Gåta Kaspar Hauser

Kaspar Hauser er ein mann som enno stend fram som ei gåta etter snart 200 år. Artikkelforfattaren kastar ljos yver denne gåta.

Innleiding

Å skriva ein artikkel um ovringi Kaspar Hauser er ikkje berre lett. Det er fleire einskildsaker som er ulike, alt etter for kva kjelda du studerar. Det som ei kjelda nemner mykje um, er ikkje nemnd i ei anna, og so burtetter. Eg hev prøvt å laga ei samanfatning av hovuddragi i den syrgjelege historia. Den som vil studera meir sjølv, kan finna råd og vink til litteratur på slutten av stykkjet.

Nürnberg, pinsedag 1828

Den unge guten som kom gåande inn i den tyske byen Nürnberg pinsedagen i 1828, synte seg å verta ein løyndom som skapte store ordskifte i Tyskland og vekte åtgaum i utlandet. Det verkelege upphavet og livnaden  til han som vart kalla Kaspar Hauser er ei gåta endå i dag. Den fyrste som uppdaga Kaspar Hauser, var ein skomakar. Kaspar gav honom eit brev som var stila til ein kaptein som budde i byen. Skomakaren tok guten med seg dit offiseren budde, men han var ikkje heime nett då. Kaspar vart pålagd å venta i huset, og det vart set fram mat til honom. Han åt berre brød og drakk vatn, kjøtet og ølet som vart bydd honom ansa han ikkje. Etter ei stund kom kapteinen heim. Han tok til å granska brevet, som var skrive med klossa, tilvridd handskrift. Forfattaren skreiv at han sjølv hadde ti born, og at Kaspar hadde vore innestengd i huset hans i sekstan år. Det stod at guten gjerne ville verta hermann, og forfattaren skreiv at han vona kapteinen kunne hjelpa til med dette. Til slutt i brevet stod det at dersom offiseren ikkje ville ta seg av Kaspar, kunne han berre slå honom i hel eller hengja honom upp i pipa. Kapteinen freista no å spyrja ut Kaspar. Men den einaste tilbakeverknaden han fekk var tri setningar: ”Vil verta soldat som far”, ”Veit ikkje” og ”Hest heime”. Det verka som um dette var det einaste Kaspar kunne segja, han tok upp att setningane same kva han vart spurd um. Offiseren vart til slutt leid av dette, og gav Kaspar yver til politiet. Dei sette honom fast for lausgjengeri, og han vart set i fangeholet. Neste dag fekk Kaspar blyant og papir. Han byrja straks å skribla i veg yver papiret. Men dei einaste skynelege ordi var: ”Ryttar” og ”Kaspar Hauser”. Ein gjekk ut ifrå at Kaspar Hauser var namnet på umstreifaren, men han svara ikkje på det i det heile, og synte heller ikkje teikn til attkjenning når han høyrde det..Etter kvart som månadane gjekk, vart Kaspar eit umtykt samtaleemne hjå folket i Nürnberg. Til å byrja med trudde dei fleste at han var ein tufs som hadde vorte set på gata. Men denne forklaringi måtte forkastast då det synte seg at han lærte nye ord snøgt, hadde sers godt minne og aldri gløymde eit andlit.

Kaspar Hauser (samtidsteikning)

Kaspar Hauser (samtidsteikning)

Kaspar si historie

Etter kvart greidde Kaspar å gjeva ei forståeleg utgreiing um kvar han hadde vore fyre han kom til Nürnberg. Han hadde vore innstengd i ei kjellarhola; han høyrde aldri noko og såg heller aldri skarpt ljos. Med jamne millomrom hadde han fenge brød å eta og vatn å drikka. Dette hadde fangevaktaren hans sett inn til honom medan han sov. Nokre gonger hadde vatnet ein beisk smak, og då sovna han att. Når han vakna hadde han fenge på seg rein skjorta, og håret og neglane hans var klyppte. Fangevaktaren hadde lært honom ei primitiv form for skriving, og til å segja fram nokre einfelde setningar. Til slutt hadde Kaspar lært seg å stå og gå, og då hadde mannen bore honom ut or hola. So hugsa ikkje Kaspar meir fyre han fann seg sjølv i Nürnberg.

Hjå professor Daumer

Til slutt vart det avgjort at Kaspar skulde bu hjå professor Daumer, han var kjend som ein stor vitskapsmann. Daumer uppdaga at Kaspar hadde uvanleg skarpe sansar: Han kunne sjå i myrkret som ein katt, spora upp dyr utan vanskar og kjenna att folk på lukti sjølv om det var heilt myrkt. Han kunne verta utslegen av heilt vanlege lukter. Lukti av ein feiar som gjekk forbi på den andre sida av gata, førde til at han vart sengeliggjande i ei veka. Hjå Daumer lærte Kaspar seg å lesa og skriva på skikkeleg vis. Etter kvart let han Nürnberg få vita at han ville skriva ein sjølvbiografi. Dette ser ut til å ha skremt ein eller annan, for 17. oktober vart Kaspar funne medvitslaus i kjellaren til Daumer, med eit sår i panna. Han var ikkje til å snakka med i eit par dagar, men so fortalde han at ein mann med ”svart andlit” hadde slege honom i hovudet. Med dette meinte han nok at mannen hadde vore tildekt.

I Ansbach

Etter dette åtaket vart det avgjort at Kaspar skulle flyttast. Han vart umplassert tvo gonger, siste gongen hjå ein mann med namnet von Tucher. I februar 1831 søkte den engelske lorden Stanhope um løyve til å adoptera Kaspar. Fyrst i desember fekk han lov til dette, og då tok han Kaspar med seg til Ansbach. Men Lord Stanhope gjorde ikkje noko for å få Kaspar med seg til England, han berre let honom vera i Ansbach. Kaspar treivst dårleg der, og lengta attende til Nürnberg.I desember 1833 vart Kaspar yverfallen i ein park i Ansbach. Det vart stadfesta at han hadde fenge eit djupt sår i vinstre side av brystet. Dagen etter greidde han å fortelja kva som hadde skjett: Ein framand mann hadde lova honom å fortelja kven foreldri hans var, dersom han vilde sverja på å halda tett um det. Kaspar hadde gjeve ein eid på dette. Då hadde mannen gjeve honom ein pengepung, stukke honom ned og sprunge sin veg. Det synte seg at innhaldet i pengepungen ikkje var anna enn meiningslaust skribleri på ein papirlapp. 17. desember døydde Kaspar Hauser av stikksåret han hadde fenge.

Kaspar Hauser si grav i Ansbach utanfor Nürnberg.

Kaspar Hauser si grav i Ansbach utanfor Nürnberg.

Ulike teoriar

I tidi etter at Kaspar var daud vart det set fram mange teoriar om kven denne merkelege mannen kunne ha vore. Fritenkjarane trudde at han hadde narra alle i hop. Dei meinte at han hadde loge um alt: frå livssoga si, um åtaki òg dei meinte at han hadde såra seg sjølv. Andre teoriar gjekk ut på at Kaspar hadde vore eit offer for ei utuktsgjerning i høgare krinsar. Atter andre hævda at Kaspar vart drepen av di han var arving til ein adeleg tittel (son av Karl, storhertug av Baden og hertuginne Stèphanie). Nokre heldt framleis fast på at Kaspar var ein evneveik som foreldri ville sleppa å ha andsvaret for, og at han var son av ein bonde. Dette meinte dei å kunna prova millom anna utfrå brevet som bar preg av å vera skriven av ein lettvektar. Men andre meinte at dette brevet var ein svindel.

DNA-prøver

I 2002 vart det teke DNA-prøver frå hårlokkar og klede som hadde tilhøyrt Kaspar Hauser. Dei vart samanlikna med prøvor tekne frå Astrid von Medinger, ein etterkomar av hertuginne Stèphanie. Prøvone viste ikkje samsvar, men eit slektskap kan likevel ikkje avvisast heilt, sidan skilnadane kan koma frå bråe endringar i arveeigenskapane. Men noko avgjerande prov for ”prinse-teorien” er dette likevel ikkje; DNA-lina som vart funnen, er vanleg hjå den tyske folkesetnaden. Det skal òg segjast at denne teorien hev møtt motbør frå moderne historikarar. Enno i dag kann me altso ikkje gjeva eit fullgodt svar på spursmålet: Kven var eigenleg Kaspar Hauser?

Litteraturlista for “Gåta Kaspar Hauser”

Hohlenberg, Johannes E. (1923): Kaspar Hauser. En sjæls tragedie København: Nyt Nordisk Forlag

Lang, Andrew: The Mystery of Kaspar Hauser I: Andrew Lang (1905): Historical Mysteries, www.online-litterature.com/

andrew_lang/historical-mysteries/6/

Russel, Eric Frank: Barnet fra Nürnberg I: Tage La Cour (1960): Uløste gåter i vår verden Oslo: Helge Erichsen Forlag

Wassermann, Jakob (2002): Caspar Hauser eller Hjertets treghet (roman) Oslo: Antropos Forlag

Wikipedia (2009): Kaspar Hauser, http://en.wikipedia.org/wiki/Caspar_Hauser

Ukjend forfattar: Gåten i Nürnberg I: Nigel Blundell  & Roger Boar (red.) (u.å.): Uløste kriminalmysterier Oslo: Fredhøis Forlag

Dessutan tri artiklar av Brian Haughton:

www.mysteriouspeople.com/Hauser1.htm

www.mysteriouspeople.com/Hauser2.htm

www.mysteriouspeople.com/Hauser3.htm

K. Kiplesund

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 12 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!