René Guénon – Metafysisk mystikar og tradisjonalist

The Essential René Guénon – Metaphysics, Tradition, and the Crisis of Modernity / John Herlihy (redaktør), Martin Lings (introduksjon). – Bloomington, USA : World Wisdom, Inc & Sophia Perennis., 2009 – 312 s. ISBN 978-1-933316-57-4 (hf.)

«If a few people in the West, through reading the preceding pages, could become conscious of all that is lacking to them intellectually, if they could, we do not say understand, but only just catch a glimpse and a suspicion of it, then this work would not have been written in vain» (side 264).

I Noreg kann det vanskeleg hevdast at den franske religionsvitaren, metafysikaren og matematikaren René Guénon (1886-1951) er eit velkjend namn i dei fleste heimar. I eit land som diverre hev vorte so vesalt på søkjande intellekt og kultur som vårt eige, er dette kanskje ikkje so merkeleg. Hev ein ikkje rom i livet sitt for vår eigen heimlege arv, so hev ein vel neppe rom for det som kjem frå det europeiske kontinentet helder. Merkeleg mange ser elles yver Atlanterhavet når dei vil kveikja intellektet, men dei vilde standa som livande spursmålsteikn um einkvan vilde tala  med deim um det som er odla i moldi til den skandinaviske halvøyi.

Rene Guenon i sin ungdom.

Rene Guenon i sin ungdom.

Lesaren vert likevel snøgt slegen av at  mange mildt sagt store namn innan religion og religionsforsking fagnar boki til Guénon. Dei er medtekne  på umslaget av boki, og eg nemner i fleng: Ananda K. Coomaraswamy, Seyeed Hossein Nasr, Huston Smith, Jacob Needleman, William Stoddart, Philip Sherrard, Marco Pallis, Harry Oldmeadow, Whitall N. Perry, Jean Borella, Fader Seraphim Rose, Joscelyn Godwin, Gait Eaton og Walter Shewring, millom mange andre. Når mange av desse ruvande kjempone skriv at Guénon forma dei meir enn deira eige religionsuttrykk gjorde, so er ein på sporet av noko djupt, kor som er.

René Guénon var fødd i Blois i Frankrike, og voks upp i eit strengt katolsk miljø. Han kom frå ein etter måten velhalden huslyd, og livet såg bjart ut for den unge matematikkstudenten. Slik som ein anar, so skulde livet hans i staden taka ei onnor renning enn den borgarlege som var utstaka for honom på fyrehand, fram til han enda sine dagar på 1950-talet som ein konvertitt til ein islamsk sufiorden i egyptiske Kairo. Han let etter seg ein bibliografi som kannhenda er rekna for den viktugaste for dei som er upptekne av korleis andelege og kulturelle spursmål kann vera samanvovne. At den unge franske kona hans brått og uventa døydde, var nok ein av katalysatorane for dei  inntrengjande metafysiske studiane og den andelege uppvakningi som fylgde med honom etterpå.

Boki i seg sjølv er skift inn i fire bolkar, med rundt ti artiklar i kvar bolk. Dei er i grunnen  delbolkar av hovudbolkane elder heile artiklar frå mange av dei verki han hev gjeve ut. Forlaget Sophia Perennis hev tidleg på 2000-talet gjeve ut samleverket hans i væne utgåvor, med teikningar på framsida av skrivaren sjølv (1) .

Dei fire bolkane i boki som tek fyre seg ulike emne, er knytte til: Den moderne verdi, Den metafysiske verdi, hindu-verdi og sistpå den tradisjonelle verdi. Ein bit seg merkje i at desse bolkane frå utgjevaren er gløgt samansette, for dei byggjer lesaren upp til å skyna bodskapen attum det han les og på det settet forstå samanhengen i tekstane. Det tek til med at han kritiserar  den moderne verdi og Vesten, og det er nær sagt einslydande umgrep for honom, han fylgjer på med grunnleggjande metafysiske umgrip, dinæst kjem det eit dukk ned i den hinduistiske tradisjonen av di han kann tena både som serskilt og ålment  døme til å skyna Guenon og til slutt kjem det eit stutt yversyn yver «den tradisjonelle metoden», altso korleis alle desse tankane og umgripi fær eit handfast utslag i tekstar um millom anna Gralssoga, taoismen, kristendomen, islam og jødisk mystikk.

Den moderne verdi

Den moderne verdi bryt med tradisjonelle verde som hev vore rettesnori sidan byrjingi av menneskjesoga, og ho er mest motskapt av den tradisjonelle verdi, slik Guenon ser henne. I våre dagar tenkjer me at me litt etter litt gjeng mot noko betre, det hev vorte til ein framgangsrik tanke, men Guénon vender det på hovudet og segjer at det tvert i mot gjeng fyre seg eit ovstort forfall. Der ein tidlegare hadde andelege senter ein orienterte seg etter, hev no alt splintra seg i alle leider og alle andelege hierarkiske funksjonar er burte (elder rettare sagt dimma, sidan dei aldri kann verta burte, men i verste fall løynde til dess dei kann finnast att). I dag herskar ein platt materialisme, og han regjerar som eit dogme, og kvantitet herskar i motsetnad til den tradisjonelle viktleggjingi av kvalitet. Ein syklus stig snøgt ned i eit historisk utsyn, men det gjeng etter måten sakte og meir umerkande i kvardagslaget.

Guenon tek utgangspunkt i den hinduistiske fyrestellingi um menneskesoga som ein slags nedettergangande syklus. Han ser fyre seg at denne nedgangen startar frå eit fullkome utgangspunkt langt attum oss i tidi, og endar i den forfallstidi som me ser i dag. Den moderne verdi er på slutten av det som i hinduistisk terminologi vert kalla for Kali Yuga (2), og der hev me vore dei siste 6000 åri.

Forfallstidi vår i dag er merkt av at det breider seg meir og meir antiintellektualisme og intoleranse for synspunkt som vik av frå den kommersielle hovudstraumen. Det som millom anna hev hendt er at materien hev bunde seg fast i menneski, skriv han. Dei moderne menneskji hev freista leggja under seg naturi, men på denne måten vart dei sjølve fanga i eit sjølvskapt tilhøve: «The more they have sought to exploit matter, the more they have become its slaves, thus dooming themselves to ever increasing agitation without rule or objective, to a dispersion in pure multiplicity leading to its final dissolution» (side 15). Guénon umgrepsfestar materialisme, slik at han vik av frå den gjengse ein nyttar i dag, for han meiner materialismen stengjer menneski ute frå ei høgare røynd burtanfor materien: «It seems that nothing exists for modern men beyond what can be seen or touched; or at least, even if they admit theoretically that something more may exist, they immediately declare it not merely unknown but unknowable, which absolves them from having to think about it» (side 31). Dette hadde naturleg nok ikkje vore so innfløkt, skynar ein, um det var slik at ein kunde velja å liva tradisjonelt elder moderne, alt ettersom kva ein sjølv hadde for slags fyrebilete, men eit slikt pluralistisk syn er det ikkje råd å finna fram til i dag, hevdar han, for moderniteten er (kannhenda tankevekkjande nok) ikkje so tolsam, for han freistar stødt å tvinga alle inn i det moderne livet: «[…] the fact should be taken into account that not all men have the same tastes or the same needs, and that there are still some who would wish to avoid modern commotion and the craving for speed, but who can no longer do so. Could anyone presume to maintain that it is a ‘benefit’  to these people to have thrust on them what is most contrary to their nature?» (side 37).

Han vert vanvyrd og gjord til lått, han som vil freista å halda seg undan det moderne jaget etter profitt og masseproduksjon: «[…] the modern West cannot tolerate that men should prefer to work less and be content to live on little; as it is only quantity that counts, and as everything that escapes the senses is held to be nonexistent, it is taken for granted that anyone who is not in a state of agitation and who does not produce much in a material way must be ‘lazy’ » (side 38). Han  set den moderne vestlege sivilisasjonen upp mot den tradisjonelle, som kann vera både kristen, heidensk, islamsk, jødisk eller hinduistisk. Kva for eit sermerkt religiøst uttrykk den tradisjonelle sivilisasjonen er tufta på, er ikkje det viktuge, men at han målber ein ekte og livande tradisjon.

Den metafysiske verdi

Upp mot den forfalne samtidi set Guénon  det han kallar den metafysiske(3) verdi. Guénon skriv at det til dømes i den hinduistiske tradisjonen ikkje finst noko skilje millom esoteriske og eksoteriske religionsuttrykk, slik ein til dømes ofte finn i nyare kristendom, for i India  er denne indre og ytre doktrinen nært samanknytte i ein heilskap: «In India it is not possible to speak of esoterism in the strict sense of the word because there one does not find doctrine with the two aspects, exoteric and esoteric. One can only speak of a natural esoterism, in the sense that each individual will reach just those depths or go just so far into the doctrine as his own intellectual capacities allow, because for certain human individuals there are limitations inherent in their very nature that are impossible for them to overcome» (side 78).

For, hevdar Guénon, menneski er so mykje meir enn dei freistar å vera, serleg i Vesten. Menneski er ikkje berre atomiserte individ som liver sine stutte liv einsame på jordi, men det er so mykje meir to i deim: «Indeed, the human individual is both much more and much less than is generally supposed in the West: much more, by reason of his possibilities of infinite extension beyond the corporeal modality, to which, in short, everything belongs that is commonly studied; but he is also much less, since far from constituting a complete and self-sufficient being, he is but an outward manifestation, a fleeting appearance assumed by the true being, which in no way affects the essence of the latter in its immutability» (side 88).

Guénon ynskjer medborgarane sine alt godt, for han ynskjer at me alle skulde nytta oss av det tilfanget me ber i oss, men som  fåe nyttar i dag,  mykje på grunn av den materielt innretta samtidi som vart fyrehavt i den fyrste bolken av boki. Guénon meiner at den tradisjonelle doktrinen skriv seg frå noko som er større enn menneski sjølve, Gud, um ein vil, og denne doktrinen er difor æveleg og ubrigdeleg. Tilhøvi endrar seg og gjev doktrinen ulik form, men den indre kjernen er konstant, hevdar han.  I vår tid høyrer ein  rett som det er at det er  naudsynlegt  å «verna Vesten», men eit slikt synspunkt vil, etter Guénon sitt syn, vera meiningslaust og beint låttelegt: «Today one hears from many quarters of the ‘defense of the West’ , but unfortunately it does not seem to be understood that it is chiefly against itself that the West needs to be defended, that the greatest and most formidable of the dangers that threaten it stem from its own present tendencies» (side 91). Det kann då vera noko å tenkja på for nokon kvar i desse Frp-tider med grunt våsepreik um «vestlege verdiar» (som tankevekkjande nok er so langt frå den upphavlege doktrinen at ein kann tala um ein umbyting av verdiar), um ein stikk i strid med Guénon skal vera litt humoristisk og dagspolitisk.

Det kann leggjast imot, må vita, at mykje hev endra seg utanfor Vesten sidan Guénon skreiv dette, og dette kann godt vera eit saks-svarande motlegg, for ein kann tvila  på um Austen er like hevdbunde i dag som Guenon framstelte det den gongen. Som retorisk punkt hev han kor som er eit poeng. Det er ingen som «trugar» Vesten meir enn han gjer sjølv med dei prosessane den moderne tidi fører med seg. Same kva ein meiner,  skal ein nok neppe tolka Guénon som nokonslags umvendt orientalist, (oksidentalist, vert det vel heitande), for han er heile tidi klår på at den upphavlege doktrinen er hyperboreisk  i sitt upphav. Ein skal med andre ord helder tala um eit sams, polart upphav for den tradisjonelle doktrinen enn eit slags kunstig skilje millom eit «Vesten» og eit «Austen», jamvel um folk i mange krinsar hevdar at Austen og Vesten er i strid med kvarandre, ikkje minst folk i USA, landet som hev eit økonomisk og imperialistisk motiv for å få folk til å  tenkja slik – og som um noko land er det,   må reknast som materialismen si høgborg. Motvekti til forfallet er at Vesten vender seg til dei rike uttrykki i den tradisjonelle arven. Der kunde han finna att seg sjølv, og det som er høgare og større enn dei einskilde menneski.

Den hinduistiske verdi

Det heiter seg at det var meir eller mindre på slump at Guénon enda som konvertitt til sufismen. For han var eigenleg på veg til India, men  halvveges fram vart han nekta visum av britane som  styrde landet då, og han vart difor verande i Egypt. For, hevdar han, knapt hev ein sett eit so klårt uttrykk for den tradisjonelle doktrinen som i hindutradisjonen, tufta som han er på dei urgamle vediske skriftene, dei eldste religiøse skriftene ein kjenner til i dag og som enno vert nytta i ein ubroten tradisjon.

Hinduismen låg alltid nært hjarta til Guénon, og han hevda at den framsynte og den tradisjonelle doktrinen i sin klåraste tilgjengelege essens i dag låg i hinduismen. Skriftstyrarane til boki samanfattar med at: «The entire Hindu tradition is founded upon the Veda, a scripture which portrays traditional knowledge in its most essential form. Since its origin is considered to be ‘non-Human’ , the Vedic scriptures exude a timeless and immutable quality and convey metaphysical knowledge that possess the character of absolute certainty. In the Hindu world, knowing and being are two aspects of the same reality; theory has its place, so long as it is accompanied by a corresponding realization» (side 133).

Sume lesarar i våre dagar tykkjer kannhenda at det kann verka framandt å lesa um doktrinar med «ikkje-menneskjeleg upphav», men Guénon er ikkje ein mann som kneler for borgarlege konvensjonar av noko slag. Um ein er ein frilynd lesar, fær ein vera med på litt av ei ferd gjenom det tradisjonelle tilfanget han på det jamne nyttar den tradisjonelle metoden sin på.

For, ein av dei mest grunnleggjande pilarane i den tradisjonelle idéverdi han fremjar er tanken um «under og yver», altso at den menneskjelege røyndi ein ser her på jordi vert atterspegla i ei høgare røynd. Skal ein kunna sanna noko um denne høgare røyndi – og det er målet for Guénon – då kann ein etter Guénon sitt syn finna nokre av dei mest høvelege rettesnorene i den hinduistiske tradisjonen (men i alle andre andre genuine tradisjons- og religions-uttrykk(4) med) slik han legg det fram i mange tekstar tufta på tradisjonell lærdom.

Den tradisjonelle verdi

I den siste bolken i boki nyttar Guénon seg av den «tradisjonelle metoden» til å taka fyre seg handfaste utslag av den ævelege doktrinen han greider ut um, millom anna augefer han  Gralssoga og symbolismen i henne. Her fortel han at i alle tradisjonar finst det sogor um eitkvart som hev gjenge tapt: «Every tradition contains such allusions to something which, at a certain time, became lost or hidden. There is, for example, the Hindu Soma – the Persian Haoma – the ‘draught of immortality’  which has a most direct relationship with the Grail, for the latter is said to be the sacred vessel that contained the blood of Christ, which is also the ‘draught of immortality’. In other cases, the symbolism is different: thus according to the Jews it is the pronunciation of the great divine Name which is lost, but the fundamental idea always remains the same[…].» (side 201). Dette tapet av noko umisteleg er eit emne som Guénon tek upp gong etter gong i sine mange bøker og tekstar, og ein kann nok segja at viljen til å finna att dette tapte elder løynde er det som driv honom til å søkja meir og meir i dei tradisjonelle brunnane etter æveleg visdom.

Ein glup lesar byrjar nok med kvart å skyna kva det er Guénon siktar til, og um han so skriv um islamsk, jødisk, hinduistisk, kristen, heidensk elder nokor onnor form for doktrine, er viset alltid det same og målet likeso. Han ynskjer å syna eit sams upphav attum alle desse sidegreinene, og få lesarane til å finna den vegen som høver deira «personlege likning» best, som han skriv det.

Difor legg han vekt på mangfelde når ein granskar den siste bolken, med mangfelde kann ein tenkja seg ulike huglynde, nasjonalitetar, etnisitetar, kulturar, kyn og andre tenkjelege variablar som han meiner vil spela inn på kva som er mest høveleg for einskildindividet. Det er ikkje råd at ein berre kann lesa seg til å sanna kva som høver ein best, skriv han, endå um bøker hev ein stor plass i livet til dei som ynskjer ganga denne vegen, måvita. Ein lyt nysta upp ein tråd gjenom livet, og den tråden fører alltid attende til den same kjelda, um so vegen fram kann vera mangslungen. Eit slags upptak er naudsynt, og den kann ein ikkje få gjenom å sitja og lesa ei bok åleine, men ein lyt søkja seg fram til ei form for livande uttrykk for den læresetningi han fremjar.

Uppsumering

Det skal segjast at Guénon ikkje hadde den store voni um å vera i stand til å retta upp den skakkøyrde retningi som Vesten hev slege inn på, men, som han skriv, um berre nokre fåe i minsto synte seg i stand til å fylgja honom til kjelda, hadde heile livsverket hans vore verd det.

Same kva slags bakgrunn ein skulde ha, skulde det soleides vera mykje å henta for den som vil gje seg i kast med Guénon sine mange bøker, og denne serskilde innføringsboki gjev lesaren eit fint yversyn yver den bodskapen han hev. Um ein so er religiøs elder ei, so skulde ein nok tru at mange lesarar vilde njota den uppdagingsferdi som Guénon tek ein med på i den tradisjonelle arven, for det er sanneleg spanande og lærerikt å fylgja honom på eit djupdukk i den eldste visdomen som me hev fengje yverlevert frå forfedrane våre. Um ein ynskjer det, vil denne artikkelsamlingi vera ein sers høveleg stad å byrja. So sant ein hev ein nokolunde verksam heile og eit søkjande og ope hjarta.

Sluttnotar

1.http://www.sophiaperennis.com/category/ books/rene-guenon-series/ Tilgjengelege på denne lenkja. Sjå dessutan tidskriftet KultOrg, Årgang 11, Nummer 1&2 for underskrivne si melding av ”La crise du monde moderne”.

  1. Kali sin tidsalder, beint umsett. Det grekarane kalla Jarnalderen og våre meir heimlege forfedrar kalla Ulvetidi, elder Ragnarok, um ein vil. Med andre ord den siste tidsalderen, der stoda er på det låkaste.
  2. Yver fysikken, eller burtanfor fysikken.
  3. Dette kann ein lesa meir um i Platon sine mange verk, til dømes.

S. Andresen

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!