til landsmøtet.

Me skipa mange nemnder som jobba i to år fram til landsmøtet. Til dømes kulturkveldnemnd, matnemnd, vegnemnd, kyrkjenemnd, økonominemnd, innkvarteringsnemnd og turnemnd. Nemndene arbeidde aktivt med dette i to år fram mot landsmøtet. Sjølv var eg landsmøtegeneral og leiar i hovudnemnda til landsmøtet, og dessutan deltakar i alle undernemnder.

Sola Mållag stod også for all matservering under landsmøtet. Me slapp å leiga inn folk, slik ein ofte er nøydd til i dag, diverre. Her vart det baka mange kaker, både småe og store. Me hadde lappar, vaflar, rundstykke, kaffi, te, saft og brus som vart selt rimeleg under landsmøtet til landsmøtedeltakararne og familiane deira.

Det var også sommarkurs i landsmøteveka, slik at opplegget med landsmøtet og sommarkurset vara i 1 veka i alt.

Festmiddagen om laurdagen var i Sola Kulturhus. Me satsa på komla, saltkjøt, pølser og kålrot til hovudrett.  Utanum litt kulturelle innslag, så vart det dans etterpå, med mange goder drøsar ut i dei småe timane. Me hadde også laga til nattsete på eit av dei større hotella utover natta. Endå om mange la seg seint laurdagsnatta, så var dei alle på plass til gudstenesta dagen etter.

Sundagen var avslutta med ei kjempeflott gudsteneste i Sola Kyrkja, som var heilt full av folk. Eg kan minnast at svært mange song med, og klangen i kyrkja var så flott. Målfolk er som regel flinke å syngja, og dette var også denne gudstenesta merkt av.

Det var svært god pressedekning før og under landsmøtet/sommarkurset. Eg var intervjua av NRK TV- Radio, + mange aviser. Det same galdt sentrale mållagsfolk i Noregs Mållag. Landsmøtet vart dekt godt i svært mange aviser kringom i landet, både store og småe. Me var også på Dagsrevyen, Vekeslutt i NRK, Lokalradioen i NRK Rogaland og ei rad andre andre program i TV og radio. Landsmøtet og sommarkurset fekk mediemerksemd både i VG, Dagbladet, Aftenposten, Stavanger Aftenblad, Bergens Tidene, Rogalands Avis og andre media.

Landsmøtet vart ein stor suksess. Ingen kunne lata vera å vita at landsmøtet til Noregs Mållag var på Sola. Dette var også ei god reklame for Sola Kommune. Me hadde vona at andre også ville leggja landsmøta sine til Sola etter oss.

Føremålet med å laga til landsmøtet i 1990 på Sola var å få blest om målsaka – om Sola Mållag, Rogaland Mållag og Noregs Mållag. Og dessutan få god aktivitet i laget og tene litt pengar til lagskassa vår, slik at me kunne driva mållaget vårt meir aktivt. Dessutan ville me også visa andre kor kjekt og nyttig det kunne vera å ta på seg ei slik oppgåva, der ein fekk auka aktiviteten i laget.

Noko av grunnen til at eg nemner landsmøtet me laga til er det at Noregs Mållag har lagt om stilen på svært mykje no for tida. Til dømes er det slutt på det at lokallaga skal laga til landsmøtet sjølve. Noko eg tykkjer er svært negativt. Denne oppgåva lagar ofta ny giv i mållaga og laga kan også tena seg ein og del pengar på dette, slik at ein har pengar til å driva målarbeid. I tillegg til at landsmøta som lokallaga laga til var mykje betre enn det som styret i Noregs Mållag greier å få til i våre dagar.

På stand under Soladagane og Tanangerdagane 2006-2007.

Wenche I. Sola på stand for mållaget under Soladagane og Tanangerdagane 2006-2007.

8. Det er spanande å høyra deg fortelja frå ei tid då målrørsla enno var på hogget. Kva hev du å segja um stoda i Noregs Mållag i dag? Og kva slags framvegar ser du fyre deg for målrørsla i dag?

Det var ein stor nedtur å oppleva kva slags organisasjon Noregs Mållag hadde vorte då eg kom attende i 2006. Det gjeld både måten dei tilsette og sjølve leiinga i hadde utvikla seg på, og, ja, heile organisasjonskulturen i Noregs Mållag. Mykje verka så framandgjordt, avstanden mellom sentralleiing og lokallekk var mykje større – og viljen til å gjera noko eller ta kontakt i høve til det som var signalisert inn til sentrallekken var minimal. Eg opplevde også at Noregs Mållag ikkje var særleg interesserte i oss lokale målfolk, i dei lokalt tillitsvalde og det som hende på lokalt plan. Det var ikkje nokon stor giv eller glød att.

Eg undra meg også kvifor ein ikkje har teke vare på all den gode visdomen som var i Noregs Mållag før.Til dømes om korleis ein best mogleg skal driva målarbeid, korleis ein skal arbeida for eit aktivt skulemålsarbeid, korleis ein skal ha ein aktiv og nyttig og god kontakt med lokallaga. Her er mykje hardt opparbeidd kompetanse vorte skusla bort.

Eg hadde også nokre gonger kjensla av å verta motarbeidd av mållagsleiinga. Og eg kjende meg ikkje att i den målrørsla eg hadde arbeidd aktivt for og vore med i så mange år tidlegare. Eg freista etter måten mange gonger å informera om korleis det stod til med «skrifta på veggen» og kor skralt det stod til på ymse område og kva tiltak NM burde setja i verk – utan at ein tok dette noko særleg på alvor. Det kjenner seg mange gonger så fånyttes å gjera noko slag når responsen er så dårleg.

Det var trist å oppleva det som skjedde i Norsk Målungdom med triksing av medlemspengar og medlemer. Likeins den måten Liv Ingebrigtsen vart tvinga til å avslutta leiarperioden sin på i Noregs Mållag. Og elles anna som fylgde i kjølvatnet her. Eg har også problem med å forstå at personar har problem med å seie orsak til Liv Ingebrigtsen for måten ho vart handsama på. Noregs Mållag har tapt mykje på dette og har dessutan mist mange gode målfolk, til dømes i Rogaland.

Det var mange gode målfolk som melde seg ut or Noregs Mållag ved årtusenskiftet. Dei kunne ikkje kjennast ved slik framferd. Nokre av desse samla seg i Nynorsklaget. Eg vart med i Nynorsklaget, men er også med i Noregs Mållag.

Nynorskfolk burde vera flinkare å stø opp om kvarandre, i staden for å bryta kvarandre ned – nynorskfolk kan diverre vera gode til slikt. Dersom ein hadde lagt til rettes for å stø kvarandre og saka, så hadde nynorsken også stått mykje sterkare enn han gjer. Folk må syna at dei bryr seg i praksis og at dei også er med å støtta somme tiltak. Ros er mykje betre enn ris.

Det er språket me har til sams. Språket og alt som fylgjer med her, og det er dette me må støtta opp om. Målfolk høyrer til ulike politisk parti, og slik skal det vera. Det same gjeld andre meiningar. Me treng ikkje vera samde i alt, men me må støtta opp om folk som vil gjera eller gjer noko for å halda nynorsken i hevd. Det er viktig. Slik får også nynorsken framgang. Det er også viktig å gjera målfolk merksame på alt som finst i høve til nynorsk. Og korleis ein går fram her. Her har me alle eit ansvar.

Mange slike tiltak kan gjerast svært einfelt no på elektroniske måtar. Døme på dette er sida til “Forsvar Nynorsken”. Ein kan byrja med å lika sida, og elles så kan ein senda inn stoff og kommentera eller lika det som andre sender inn. Alt det me gjer hev ein verknad, same kor lite eller stort det er. Attåt dette så kan ein be inn venene sine på Facebook til å lika sida.

Det same gjeld for mange andre måltiltak, slik som Noregs Mållag, Det Norske Teateret, Dag og Tid, Målmannen, Norsk Barneblad…… berre for å nemnda nokre fåe. Eg har tokken av at mange målfolk berre ser mest negativitet og at alt er så vanskeleg å få til. Då vert ting også ofte vanskeleg i praksis somme gonger.

Takk for eit forvitnelegt intervju, Wenche! Me veit at du hev mykje anna spanande å fortelja om, millom anna om arbeidet for nynorsk målbruk i petroleumssektoren – og me  kjem gjerne attende til deg ved seinare høve!

Wenche. I. Sola vart spurd ut av Olav Torheim