Politisporet 22. juli: Ein fårleg fiksjon

Torstein Viddal er skribenten som kann takka norsk politi for at han i 2013 tok steget inn i fiksjonen og debuterte med si fyrste skjønnlitterære bok, “Politisporet”. Den nye forfattarskapen er resultatet av ei rad hendingar som Viddal brått og uventa berre vart kasta inn i…

Sjølve romanskrivingi tok til i november 2012, etter at kommisjonsrapporten um 22. juli var vorten lagd fram. Titelvalet “Politisporet” skaper straks assosiasjonar til mordet på Olof Palme, og nett Palme-mordet vert i Viddal si bok sett upp som ein viktug parallell til det som hende 22. juli 2011. Det gjeld både terroråtaket, politiarbeidet og granskingi etterpå.

For Torstein Viddal byrja det heile den den 22. juli 2011, i tri-tidi på ettermiddagen. Viddal var heime i husværet sitt i Oslo, berre eit steinkast frå Regjeringskvartalet, då han kjende på smellen frå det han fyrst trudde var eit ljonnedslag som hadde gjenge rett ned i grannebygget. Det sterke lufttrykket fekk stoveglaset til å springa ut, men utan å knusa eller gå av hengslone. Det var trykkbylgja frå eksplosjonen i Regjeringskvartalet…

Enno visste ingen kven som stod attum åtaket, men Viddal henta straks fram kameraet sitt, tok seg ut på gata og heldt fram mot regjeringsbygget. Stogga av polititeip og avsperringar vart han augevitne til terroristen sine herjingar. Viddal kom sjølv med på nokre av dei aller fyrste TV-upptaki (NRK) frå Akersgata.

TERROR: Stolar frå ein kafe i Akersgata, på hovudet med stolbeini stikkande gjenom vindauga (Foto: Torstein Viddal).

TERROR: Stolar frå ein kafe i Torggata, på hovudet med stolbeini stikkande gjenom den utblæsne vindauga (Foto: Torstein Viddal).

Viddal var i tidi etter terroraksjonen ikkje serlegt nøgd med måten media og styresmakter tok hand um saki. Millom anna undra han seg yver at det vart sett ned ein “22.juli-kommisjon” der mandatet var at det ikkje skulde granskast noko som helst um kven som stod bak eller eventuelt hadde vore medhjelparar til terroraksjonen. Viddal freista difor å samla mest moglegt informasjon på eigi hand.

Politihelikopteret som ikkje fekk ta av

Under arbeidet sitt med å samla informasjon, både frå norske og utanlandske nyhendekjeldor, gjorde Viddal seg ei rad observasjonar som han tykte var underlege. Det mest graverande var det at Vernebuingstroppen (Beredskapstroppen) hadde vorte nekta å nytta Politiet sitt helikopter på ettermiddagen den 22. juli. Tvo gonger denne ettermiddagen hadde Vernebuingstroppen bede Oslo-politiet um løyve til å nytta helikopteret, og båe gongene hadde dei fenge nei. Politihelikopteret som Vernebuingstroppen ikkje fekk lov å nytta vart seinare på kvelden sendt ut på eit rutineuppdrag yver Oslo Sentrum. Fyrst i 23-tidi um kvelden vart det til slutt sendt til Utøya for å leita eller fleire moglege terroristar…

Kvifor skulde ein ikkje få nytta seg av politihelikopteret medan det enno var bruk for det? Helikopteret hadde vorte lakkert dagen fyreåt, vart det sagt, men var det viktugare å lata lakken turka på helikopteret enn å hindra at ungdomar vart drepne? Det er makabert berre å tenkja tanken. Helikopteret hadde dimeir vorte lakkert på Rygge Flystasjon og sidan floge til Gardermoen flyplass der det vart sett på bakken, so det hadde paradoksalt nok alt vore i luftromet yver Utøya!

Korkje media eller den offisielle kommisjonen vilde ut med namnet på personen som hadde nekta Vernebuingstroppen å få nytta politihelikopteret. Torstein Viddal greidde kor som er å resonnera seg fram til kven han meinte laut vera den andsvarlege, og han la denne informasjonen ut på sin eigen blogg – dette i von um at andre kann hjelpa honom med å få fakta på bordet. Det som hender då er at Kommunikasjonsavdelingen i Oslopolitiet kontaktar Viddal på telefon og e-post med bøn um at identifiseringi skal fjernast. Når Viddal segjer nei, vert den audmjuke bøni formalisert til eit krav. Viddal vert ilagd ei bot på 50.000 kr, pluss dagbøter for um lag 25.000 kr!

Saki hamnar i Forliksrådet, og Viddal hev ikkje anna val enn å sletta informasjonen. Kven som sa nei til å setja polithelikopteret i lufti skal kort og godt få verta verande ein godt vakta løyndom. Soleides kjem me til slutten på granskingi åt Torstein Viddal, og byrjingi på det fiktive arbeidet til bergensarane Karlsen og Mjelde…

Ein bergensar tek saki

Karlsen er ein arbeidsledig bergensar som nyttar dagane sine til nettsurfing, kaffidrikking og røykjing. Nokon Varg Veum er han nok ikkje, snarare ein dagdrivar. Men med terroraksjonen 22. juli fær han eit uppdrag å setja ut i livet: Han vil finna kva som verkelegt hev hendt, og korleides. Til dette fyremålet allierar han seg med ein gamal kompis, Mjelde, og saman publiserar dei resultati sine på ei nettsida som dei kallar for Pro-Demokratisk Union. Mjelde er litt av ein dagdrivar, han med, og soleides hev dei nok av tid til å setja seg inn i alle detaljane som kjem fram um saki i media – detaljar som ikkje alltid stemmer med einannan og slett ikkje med det store, offisielle bilætet som vert skapt i massemedia.

Kvifor Vernebuingstroppen ikkje skulde få lov å nytta politihelikopteret er eitt av spursmåli som Karlsen freistar å få greida på. Men han nøgjer seg ikkje med det. Av andre spursmål som han tykkjer at han ikkje fær gode svar på hev ein til dømes:

  • Korleis kunde det ha seg at Vernebuingstroppen den 22. juli øvde seg på nett det same scenarioet som på Utøya? Øvingi tok slutt klokka 15, berre minutt fyre bomba gjekk av på regjeringsbygget.
  • Korleis kunde det ha seg at Politiet faktisk fekk tilgang til registreringsnummeret åt attentatmannen sin bil, men samstundes let registreringsnummeret verta liggjande att på ein papirlapp og ikkje leidd vidare til politipatruljane kring Oslo?
  • Korleis kunde det ha seg at politipatruljane på strekket millom Oslo og Utøya rett og slett ignorerte ordren frå operasjonsleidaren um å setja upp vegsperringar? Kvifor berre sleppte dei trafikken forbi?
  • 22. juli skulde vera dagen då alt svikta, vert det sagt. Kvifor denne himmelropande inkompetansen til å løysa eit problem som ein hev øvd seg på den same dagen?

Sams for alle desse sakene er at media helst ikkje vil skriva um dei, og i alle fall ikkje nemna namni på dei personane som tok desse lagnadstunge avgjerdene. Um registreringsnummeret på bilen ikkje berre hadde vorte krota ned på ein papirlapp og lagd burt, so kunde ein ha hindra heile Utøya-massakren. Um politihelikopteret hadde vorte sett i lufti i tide, so hadde ein kunna stogga massemordaren fyre talet på dødsoffer vart det største i Noreg i fredstid.

Alt dette stend i sterkt kontrast til den medfarten som Fjordmannen, Peder Nøstvold Jensen, skulde få i media etter 22. juli. Fjordmannen vart nøydd til å reisa frå landet – som fylgja av ei grufull hending som han heilt uskuldig vart dregen inn i. Men dei som hev det ytste andsvaret for lagnadstunge avgjerder som kann ha kosta hopetal med menneskeliv, dei skal skjermast i ålmenta. Skyna det den som kann.

Hit, men ikkje lenger…

Karlsen skynar helder ikkje mykje av dette, men kanskje ikkje so rart? Det arbeidslause livet på hybelen i Bergen, der dei einaste gledjone er nokre spanske gjentor som han hev møtt på myntvaskeriet, det er gjerne slikt som fører til gruvling yver saker og ting som gjenomsnittsborgaren helst ikkje vil tenkja på. Eg fær ein tendens til å keida meg når eg umatt og umatt lyt lesa um dei same kaffikoppane og sigarettane. Kor som er, so mykje anna enn dette er det vel ikkje som ventar dei som nektar ta til takke med A4-livet sine offisielle versjonar. Å vera dissident hev sin pris, jamvel i “verdsens beste land”.

"Toppjobb i NATO" var ei av VG-yverskriftene som ein kunde lesa gjenom den knuste glasruta i Akersgata. 3 år seinare var det nett som venta mannen som var statsminister i Noreg den 22. juli 2011...

«Toppjobb i NATO» var ei av VG-yverskriftene som ein kunde lesa gjenom den knuste glasruta i Akersgata. 3 år seinare var det nett det som venta mannen som var statsminister i Noreg den 22. juli 2011…

Soleides kjem Karlsen til det punktet der han skynar at han veit det han treng å vita, og samstundes kjem han ikkje noko lengre. Dørene er stengde. Meiningsmuren hev reist seg. Jamvel Didrik Søderlind og John Færseth fær sagt sitt um Karlsen sine samfundsnedbrytande granskingar, og domen frå dei liberale systemvaktarane er ikkje nådig: Dette er konspirasjonsteoriar. Eg bladar fåfengt til den neste sida i boki, fyre eg ser at eg alt er komen til den siste. Meir skulde ha vorte skrive, men det er stopp no. Sporet er framleis for ferskt. Kanskje um 10 år?

Torstein Viddal,
“Politisporet”,
Glohug Forlag,
2013