Fransk kyrkjemusikar vitja Bergen

Bergen hev lange hevdslinor når det gjeld å dyrka kyrkjemusikken. Organistane i kyrkjone hev vore ruvande kulturpersonlegdomar som ikkje berre hev spela musikk i kyrkjone um sundagane, men vore verksame formidlarar av kyrkjemusikk gjennom upplæring og gjennom å lata byens borgarar få taka del i kunnskapane og dei musikalske nettverki organistane hev samla seg upp.

På sumrane syter pengegjevarar for at det vert tri spelstunder med kyrkjemusikk kvar vika. I år var det slik at utøvande musikarar frå fleire land kom til Bergen og heldt spelstunder onsdag, torsdag og sundag. Spelstundene vart skifte millom kyrkjone med best orgel, Johanneskyrkja og Domkyrkja. Eg vart serleg huga på spelstundene til franske Gishlain Leroy.

Orgelmusikaren Gishlain Leroy frå Frankrike vitja Bergen i juli. Domkantor Kjetil Allmenning må ha gode samband til Frankrike, for i mai var det Hampus Lindwall som kom frå Notre Dames heimland. Kor som er, slike vitjingar vert kjærkomne for alle som vil ha nye inntrykk frå den musikalske verdi.  Leroy hadde ein mangslungen spelsetel,  med millom anna kjende namn som Bach og Cesar Frank. Båe desse tonesetjarane er skilsetjande i kyrkjemusikken. Leroy held seg soleis både her og elles til nokso hevdvunnen, men tonerik og spanande musikk.

Ghislan Leroy

Ghislan Leroy

I Johanneskyrkja var spelsetelen sett saman av fire tonesetjarar Felix Mendelsohn, Cesar Franck, Vierne og Augustin Barié. I domkyrkja kom Bach til sin rett 12. juli, og dagen etter den franske revolusjonsdagen 15. juli kom det franske hymnar på spelsetelen

Felix Mendelsohn er ein tonesetjar som gjeng att hjå mange organistar. Mendelsohn arbeidde med orgelmusikk frå han var 11 år gamal og til han døydde. Han er mest kjend for  preludiane og fuguone, Op. 37  (1837) og for dei tri sonatane Op. 65 1845. Dei  seks sonatane til Mendelsohn og Bachs tonesetjingar er hyrnesteinar i kyrkjemusikken. Det var vel soleis ikkje noko rart at Leroy tok til med Mendelsohn. Det slo an ein stil med roleg, hevdvunnen og gjevande musikk.

Eg er for ein ukunnig å rekna innanfor kyrkjemusikken. I fjor vart eg sterkt teken av avviki frå den hevdvunne musikken etter ein spelkveld i Hamburg. Etter spelstundene med Leroy hev eg vel vorte meir innsett i den hevdvunne tonekunsten. Ein ser fyre seg Bach og den musikken som ein er vant til å høyra i kyrkjor og so vert alt anna avvik frå desse toneformene. Slik sett kjem Cesar Franck (1822-1890) i same fylgjet som Bach, men han hev likevel  mykje nytt ved seg.

Franck var ein god pianist, og gjorde seg kjend gjenom mange spelferder. Arbeidsdagen hans skulde han like fullt ha ved orgelet, og i St. Clotilde-kyrkja fekk han arbeida med å spela orgel, der hadde han nok å gjera inntil arbeidsdagen hans tok slutt. Orgelprofessor vart han frå 1872 og livet ut var han ved Paris-konservatoriet. Nokre av elevane hans var millom anna Vincent d’Indy, Ernest Chausson og Henri Duparc. Organisten Franck kjenner ein serleg godt på at han heldt seg glup til å spela etter innfallsmetoden.

Franck vart stor av lite, medan Bach vart stor av mykje. Dei fagkunnige meiner at det berre er 12 store orgelverk som set Franck på andre plass attum Bach når ein skal setja upp ei lista yver dei største orgelkomponistane gjennom tidene.

Mange av verki til Franck gjer bruk av ei  «syklisk form» (med same tema i fleire satsar av eit verk).  Musikken er ofte prega av å fløkja seg til på kontrapunktisk vis, den hev eit jamvektugt språk som er lett romantisk, ein kann finna inngjevnad frå Richard Wagner. Franck vann det meste av namnet sitt på nokre fåe av verki han skreiv på slutten av livet, serleg symfonisk musikk millom 1885 og 1888, og Preludium, koral og fuge for solopiano (1884) og ein sonate for fiolin og piano (1886). Det siste verket han fullførde (og eit av hans store), er koral nr. 3, i a-moll. Franck døydde i 1890 og vart gravlagd på Cimetière du Montparnasse i Paris.

Franck var tilliks med Mendelsohn fin og avslappande å lyda til. Det kjennest rett og gjevande å sitja og høyra på slik musikk. Når ein trivst med Bach og tykkjer han hev skapa verk av varande verde nær sagt utan at ein treng tenkja yver det, so må ein vel segja at Franck hev noko av den same dåmen ved seg. Det er musikk som berre fyller romet ikring med ro.

Augustin Barié (1883 –1915), var ein fransk tonesetjar og organist. Eg veit ikkje kor kjend han er, men han høvde iallfall greidt inn i resten av spelsetelen til Leroy. Barié var fødd blind. Han hadde lange hender, og det fekk han til å spela vanskelege orgelarbeid som verk av Cesar Franck, på nokso lett maner. Han var organist ved St Germain-des-Prés i Paris. Han vart òg professor i orgelspel ved the Institut National des Jeunes Aveugles.

Han var umtykt av di han kunde spela etter innfall. Han var ein av ei lang rad franske  orgelmeistrar som høyrde til den romantiske spelestilen. Barié skreiv mest for orgel millom anna Symfoni (Op. 5) og Trois Pieces (Op. 7). Han døydde berre 31 år gamal. Eg fekk ikkje noko fullstendig inntrykk av denne tonesetjaren, so han må eg nok venda attende til ved eit seinare høve.

Leroy held fram med Louis Vierne. Vierne hadde eit vanskeleg liv. Han var mest blind frå han var fødd. Han vart ikkje heilt blind, men synet vart dårlegare og dårlegare med tidi. Han gjekk òg gjennom mange både lekamlege og sjelelege krisor, men var sterk og fekk gjort mykje likevel. Mange kjende franske kyrkjemusikarar vart underviste av Vierne.

Vierne vart rekna for den leidande og beste innfallsmusikaren i si levetid. Han fekk spela inn nokre fåe upptak på fonograf, desse upptaki skal, etter segjande, høyrast ut som gjenomarbeidde og vellaga tonesetjingar.

Han hadde ein nydeleg skrivestil som sette formi framfyre alt. Musikkspråket hans var jamvektugt og rikt på romantikk, men det var ikkje kjensledrypande og teatralsk, iallfall ikkje i same grad som Cesar Franck. Det var fleire fin de siecle organistar i Frankrike i skiftet millom 1800-talet og 1900-talet. Viernes vart kannhenda rekna for å vera den mest upphavstrugne millom dei som nytta same spelgreidor som han og hev gjeve kveik til det meste av dei store parisiske orgelkomponistane som fylgde etter honom.

Verki hans femner millom anna um seks orgelsymfoniar, 24 fantasistykkje (som umfattar den kjende Carillon de Westminister, og 24 stykkje i Fri stil, millom andre verk. Det finst òg fleire kammerverk (sonatar for fiolin og cello, ein pianokvintet og ein strjukekvartet m.m.), vokal og koralmusikk, og ein symfoni i a-moll for spelemannslag (orkester).

Dersom ein held fram frå Vierne kjem ein til ein annan kjend tonesetjar, Duruflé. Duruflé kom inn på spelsetelen sundag 15. juli. Louis Vierne peika han ut som medhjelpar ved Nortre-Dame. Frå 1943 vart Duruflé professor  ved konservatooriet i  Paris, der arbeidde han til i 1970. I 1947 skreiv professoren eit verk som truleg er millom dei fåe verki han skreiv og som han vart kjend for: Rekviem op. 9, for eineframførarar, kor, orgel og spellag (orkester).

Duruflé  fann sterkt åt sine eigne tonesetjingar. Han gav berre ut ei handfull av arbeid og heldt gjerne fram med å skriva um og endra stykkje etter at dei var offentleggjorde. Til dømes toccataen frå Suite op. 5. Han hev ei avslutning i det fyrste avbrigdet som han byter ut i dei seinare avbrigdi. Utfallet av all umskrivingi hev vorte at musikken stend sers høgt på spel-lista til mange orgelspelarar.

Alle spelkveldane bar preg av høg kvalitet, og jamvektug musikk.

L. B. Marøy

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!