Terra Insubre – Kultur- og heimstadreising i Nord-Italia

    Italia er eit land med store regionale skilnader. Sume gjeng jamvel so langt som til å segja at Italia ikkje kann reknast som eit land i det heile. Millom desse finn ein kulturvernaktivistane i Terra Insubre. Ei helg i slutten av august var Målmannen sin utsende medarbeidar på vitjing hjå Terra Insubre sitt sumaruniversitet.

I land som Frankrike, Spania og Italia hev styresmaktene upp gjenom tidene freista einsretta nasjonen med di dei trykkjer den sentrale kulturen ut yver regionar som upp gjenom tidene hev havt si vidt ulike soga, og dimed sin vidt ulike kultur og identitet. Som eit svar på dette hev dei siste åri stødt sterkare regionale autonomirørslor vokse fram, og i Nord-Italia hev dei havt framgangar heilt utanum det vanlege. Sjølvstendepartiet Liga Nord er jamvel representerte i riksstyret, og rørslor som arbeider for å styrkja lokal kultur vert jamvel sponsa av aktørar frå næringslivet. Og vellukka kulturrørslor er det all grunn for eit blad som vårt å sjå nærare på!

Ungdomar i gruppearbeid.

Ungdomar i gruppearbeid.

Sumaruniversitet i sveitsisk fjellheim

Det var på ei nedlagd kaserna, 2500 meter høgt uppe i dei sveitsiske alpane (Ticine) at Terra Insubre hadde samla aktivistane sine til sumaruniversitet. Den fyrste natti vart me vekte av eit krasst torever og då morgonen rann, var landskapet dekt av snø.

På sumaruniversitetet  vart aktuelle kultur- og samfundsspursmål tekne upp til dryfting, og innimillom yktene var det tid til utflukter i den ville og mektige naturen (og eg som til vanlegt bur i det flate Hessen i Tyskland kunde paradoksalt nok slå fast at eg laut mange hundradtals kilometer vidare sud for å atter kjenna meg som heime).

Um kvelden vart det servert tradisjonell norditaliensk mat, polenta, som er av det litt andre slaget enn det ein elles kunde ha venta seg. For det meste av det ein reknar som typisk italiensk, som pasta og pizza, er i røyndi sud-italiensk. Norditalienarane hev derimot ein kultur og ein mentalitet som stend langt nærare vårt eige nordeuropeiske huglynne. Her vart det snøgt tydelegt nok at me var på ei heilt onnor bylgjelengde enn det ein elles hadde venta seg.

Utvalet av litteratur var stort.

Utvalet av litteratur var stort.

Koplingar til stoda i Noreg

For meg målmannen var det forvitneleg å sjå at aktivistane frå Terra Insubre hadde gjort mykje av dei same observasjonane som me kann gjera i vårt eige land.    For på same måten som i i våre eigne fjellbygder på Austlandet, og i randsonene kring Bergen, er den nedervde kulturen i Nord-Italia under stor endring. “Utvikling” kallar sume det, men utskifting er nok ein meir råkande karakteristikk.

Milan er i våre dagar vorte til ein typisk italiensk by, som hev mist det meste av den lokale serhåtten sin. Og byfolk som flytjer inn i landsbyane ikring hev liten vyrdnad for den lokale, nedervde kulturen. Det hastar med å gjera noko, skal ein kunna snu denne tilskeivingi.

Konsert med Ul Mik

Konsert med Ul Mik

Samling kring lagerelden på laurdagskvelden.

Samling kring lagerelden på laurdagskvelden.

Musikk- og kulturkveld

Den siste kvelden var det den lokale musikkgruppa Ul Mik som stod på scenen. Gruppa hadde utvikla sin eigen stil som dei kalla for “langobardeath”, men som likevel var meir for folkrock enn for daudmetall å rekna. Ved midnattstid var konserten forbi, men i staden for å gå til sengs, gjekk me alle ut og kveikte upp ein lægereld. Her vart me sitjande og syngja tradisjonelle folkesongar både frå Italia og Europa elles, og der Målmannen sin utsending stod for det norske tilskotet med “Dei gamle fjelli” og “Fager kveldssol smiler.

O. Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!