The Camp of the Saints (1973) – Framsynte Jean Raspail

«Og når dei tusund åri er lidne, skal Satan verta løyst ut or fengslet sitt. Og han skal ganga ut og dåra folki som bur ved dei fire jordhyrno, Gog og Magog, og føra dei saman til strid, og talet på dei er som havsens sand. Og dei drog fram yver den vide jord og kringsette lægret åt dei heilage og den byen som Gud elska.»

(Johannes» openberring, kapittel 20, vers 7-9).

Den franske forfattaren Jean Raspail er nok eit ukjent namn for dei fleste nordmenn. Ingen av bøkene hans er umsette til norsk, og millomfolkelegt hev han ikkje fenge serleg stor merksemd sidan han gav ut den fyrste romanen sin, Terre de feu – Alaska, i 1952. Undantaket er den umstridde  Le Camp des saints frå 1973, som til trass for – elder, kann henda heller på grunn av? – at han fekk hard medfart av dei leiande kritikarane, på fåe år vart ein bestseljar i heimlandet Frankrike og med kvart vart umsett til mellom anna spansk, tysk, italiensk og engelsk. Eg hev lese den engelske 1994-utgåva som er gjevi ut av av The Social Contract Press, basert på Norman Shapiro si umsetjing frå 1975.

Etter ei langvarande turkeperiode i India vedtek det belgiske riksstyret eit program der dei vil taka til seg eit stor gruppa av indiske born som skal få veksa upp hjå familiar i Belgia. Regjeringi fær likevel kalde føter og gjer um vedtaket etter at sendemennene (konsulatet) i Bombay vert rent ned av lutfatige foreldre som er vanvitugt huga på å senda borni sine til Vesten. Menneskjemengdi nektar å reisa attende til heimane sine med ungane, slær seg ned på staden kring konsulatet, og med kvart vert stemningi so hatsk at dei vestlege tilsette på konsulatet vert drepne av mengdi. Uppeldna av ein vanskapt indisk «vismann» – eit «monster»,  for å nytta Raspail sine eigne ord –  eslar menneskjemengdi seg til å taka saki i eigne hender og sjølv setja kursen mot Vesten. Um bord på hundre utrangerte vrak av nokre skip pressar dei seg saman, nesten ein million fattige inderar som hev esla seg til å fara ut til Europa, til «det lova landet» som flyt yver av mjølk og honning.

"Ser ein burt frå desse tvo punkti er det fåe ting som «skurrar» i denne  romanen som utan tvil er apokalyptisk. Til å vere snart 40 år gamal er han yverraskande dagnær, ja nær sagt profetisk med råkande skildringar av møtet millom høgst ulike kulturar og folkeslag."

«Ser ein burt frå desse tvo punkti er det fåe ting som «skurrar» i denne romanen som utan tvil er apokalyptisk. Til å vere snart 40 år gamal er han yverraskande dagnær, ja nær sagt profetisk med råkande skildringar av møtet millom høgst ulike kulturar og folkeslag.»

Medan armadaen er undervegs, fylgjer Europa spent med på korleis det gjeng med ferdi. Ingen vestlege styresmakter vågar å segja det høgt, men i sitt stille sinn vonar  alle at dei tarvelege rustholkane skal koma ut for uvér og søkkja, elder i det minste at um skipi skulde kome heilskinna fram so endar dei um ikkje anna hjå alle andre enn ein sjølv! Mange innser kva for ein uheppe det vil vera um ein heil million lutfattige lukkesøkjarar skulde velta inn yver grensorne åt eit vesteuropeisk land, ikkje minst av omsyn til signalverknaden, men mest ingen vågar å segja det høgt av redsle for den politisk korrekte stemningi som råder i Europa, og vinstreliberale journalistar og radiovertar som herjar med dei som tenkjer onnorleides.

Millom dei andre som fylgjer spent med på ferdi til «the last chance armada» som han medkvart vert heitande, er store gruppor av ikkje-europeiske menneskje som alt uppheld seg i Europa og utgjer store mindretal i mange byar. Dei ser på flòten som eit klarsignal til å gjera uppreist mot kvite «underkuarar». Når det vert klårt at skipi hev kome seg gjennom Gibraltarstretet og hev kurs mot den franske middelhavskysten, kjem den franske folkesetnaden der i ei illhuga stemning, dei reiser frå eigedomane sine og flyktar mot nord. Dei øydde byane er eit eldorado for kriminelle utskot av alle slag som reiser den motsette vegen og nyttar høvet til å plundra dei tome husi. Sudetter for å møta dei underkua flykningane frå den tridje verdi fer jamvel godtruande menneskevener av ymse ideologiske yvertydingar, i den trui at dei indiske flyktningane skal setja pris på ei slik varm velkoma. Som ein siste halslaus utveg vedtek den franske regjeringi å setja inn heren for å regelrett skyta ned båtflyktningane på strandi fyre dei fær sett sin fot på fransk jord. Men uppdraget er so uhyggjelegt at det store fleirtalet av soldatane stikk av og etterlet seg berre ei liti gruppe væpna menner som ikkje er i stand til å stogga millionsterke massen inderar som snart veltar inn på dei franske strendene.

I boki si handling er det tvo ting som er lite røyndomsnært: Den fyrste er at ein tung flyktningestraum frå den tridje verdi skulde koma i form av ein armada på éin million menneskje samstundes. Men i løpet av dei førti åra som hev gått sidan boki vart skrive, hev Europa teke i mot munlegt større tal på folk frå andre nasjonar, utan at det hev ført til den typen kaos og uhyggja som boka fortel um. Kvifor? Jau, dette handlar sjølvsagt um tempoet endringane skjer i… Mange europeiske land hev i dag store mindretal frå andre land, ofte millom  10 og 20 prosent av folket, og um alle desse hadde kome «deisande» ned i nasjonen yver natti vilde det ha skapt fullkomelegt kaos. I staden skjer folkevandringane i vår tid på ein varlåten, nærast usynleg måte, ikkje minst takk vera allmennpåverkarar i pressa og kringkasting som gjer sitt beste for å burtforklåra og kvitvaska den dramatiske utskiftingi av folket som gjeng fyre seg i vår tid.

Det andre punktet eg tykkjer er urealistisk er at flykningane i romanen kjem frå Ganges i India. I røynda er det jo flykningar frå Nord-Afrika og Midtausten som utgjer dei største gruppone av framande i europeiske land. Sume meiner at Raspail gjorde dette heilt medvite for å sleppe å provosera uturvande mykje. Alt den gongen hadde muslimsk innvandring frå tidlegare koloniar byrja å laga problem i Frankrike.

Ser ein burt frå desse tvo punkti er det fåe ting som «skurrar» i denne  romanen som utan tvil er apokalyptisk. Til å vere snart 40 år gamal er han yverraskande dagnær, ja nær sagt profetisk med råkande skildringar av møtet millom høgst ulike kulturar og folkeslag. Han hev til dømes råka mykje betre enn George Orwell sin 1984 når det gjeld skildringa av ei myrk framtid for Vesten. Og kann henda nett dét er grunden til dei rasande attendeverknadene frå den delen av kritikarstanden som vel må nemnast som «politisk korrekte». I 2012 byrjar me so smått å få fasiten på korleis det mangkulturelle røynet skulde kome til å enda, og det syner seg diverre at Jean Raspail hev vore visshøvleg då han såg fyre seg at Europa vilde verta råka av kaos, vald og uppløysing i – «den byen som Gud elska» – og det hende berre fåe tiår seinare.

Då boki utkom i 1973 vart ho møtt med øyredøyvande tystnad frå franske kritikarar. Ein vilde sjølvsagt halda seg for god til å gjeva ei «rasistisk» bok merksemd som kunde auka salet. Trass dette gjekk «jungelordet» og takk vera at ordet gjekk vart boki etter kvart ein bestseljar. Fyrst i Frankrike, seinare kom boki ut på andre språk i fleire land, og selde godt dér óg. Den engelske umsetjingi av Norman Shapiro kom ut i USA i 1975. Her var reaksjonane frå kritikarane meir blanda, sume var beint motmannslege, mange var gode, men i  minsto freista ein ikkje å tegja ihjel boki. Utgåva frå The Social Contract Press hev ei rad tillegg, millom anna eit intervju med Raspail frå 1993 og eit stort utval attmeldingar og umtalor frå kritikarar og andre. Dette er slikt som óg kan gjeva  meining for dei som les boki.

The Camp of the Saints er ein roman um folkevandringar, årsakene deira, og ikkje minst fylgjone deira. Det er ogso er roman om at me i «det rike Vesten» hev nokre eigenskapar som viser seg å vera lagnadtunge i møtet med store mengder framande folk i ei overfolka, globalisert verd. Førti år etter at ho kom ut er boki meir dagnær enn nokon gong, og skulde lesast av alle som er upptekne av spursmål um økologi, berefør vokster og folketalsvekst, men óg av spursmål um etnisk og kulturell serhått. Kort sagt, alle som er upptekne av spursmålet: «kva slag samfund skal etterkommarane våre arva?». Boki sin eigenlege bodskap og kryptiske titel vert med kvart klart for lesaren: Når striden stend millom to læger (camps), er det dét lægret som hev slutta å tru på seg sjølve og på framtidi – som altso ikkje lenger er heilage, «saints» – som kjem til å tapa.

Saul Storås

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!