Og slik går no dagan – og tidi likeins…

Samrøda nedanfor er rein fiksjon og hev ingenting med verkelege hendingar å gjera. Alle samanfall med røynlege saker og personar er utilsikta og reint på slump…

-Goddag, kven er det som ringjer til min telefon – frå løynt nummer?

-Hei, det er Svanhild Hansen som ringjer frå avisa Dag og Natt. Er eg komen til Olve Storheim? (Ho er so fin i målet)

-Det stemmer det ja.

-Ja, som du veit, Olve, so hev me dei siste tri vikone sendt deg Dag og Natt gratis i posten, og no er me spent på um avisa hev falle i smak og um du kann tenkja deg å verta tingar hjå oss. Kva segjer du til det, Olve?

-Vel, vel, eg er glad for at du spyrr um dette. Sidan eg sjølv er redaktør for eit lite tidskrift, Nordmannen, so veit eg kor viktugt det er med god lesarkontakt. No er saki den at eg hev sendt dykk etter måten mange ulike lesarinnlegg i det seinaste året. Eg hev i tur og orden kome med innlegg både um nynorsk randsoneproblematikk, innvandringspolitikk i eit globaliseringsperspektiv og no til slutt nynorsk næringsutvikling og elektronikkutvikling. Kor som er, alt eg sender inn vert konsekvent avvist…

"Eg skynar, men eg arbeider berre med å selja bladet til folk…"

«Eg skynar, men eg arbeider berre med å selja bladet til folk…»

-No er det mange som sender oss stoff, Olve, og det er stor pågang…

-Det kann du segja, men dette er alle innlegg som andre hev uppmoda meg um å senda inn av di dei tykkjer dei er godt skrivne og fortener å verta lesne av fleire enn av dei som fylgjer min eigen vesle publikasjon. Når det gjeld artikkelen eg skreiv um elektronikkutvikling, so er dette eit fagfelt der eg jamvel hev ein doktorgrad å slå i bordet med, og eg skulde soleides vera kvalifisert so det held til å skriva um temaet.

-På meg verkar det som um det er det same kva eg sender inn, alt vert refusert. Dag og Natt framstår beint fram som ein blokkert kanal for min part – med einaste undantaket våren 2013 – då eg kunde nytta meg av min presseetiske rett til tilsvar på åtaki frå ein halvstudert røvar som media hadde utnemnt til “ekspert” på ymse slags ovringar i myrke avkrokar på internettet – altso slikt som ikkje hev noko med meg å gjera.

-Til lags åt alle kann ingen gjera, Olve.

-Nei, men det sviv seg ikkje berre um meg her – og forresten so treng du ikkje segja fyrenamnet mitt i kvar einaste setning når du talar med meg. Eg hev til dømes kome i snakk med andre som hev sendt innlegg og stykkje til avisa, og som er vortne avviste av redaktør Kjeråker, dei med – med grunngjevingi at de ikkje tek inn tilfang frå «folk me ikkje kjenner».

-Det var no litt spesielt…

-Ja, på meg lyder det som Catch22: For det er vel klårt nok at dersom det er redaksjonsmedlemene sjølve som er på jakt etter stoff, so kontaktar dei einkvan som dei kjenner til frå fyrr av – jamvel um vedkomande kanskje ikkje er den mest kunnige og kompetente som finst der ute. Normalt burde ein vera takksam um det er einkvan som på eige tildriv kontaktar avisa og kjem med tilfang, men her vert ein altso avvist berre av di ein ikkje er kjend hjå redaksjonen? I praksis heiter dette at nye skribentar ikkje slepp til i avisa dykkar – so sant ein ikkje finn dei ein stad i dykkar eige umland av «veners vener»… Men tykkjer de ikkje at ein bør gje nye skribentar ein sjanse, eller tek de berre inn kjendisar som media alt hev sett på pidestall i andre høve? Eg tenkjer då til dømes på den halvstuderte røvaren frå Samnanger som eg nyss hev nemnt…

-Eg skynar, men ta ikkje meg – eg arbeider berre med å selja bladet til folk… (Ho er ikkje so fin i målet lenger)

-So gå då, kunde eg ha sagt som trollet i eventyret. Det gjer eg ikkje. Det er nett de som skal selja bladet til andre som er i “frontlina” og som hev høve til å koma i dialog og få attendemelding um kva det er folk ynskjer å lesa og ikkje. Det er vel ikkje slik at det er vasstette skott millom dei som skriv og dei som held kontakt med lesarane?

-Nei, det hev du rett i…

-Eg hev freista senda inn stoff um dei mest mangslungne emne, og det heiter: Saker og ting som eg både interesserar meg for og som eg meiner eg kann skriva noko vitugt um. Når ingen av dei sakene som eg interesserar meg for er av interessa for Dag og Natt, kva er det då som fær dykk til å tru at eg kjem til å finna noko som interesserar meg når eg les bladet dykkar?

-Nei, no vert eg svar skuldig her…

-Ja, for det er vel slik at de faktisk ynskjer å formidla noko interessant og meiningsfullt til meg og andre som de skal ha til å tinga bladet? Det er vel ikkje slik at det berre er pengane våre som de er ute etter?

-Nei, eg vonar no endeleg ikkje at du trur det…

-Nei, det trur eg ikkje. For det hadde rett og slett vore litt for frekt um det var slik å forstå at mine meiningar og mine perspektiv ikkje er noko som de vil vita av – men pengane mine, dei vil de ha! So vondt kann eg berre ikkje tru um den vyrde redaktør Kjeråker…

-Du, no trur eg at eg må ta neste person i lista her. Men eg skal bringa innspeli dine vidare til redaksjonen (ho byrjar verta arg i målet).

-Den er god! Du skal ha takk so mykje for at du høyrde på meg. Ein avisredaksjon som stengjer seg inne i si eigi vesle bubla, dei kann ikkje halda det gåande i lengdi. Ikkje ein gong um ein vert halden kunstig i live med statsmidlar… I millomtidi veks alternative media fram, og den dagen statskrani stengjer kjem me til å vera sterkare enn dykk! Ha ein god dag!

Klikk sa det i røyret. Og snipp, snapp, snute, so var telefonsalet ute.

Forfattaren av denne fiksjonssamrøda hev framleis von um å få inn artiklar og innlegg i framtidi og ynskjer difor å vera anonym