Kjærkomne kystsogedagar i Meland

Kystsogevekene er ei årviss tilskiping i Hordaland og Gulen. Fyremålet med Kystsogevekene er å lyfta fram den tradisjonelle kystkulturen på Vestlandet. Ein vil styrkja identiteten i kystdistrikti med di ein gjev folk kulturupplevingar knytte til tradisjonelt handverk, mattradisjonar og musikk. I år vert Kystsogevekene skipa til for attande året på rad, med ei rad ulike tilskipingar yveralt på Vestlandet. Målmannen er til stades og rapporterar frå Kystsogedagane på Holmeknappen i Meland.

I Meland Kommune i Nordhordland er Kystsogedagane på Holmeknappen eit fast innslag. På den gamle dampskipskaien er det friluftscena med lokale artistar, det er marknad med lokale produkt, det er utstilling av gamle veteranbilar – og sist, men ikkje minst, so ligg dei tvo gamle rutebåtane D/S Oster og M/S Vestgar til kai.

M/S Vestgar gjekk i mange år i rute i Øygarden. Og D/S Oster? Ja, det er sjølvaste «gamle dampen» som Ivar Medaas komponerte den syrgmodige avskilsvisa til i 1963 (Sjølve teksti var skrivi tidlegare, i 1953, av døvepresten Ragnvald Hammer).

D/S Oster ved kaien, medan M/S Vestgar er åt å leggja innåt.

D/S Oster ved kaien, medan M/S Vestgar er åt å leggja innåt.

På friluftscena var det eit skifterikt program, med lokale artistar av ymist slag. Sjølve vart me framfor alt hugtekne av innslaget frå Hjelmås mannskor. Staute karar i sin beste alder, i skjorta og slips. Dei byrja med å framføra klassiske visor av Evert Taube – fyre dei avslutta med ein song som er best kjend som «You raise me up», men der mannskoret til vår store gleda valde å nytta seg av nynorskumsette «Du gjev meg kraft» (Bjørn Øyan).

Hjelmås Mannskor framførde visor av Evert Taube.

Hjelmås Mannskor framførde visor av Evert Taube.

Det neste høgdepunktet kom då Hurtigruta kom forbi kaien og fløyta til dei frammøtte. Folk hadde samla seg på dekket på D/S Oster, og stemningi var høg når D/S Oster sleppte ut dampen so det dura attende.

Etter at Hurtigruta hadde vore forbi, so gjekk det musikalske programmet vidare. Det vart attersyn med flestalle dei gamle klassikarane frå Strilalandet: «Tar du med ei helsing» (Johannes Kleppevik), «Gryta hennar mor» (Salhuskvintetten), «Ferjebillettøren» (Salhusvinskvetten) – og til slutt endelegt «Gamle Dampen», som tona ut til skipsklokka åt D/S Oster.

Vèret kunde ha vore betre, men det høyrer til slikt som ein ikkje kann rå med. For dei som ikkje vilde verta våte so var det sett upp eit stort kafètelt på kaien der ein kunde få seg skikkeleg «mannjamat» til ein greid pris: Det heiter sild og potetor.

Nordhordland Tempoklubb møtte både mann- og motorsterkt fram.

Nordhordland Tempoklubb møtte både mann- og motorsterkt fram.

Veranbussen åt Bergen og Nordhordland Rutebillag.

Veranbussen åt Bergen og Nordhordland Rutebillag.

Medan Meland Kommune er sterkt påverka av innflytjing frå Bergen, so kunde dei frammøtte på Kystsogedagane gle seg yver at det meste atter var ved det gamle på Holmeknappen Kai denne helgi. Både på scena og ved salsbudene so gjekk det i nynorsk og nordhordlandsdialekt. For alle som er upptekne av å verna lokal kultur og identitet mot sentralisering, storbyekspansjon og andre lokalsamfundsuppløysande stemneleider, so er Kystsogedagane eit kjærkome pustehol.

Olav Torheim