Salazar – Draumen um eit moderne imperium

Jean-Claude Rolinat hev gjeve oss ei grepa bok um ein mann og eit regime som er altfor lite kjent: Antonio Salazar styrde Portugal frå 1920-talet og fram til 1968. For nokre år sidan synte ei meiningsmæling at 40 prosent av portugisarane reknar Salazar som den viktugaste mannen i den portugisiske soga – godt framfor Vasco Da Gama!

Det var etter mange år med uro og politiske umskifte at herstellet tok makti i landet og avsette det mutekjære riksstyret. Den unge akademikaren Antonia Salazar fekk i  uppgåva å styra med pengestellet, og han gjorde arbeidet so godt at han snart vart sitjande som den øvste leidaren i landet.

Antonio Salazar

Antonio Salazar (1889-1970)

Salazar var ein einfeld og plikttrugen mann. Han var på skrivarstova si  kvar dag til faste tider, han sjølv livde eit nøgsamt liv og reiste mest aldri utanlands – tankevekkjande nok ikkje ein gong til koloniane som han framfor alt vilde at Portugal skulde halda på.

Salazar var ein nær stydjespelar av den katolske kyrkja. Han hadde ei hevdstyrd haldning og ynskte seg eit samfund som var tufta på på lagdelte samfundsgruppor. Landet hadde eit parlament av folkevalde, men politiske parti var forbodne.

Dei fyrste tiåri under Salazar var merkte av jamn og trygg framgang for den portugisiske staten. Portugal hadde millom anna heilt upp til fyrre hundradåret ei tid med ein høg prosent av analfabetisme, men den tidi slutta endeleg under Salazar. Styret hans vart umtykt av di det førde til høg økonomisk vokster og aukande materiell velstand.

Salazar greidde å manøvrera seg trygt ut or andre heimskrigen, med ei nøytralitetslina der han freista korkje å trakka England eller Tyskland på tærne.  Styret hans byrja kor som er å slita med eit stødt større problem frå seksti-talet av: Medan England og Frankrike gav sjølvstende åt det eine afrikanske landet etter det andre, nekta Salazar å sleppa det portugisiske herreveldet ned.  Dei portugisiske koloniane hadde til dessar upplivd fred og velstand, men kommunistiske motstandsgruppor som hadde base i dei nye sjølvstendige grannelandi, kasta Angola og Mosambik inn i ein stødt meir blodig borgarkrig. 500.000 portugisarar i Angola hadde budd i Afrika i meir enn 500 år, og dei var lite huga på å lida same lagnad som den millionen av franskmenner  i Algerie som fekk valet millom “kufferten eller likkista”. Sameleis var det med ibuarane i Goa – dei var stort sett kristne og vilde helder høyra til Portugal enn å verta innlema i India, men det hindra ikkje at India hersette og underla seg kolonien med hermakti si.

Portugisiske soldatar i Angola (1973).

Portugisiske soldatar i Angola (1973).

Salazar valde å gå ned med flagget til topps. Då han døydde i 1970, var Portugal den siste europeiske kolonimakti, men krigane i utlandet tærde på midlar og  moral. I 1974 var det slutt: Ein militærjunta felte regimet, og dei kasta korti i koloniane. Sviket mot dei kristne  i Aust-Timor var det mest stakkarslege. Landet vart annektert av Indonesia og 200.000 menneske miste med kvart livet. Kor som er: Portugal kunde i lengdi ikkje kjempa åleine for ein draum som alle andre europeiske land hadde sleppt ned.

Jean-Claude Rolinat,
“Salazar – le regrette”,
Synthese Nationale, 2012.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!