Arbeids-vinstre og verdi-høgre

Er det moglegt å byggja bru millom «høgre» og «vinstre»? Alain Soral, kommunisten som vart med i Front National og som hev grunnlagt skipnaden «Égalité et réconciliation», han trur det. Det er den same globalistiske ultraliberalismen som knuser faglege rettar og som bryt ned tradisjonar og kultur yver heile verdi. Og det er den same organiserte minoriteten som hev ein finger med i spelet og som set gruppor upp mot einannan på umkverve der dei burde stå saman. Alain Soral hev formulert tesen um «arbeids-venstre og verdi-høgre» som eit svar på dette.

(Tala framførd på Six-Fours-les-Plages, 21. september 2007)

Etter at Sarkozy vann presidentvalet, so fekk me det endelege provet på at det korkje finst nokor retteleg høgresida eller nokor retteleg vinstresida lenger. Fillon-riksstyret si lefling med vinstresida var til sjuande og sist ikkje noko anna enn den heilage alliansen åt liberal-atlantistane (NATO-tilhengjarar, red.). Soleides er det klårt at det ikkje lenger er nokon skilnad å tala um i det heile – korkje på det økonomiske planet eller når det kjem til sosiale spursmål. Den liberale høgresida åt Sarkozy stend ikkje for nokon annan politikk enn det den salongradikale vinstresida åt Sosialistpartiet gjorde.

Alain Soral er leidar for den franske skipnaden og tenkjetanken hev grunnlagt skipnaden "Égalité et réconciliation". Dei utviklar politikk under parolen "Arbeids-vinstre og verdi-høgre".

Alain Soral er leidar for den franske skipnaden og tenkjetanken hev grunnlagt skipnaden «Égalité et réconciliation». Dei utviklar politikk under parolen «Arbeids-vinstre og verdi-høgre».

På vinstresida reknar dei framleis Sarkozy for å vera ein mann på høgresida. Fyrst og fremst av di han hev fenge ord på seg for å vera ein «lov-og-orden»-mann. Det er å gje honom ei merksemd han ikkje fortener: Tryggleiksfokuset hans gjeld ikkje andre enn den kvite småborgarskapen som privatbilistane representerar! På den nasjonalsinna høgresida er Sarkozy for ein mann på vinstresida å rekna: «menneskerettsforkjempar» og talsmann for dei «papirlause», i beste fall ein slags fransk Tony Blair…

I røyndi kann ein i dag godt segja at alle systempolitikarane er frå vinstresida: Alle er dei for å gje statsborgarskap til kvar og ein som er fødd på fransk jord («droit du sol») og alle er dei for homoekteskap… Eller ein kann segja at dei alle er frå høgresida: Alle er dei for at marknadsøkonomien skal få styra politikken på alle umkverve – eller at marknadsøkonomien på alle sine umkverve skal få styra politikken, det gjeng ut på det same! Kor som er, denne samanblandingi av høgre og vinstre skriv seg frå det at definisjonane deira er blanda saman, dei med. Me må difor hugsa på at det er tvo måtar ein kann definera høgre- og vinstresida på.

Framfor alt so hev me, historisk, den definisjonen som kjem frå det gamle regimet, frå tidi fyre den franske revolusjonen. Ein definisjon som høgresida sjølv hev kome med: Dei positive verdiane um æra, moral, vyrdnad for forfederne og age for hierarkiet…

Vinstresida målber soleides liberalismen sin kamp for å øydeleggja desse verdiane. Ein liberalisme som munnar ut i den franske revolusjonen… Liberalismen sine verdiar, det er den amoralske kalkylen og raseringi av den gamle ordningi. Ut frå den fyrste definisjonen må denne liberalismen soleides definerast som noko negativt og skadelegt, og vinstresida likeins. Nokre tradisjonelle høgrefolk, og då framfor alt slike som Jean-François Touzé, hev ein tendens til å gløyma nett dette – sidan dei systematisk stør upp um liberalismen…

Dinæst kjem den definisjonen som vinstresida kjem med, og som skriv seg frå marxismen og frå Oktober-revolusjonen. Her sviv det seg um tilhøvet millom arbeid og kapital. Dei som favoriserar arbeidet er frå vinstre, medan dei som favoriserar kapitalen er frå høgre. Ut frå denne definisjonen so er ein sjef frå PME frå vinstre – sidan han er på den produktive sida i arbeidsprosessen. Ein aksjonær frå Medef er derimot frå høgre – sidan han einast hevjar rentor og soleides hev ei reint parasittisk rolla. Han er den late sonen i familien, same kvar han sjølv freistar å plassera seg politisk.

Samstundes skal me merka oss at verdiane frå den franske revolusjonen – formelt frå vinstre, sidan dei er tufta på ein abstrakt egalitarisme, men praktisk frå høgre, sidan det er den endelege sigeren åt ein framveksande liberalisme – ikkje gjev høve til å skilja klårt millom dei tvo sidone: Frå vinstre med folket – eller frå høgre med borgarskapen? Alt dette gjev næring til den franske forvirringi…

Ut frå denne klårgjeringi so kann me alt no slå fast at ei «folkeleg» rørsla som både forsvarar dei moralske verdiane og dei faglege rettane, ho høyrer til på høgresida ut frå den fyrste definisjonen, og på vinstresida ut frå den andre… Det heiter ikkje at det ikkje lenger finst nokor høgre- eller vinstresida eller at alt gjeng ut på det same. Men det finst ei moralsk høgresida som, dersom ein tenkjer seg litt um, danar grunnlaget for vinstresida sin sosiale og økonomiske politikk. Og motsett so finst det ei amoralsk vinstresida som hev lagt det ideologiske grunnlaget for den økonomiske høgrepolitikken som i det siste hev synt seg på sitt mest brutale. Hugs på kva det er som førde oss til mai 68, til forbrukarsamfundet og til den laussleppte libertære liberalismen…

Den libertær liberalismen er ikkje noko anna enn det salongradikale vinstre – i tenesta for dei private verksemdene, med fyremål å øydeleggja både den sosiale vinstresida og den moralske høgresida. Altso det som utgjorde Frankrike fyre mai 1968, og som kann førast attende til den vidgjetne komiteen for det nasjonale motstandet…

Det sviv seg um ein libertær liberalisme som bryt ned både:

1. den sosiale vinstresida som det franske kommunistpartiet ein gong inkarnerte

2. og den moralske høgresida, som i den same epoken vart inkarnert av de Gaulle og dei maurassianske kulturverdiane som han stod for…

Det var ei dubbel øydeleggjing – i pengekreftene si tenest. Slik skynar ein snøgt korleis dei sokalla «pariaene» frå mai 68 kunde lukkast so formidabelt!

Den libertære liberalismen er lykjelen til å skyna alt det som hev hendt i fransk politikk dei seinaste 40 åri. Og det både når det gjeld den falske vinstresida, illustrert i våre dagar med Besancenot, og når det kjem til den rettelege atlantisk-liberale høgresida, som Sarkozy inkarnerar i dag. Dei siste er ei antinasjonal høgresida som den nasjonale høgresida i dag ikkje skynar seg serlegt på…

Eg vil herma frå ei tekst som eg hev skrive sjølv og som kom på prent i boki mi, Jusqu’où va-t-on descendre ? («Kor langt ned skal me gå?»). Det er ei tekst som forklårar suksessen åt den påstått revolusjonære Daniel Cohn-Bendit, bestefar til vår tids revolusjonære Besancenot! Systemet hev stødt havt eit falskt revolusjonært alternativ i bakhand!

Øyvind Strømmen høyrer til den "grøne" rørsla i Europa - som i moral- og verdispursmål stend for nett den ultraliberalismen som Soral finn åt. At Strømmen stydd upp um Cohn-Bendit politisk skal ein soleides ikkje undra seg yver.

Øyvind Strømmen høyrer til den «grøne» rørsla i Europa – som i moral- og verdispursmål stend for nett den ultraliberalismen som Soral finn åt. At Strømmen styd upp um Cohn-Bendit politisk skal ein soleides ikkje undra seg yver.

Det eineståande ikonet, vinstreside-yndlingen framfor nokon, Daniel Cohn Bendit (som den norske medie-yndlingen Øyvind Strømmen er Facebook-tilhengjar av, red.) umtalar seg sjølv som nett liberal-libertær. Men kva heiter det å vera liberal-libertær? For den vanlege Libération-lesaren, so er det ein liberal mann med libertære tendensar, ein litt anarkistisk humanist – vel, vel, lat oss segja det er ein kuul kar. Med fåre for å verta rekna for å vera ein litt u-kuul kar sjølv, so vil eg leggja til at «liberal-libertær» inneber noko meir. Det inneber dessutan – ja, framfor alt – eit politisk og sosialt standpunkt.

Den liberal-libertære medgjev at han er liberal på produksjonsplanet: Han er for den økonomiske liberalismen, slik heile den klassiske borgarskapen er det (det heiter, korkje sosialist eller fascist, som er tvo ulike måtar å styra økonomien på politisk). Dessutan so er han libertær på det moralske planet, og det er dette som skil honom frå den klassiske borgarskapen, der arbeidsetikken og sparsemdi verka bremsande både på gjerandsløysa og på forbruket. Den liberal-libertære er soleides ein borgar som gjev ein god dag i den borgarlege moralen.

Men «liberal-libertær» kjenneteiknar ikkje berre ein politisk sensibilitet. Det er dessutan, på det kollektive planet, ein modell for eit serskilt brutalt samfund. Eit samfund som både er umgjengelegt med forbrukaren – det er ingen moralske sperror att som hindrar ein frå å forbruka so mykje og so ofte ein vil – og hardt mot produsenten – der arbeidsvilkåri er ustabile og løningane under press som fylgja av den globaliserte nyliberalismen.

Men det finst ein mekanisme som er lett å skyna: Di meir eit individ vert avlasta frå arbeidspresset av di han sjølv er ein som haustar fruktene av det (til dømes ein aksje-eigar eller einkvan som er sponsa til å underhalda i mediesirkuset), di meir kann han finna gleda i det liberale samfundet og gje seg heilt yver i sin libertære mentalitet. På den andre sida er det slik at di meir eit individ er underlagt den harde produksjonsrøyndomen, di meir vert den libertære lysti etter grenselause gledjor (sex, rusmidlar, festing) blokkert av dei vilkår som ein må liva under: Ein er millombels tilsett med avgrensa kjøpekraft, og dimed avgrensar kvardagen seg snarare til reising, arbeid og soving («métro-boulot-dodo»).

Det liberal-libertære huglaget er soleides, i røyndi, den objektive stoda til honom som ikkje treng – eller ikkje kann – å tilverka for å kunna forbruka. Det er huglaget åt honom som kann finna all sin sjarm i den liberalismen som han haustar dei materielle fruktene av, og som ikkje vil vita av den arbeidsmoralen og nøysemdi som bremsar honom frå å nytta seg av den priviligerte posisjonen sin. Det er difor han er so avslappa, den permanente smilen hans Daniel Cohn-Bendit. Det same nøgde andlitsuttrykket som ein kann finna ått hjå ein Jean d’Ormesson, men som korkje er nytt eller frå vinstresida.

Kannhenda dei godtruande Liberation-lesarane, um analysen min kann ha vekt dei upp frå dvalen sin ein liten augneblink, kann byrja forstå betre kvifor denne undergravings-aksjonæren, denne libertære liberalisme-tenaren, i røyndi aldri hev vore til meins for nokon – um ein ser burt frå lærarane som han hev frårana autoriteten og arbeidarane som han hev tent feitt på utan nokon gong å ha arbeidd sjølv.  Kvifor er det slik at Makti tykkjer so vel um honom, og kvifor slepp han alltid undan med alt det han gjer: Raudt kaos, grøn forvirring, apologi for pedofili… Og for å gjera analysen min litt meir dagnær so vil eg leggja til at han stemmer nesten like godt med den vesle Besancenot – denne nye globaliseringskollaboratøren som Michel Drucker og heile handelsborgarskapen er so glad i. Det kann vel segjast å vera litt underlegt for ein som skal vera revolusjonær antikapitalist… men ikkje når ein endelegt skynar kven som tener på dette!

I ljos av denne analysen, kva slags sams kontaktpunkt finst det millom det nasjonale verdi-høgre og det liberale profitt-høgre? Eg vil segja at det finst ikkje nokon, utanum ein freistnad på politisk dominans frå tvo ulike sosiale gruppor som i røyndi ikkje let seg sameina.  Den eine gruppa er tufta på ein moralsk orden og eit naturlegt hierarki frå den gamle verdi. Den andre gruppa er tufta på ein amoralisme yver heile lina. Ein moderne amoralisme der profitt er det einaste som tel, og der porten dimed er open for alle slags uppkomlingar, alt slags moralsk forfall og dimed all slags sosial mobilitet…

Når desse tvo gruppone gjeng saman for å få politisk makt, so er det den fyrste – som ikkje hev midlane – som steller seg i tenest for den andre – som han ikkje deler nokon av verdiane sine med… Dei liberale nyttar seg stødt av dei konservative, som dei upp gjenom soga hev yvervunne og jaga frå makti. No tener dei einast til nyttige idiotar for å halda folket burte frå makti. Korleis skjer dette i praksis? Ved siste val var det sers mange borgarar med sympati for Front National som helder valde å røysta på Sarkozy av di dei tenkte at slik skulde dei få ein slutt på kaoset åt sosialistpartiet. Og kva fekk dei att for det? Ingenting! I røyndi gjeng «samling på høgresida» stødt ut på at det respektable verdi-høgre skal manipulerast av dei pengekreftene som – hugs kva eg hev fortalt – gjeng ut frå den historiske vinstresida… Ei sovori samling kann ein like godt kalla for ei samling millom ei lerka og ein gauk. Me veit kven som alltid vert tippa ut or reiret til slutt!

Når dette er sagt, og desse punkti er uppklåra, so er det upp til dykk å tenkja yver um de framleis vil rekna dykk for «høgre» eller ikkje!

Alain Soral