Vel rett for fylket ditt: Lat Sogn og Fjordane få leva!

Den varsla kommunereformi legg i praksis upp til at Sogn og Fjordane Fylkeskommune skal verta lagt ned og integrert inn i Hordaland. Denne nedleggingi gjeng rett inn i den demonteringsprosessen me alt hev vore vitne til i årevis: I 2001 vart Fylkessjukehuset lagt inn under Helseregion Vest (Stavanger) . I 2006 hamna Fylkesskattekontoret inn under Skatteregion Vest (Bergen). Og det tek ikkje slutt: Nett no er det Alarmsentralen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Politdistrikt som skal leggjast ned – og endå ein gong er det Bergen som skal ta yver funksjonane. Skal fylket til slutt stå att som eit tomt skal, utan fungerande institusjonar att, slik at nedleggingi vert ein rein formalitet? Det er nett denne “salamitaktikken” som tidlegare er vorten nytta til å plukka lokalsjukehus i frå kvarandre. Dei som vil at Sogn og Fjordane skal få leva vidare, er nøydde til å ta kampen no og ikkje um 2 år…

Sume hev teke til ords for å skifta ut vestlandsfylki med ein vestlandsregion, og det med den grunngjevingi at det skal demma upp for sentralisering frå Oslo. Det er serskilt frå KrF og Venstre at me hev fenge høyra dette. Til desse vil eg segja: Tenk dykk um…

Kva hadde Fridtjof den frøkne gjort? Det er tid for å hevja sverdet og taka striden for fylket.

Kva hadde Fridtjof den frøkne gjort? Det er tid for å hevja sverdet og taka striden for fylket.

Sentraliseringstrugsmålet kjem frå Bergen

Sentralisering hev me nok av på Vestlandet som det er, og dette sentraliseringstrugsmålet kjem frå Bergen, ikkje frå Oslo. Bergen veks som aldri fyrr og tel no halve folketalet i Hordaland. Konsekvensane ser me: Til dømes er nynorsken komen under sterkt press både på Sotra, på Os og i Nordhordland, kjerneområde for nynorsken og strilekulturen – og i Sogn og Fjordane uppliver ein at både alarmsentral og politidistrikt vert lagde ned og flutte til Bergen. Samstundes vert Høgskulen i Sogn og Fjordane pålagde å greida ut um mogleg samanslåing med Høgskulen i Bergen, og det endå høgskuleleidingi hev gjort det klårt at dei greider seg fint åleine.

Næringsutviklingi i Sogn og Fjordane vert truga av sentraliseringskreftene i Oslo, vert det hevda, men stemmer det? Um til dømes aluminiumsproduksjonen i Årdal skulde verta nedlagd, slik det ei tid var fåre for (dei makta faktisk å snu straumen!), so kjem produksjonen til å verta flutt til Asia – og ikkje til Oslo! Industrikommunen i Indre Sogn er elles trygt plassert langs E16 med gode samband til båe dei tvo største byane i landet, og treng soleides ikkje å gje seg inn under korkje den eine eller den andre sida.

Um ein ser på kartet, so ser Hordaland og Sogn og Fjordane på lag like store ut. Um ein ser på folketalet, so er det 110.000 menneske i Sogn og Fjordane og ein halv million i Hordaland. Kann det vera nokon tvil um kvar hen kjem dei nye regionalpolitikarane til å henta røystene sine frå og kvar hen prioritetane kjem til å liggja? Dette mynsteret hev me alt sett tydelegt frå ordskiftet um framtidi for Alarmsentralen i Sogn og Fjordane. Frå kommunane som eig Alarmsentralen i Bergen var det ingen studnad å få: Tvert imot gjorde dei det klårt at dei stod reiduge til å taka yver funksjonane åt Alarmsentralen i Florø.

Når administrasjonen for dei ulike etatane vert lagde til Bergen og det ikkje lenger finst institusjonar som hev tyngdepunkti sine i Førde eller på Leikanger, kvar hen skal ein då henta den politiske krafti i frå som skal ha fokus på å vidareutvikla Sogn og Fjordane? Sjå berre til Bergen, kva hev hendt med til dømes Åsane etter at kommunen vart slegen saman med storbyen? Det er vorte ein utkant utan noko politisk tyngdepunkt. Salhus hev visna burt og i staden veks kjøpesentri upp kring ein parkeringsplass – utan nokon politisk plan eller perspektiv.

Sogn og Fjordane er eineståande og verdt å ta vare på

Noko av det unike med Sogn og Fjordane er nett det at det ikkje hev noko einerådande senter, men snarare fleire. Måløy, Nordfjordeid, Stryn, Florø, Førde, Sogndal, Høyanger, Årdal – ingen av desse stadene hev den dominansen som Bergen og Stavanger hev i Hordaland og Rogaland. Sogn og Fjordane er i seg sjølv eit prov på at desentralisering er mogleg.

Sogn og Fjordane er dessutan unikt på den måten at fylket er 100% nynorsk. Um eit språk skal yverliva, so er det tvingande naudsynt at det hev institusjonar og kjerneområde der språket er einerådande – og Sogn og Fjordane er i dag det einaste fylket der det er slik. I Hordaland er det derimot eit fleirtal av bokmålsbrukarar, og det endå fylket på papiret er eit nynorskfylke.

Trivselsfylket, fylket som hev vore sjølvstendig frå Bergen heilt sidan 1763. Fylket med minst kriminalitet og med dei beste skuleresultati i landet. Det siste fylket i Noreg som fekk vinmonopol og som var det aller siste der ein registrerte HIV-smitte: Er det likevel ikkje liv laga?

Framtidi åt fylket vert avgjord no og ikkje um 2 år

No brenn det eit blått ljos for Sogn og Fjordane som eige fylke. Det komande fylkestingsvalet kann verta det aller siste. Spursmål som til dømes helse, skule og flyktningar kann me diskutera ogso um 4, 8 og 12 år – men framtidi for fylket vårt kjem til å verta avgjort ein gong for alle i dei næraste åri.

Ein veit kva ein hev, men ikkje kva ein kann få. Ein treng ikkje reparera noko som fungerar, og Sogn og Fjordane hev fungert godt. Det kann koma til å endra seg. Bussmassakren i Årdal, storbrannen i Lærdal og tunneleksplosjonen i Bremanger er ferske døme på at fylket treng sjølvstendig infrastruktur og politisk handlefridom dersom folket ikkje skal verta skadelidande. Me hev ikkje råd til å gje frå oss kontrollen yver eigne liv og eigen kvardag!

Um stortingsfleirtalet skal gå inn for å halda på Sogn og Fjordane Fylke eller ikkje, det skil seg fullt og heilt på korleis fylket sine eigne politikarar steller seg. At Høgre og FrP på riksnivå gjeng inn for å leggja fylket ned, det burde ikkje yverraska nokon. At ikkje ein gong lokalpolitikarane deira ynskjer å kjempa for fylket sitt, det er litt verre. For Arbeidartiet sin part, so hev dei på stortinget teke til ords for å skifta fylkeskommunane ut med regionar, men der hev i minsto Sogn og Fjordane Arbeidarparti gjort det klårt at dei ynskjer å halda på Sogn og Fjordane som eigen fylkeskommune. Dei einaste partii som både nasjonalt og lokalt hev vore klåre på at dei vil ta vare på fylket er Senterpartiet, SV, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne. Godt val!

Olav Torheim

Innlegget er sendt til alle lokalavisor i fylket, til Bergens Tidende, til NRK Ytring og til den nynorske vikeavisa Dag og Tid. NRK Ytring avviste innlegget tvert – med den grunngjevingi at «[d]et er mange temaer å ta fatt i, og redaksjonen er derfor nødt til å prioritere». Dei einaste publikasjonane som tok innlegget inn var Firda (nettpublisert 9. september 2015) og Fjordabladet (på prent 10. september 2015).

Les ogso:
Gjer kommunevalet til ein sabotasjeaksjon mot kommunereformi!
Frå Homs til Hermansverk: Me hev enno eit val