Frå vinstre til høgre: Ein vegvisar

Det vert kviskra kringum sume hushyrne at bladstyraren for Målmannen skal ha havt bakgrunn på ytste vinstre, men at dette ikkje er noko han talar høgt um i dag.

Spursmålet ein kunde stella her vert då, kva er det i grunnen å segja um dette? Eg hev kort og godt gjenge vidare, lagt denne tidi attum meg. Det heiter ikkje at dette er ei tid som eg tregar på, snarare tvert imot. Alt det ein hev upplevd hev på godt og vondt gjort ein til den ein er i dag, og til sjuande og sist ynskjer ingen å vera nokon annan enn seg sjølv. Engasjementet på vinstresida var dei fyrste stegi på den vegen som førde meg der eg er no.  Dei einaste som ynskjer å laga eit stort nummer ut or dette er paradoksalt nok dei som sjølve er vortne verande i dette kringværet – heilt fram til i dag.

“Mein Volk, dem ich angehöre und das ich liebe, ist das deutsche Volk; und meine Nation, die ich mit großem Stolz verehre, ist die deutsche Nation. Eine ritterliche, stolze und harte Nation. [...] Mein Leben und Wirken kannte und kennt nur eines: Für das schaffende deutsche Volk meinen Geist und mein Wissen, meine Erfahrungen und Tatkraft, ja mein Ganzes, die Persönlichkeit zum Bestehen der deutschen Zukunft für den siegreichen sozialistischen Freiheitskampf im neuen Völkerfrühling der deutschen Nation einzusetzen!” -Ernst Thälmann.

“Mein Volk, dem ich angehöre und das ich liebe, ist das deutsche Volk; und meine Nation, die ich mit großem Stolz verehre, ist die deutsche Nation. Eine ritterliche, stolze und harte Nation. […] Mein Leben und Wirken kannte und kennt nur eines: Für das schaffende deutsche Volk meinen Geist und mein Wissen, meine Erfahrungen und Tatkraft, ja mein Ganzes, die Persönlichkeit zum Bestehen der deutschen Zukunft für den siegreichen sozialistischen Freiheitskampf im neuen Völkerfrühling der deutschen Nation einzusetzen!” -Ernst Thälmann.

Soga er full av døme på folk som hev gjenge frå kommunisme til nasjonalisme. Det er ikkje noko spesielt. Døme kunde vera Franjo Tudjman, Werner Sombart eller Alain Soral – utan nokor jamføring elles… Med andre ord er det nok av historiske døme som for dei vrangviljuge trulegt berre er eigna til å avspora ordskiftet… Men kva er det som kann få folk til å gå denne vegen?

Ungdomsupprøret skal koma frå vinstre

For dei som veks upp i dagsens samfund, so er det ikkje so vanskelegt å skyna at eitkvart lyt vera gale. Og når ein er ung, so vil ein gjerne gjera noko med dette. Skal ein vera opposisjonell, so lyt ein vera vinstreradikal, det er i alle fall det ein vert fortald. Slik byrjar det gjerne.

Men det stoggar ikkje der. For er ein fyrst hamna på vinstresida, so uppliver ein snøgt at det er marxismen som er premissleverandør for alle ordskifte, ein vert fanga inn i dette universet – anten ein vil eller ikkje. Her uppliver ein det paradoksale at jamvel um ein sjølv er ei eldsjel og ein idealist, so er det kald materialisme som danar det filosofiske grunnlaget for engasjementet. Tankar og idear er berre dei materielle tilhøvi ikring oss som speglar seg att i heilen.

Dette fører til det huglaget at ein tenkjer at læresetningar og idear er noko ein kann endra med di ein endrar den materielle basisen – folket skal kunna uppsedast, styrast i den stemneleidi som dei vinstreorienterte ynskjer. Rå, materiell makt trumfar alle idear. Dei kommunistiske leidarane tenkjer at dei kann velja sitt eige folk, som Berthold Brecht so råkande sa det.

Ein innebygd motsetnad

Det er her det gjerne endar i stalinismen, og at det framleis finst vinstresekter som Tjen Folket er soleides ikkje til å undra seg yver. Men stalinismen hev ei innebygd sjølvmotsegjing: Kommunistane skal vera den subjektive krafti i klassekampen, dei skal byggja eit elitekaderparti som skal føra folket frametter. Ein byggjer upp personar som arbeider hardt, lærer å orderordna seg og tener til fyredøme for andre, og ein gong skal dei styra landet.

Dette er i seg sjølv ein stor tanke. Um ein ser på kommunistisk kunst, so hev det noko storfelt yver seg.

Men nei, kommunismen sitt mål er tvert imot at det skal skapast eit egalitært samfund. Det er soleides ikkje noko samsvar millom mål og middel, um ein gjeng den kommunistiske teorien nærare i saumane.

Visst skal partiet taka makti og innføra proletariatet sitt diktatur. Men seinare skal staten døy burt – for med tidi trengst det ikkje lenger nokon stat. Helder ikkje trengst det lenger nasjonar. Lenin såg jamvel fyre seg at det til slutt berre skulde finnast eitt einaste språk.

Um ein byggjer ei strengt disiplinert og sjølvuppofrande rørsla for ein elite, so burde den naturlege tanken snarare vera at denne eliten i neste umgang skal bruka den politiske makti si til å forma samfundet i tråd med dei verdiane dei sjølve er tufta på – altso hierarki, heroisme og elitetenkjing. Den rørsla ein sjølv byggjer upp skal vera framtidssamfundet i miniatyr. For ein tek vel ikkje makti berre for å sleppa denne ned?

Liberalismen hev avpolitisert både høgre- og vinstresida

Kor som er, i det liberale demokratiet er det slik at ingenting nokon gong vert grunnleggjande endra. Um ein ser på valresultati i dei fleste land, so er det mest for ei pendelrørsla å rekna: Det svingar frå høgreliberalt til vinstresosialdemokratisk. Høgresida liberaliserar i den eine perioden, vinstresida regulerar i den neste. Ingen ting kann verta sikra for framtidi, ingen kampar er vunne ein gong for alle.

Jamvel ytst på vinstresida tenkjer folk likeins i dag. I Klassekampen var det på slutten av 90-talet eit ordskifte med Magnus Marsdal og Randi Holmelid um det dei kalla for “post-(ml)”. Jamvel Håkon Kolmannskog kasta seg inn i ordskiftet med støtteinnlegg for Marsdal og Holmelid. Dei presenterte seg som folk som var uppvaksne med ml-tradisjonen. Dei var framleides for revolusjon og proletariatet sitt diktatur, men dette diktaturet skulde samstundes vera eit “sosialistisk folkestyre”, eit liberalt demokrati med fleirpartisystem. Sett frå utsida framstod det heile einast som valds- og revolusjonsromantikk. Ein skulde altso fyrst taka makti med ein blodig revolusjon og etterpå skulde ein berre rekonstruera det borgarlege demokratiet som me alt hev her i dag?

Å verta radikal i ordet si rette tyding

Det vert rekna som radikalt å krevja rein luft og reint vatn, Kvifor ikkje taka konsekvens av dette og krevja eit reint norskt mål og ein sermerkt norsk kultur? Vinstresida er flinke til å føra “kulturkamp”, men altfor ofte er det tydelegt at kulturen for desse einast er middelet og ikkje noko mål i seg sjølv. Dei med ei sann interessa for tradisjonar og kultur uppliver soleides at den nemnde “kulturkampen” til sjuande og sist vert for grunn.

Det vert tala um opne grensor og kamp mot all rasisme. Ja, er det ikkje nett det same som den globale kapitalismen i røyndi stend for? Frit flyt av varor, kapital og arbeidskraft. Burt med alle stengsler – språkbarrierar inkludert. Vinstreaktivistane endar med å verta brikkor i spelet åt det systemet som dei trudde at dei kjempa imot.

So til deg som er vinstreaktivist: Sume vilde ha sagt til deg at det er ingi skam å snu. Eg segjer ikkje det. Eg segjer derimot at du treng å koma deg vidare. Um du vågar å sjå forbi det kunstige skiljet millom høgre og vinstre, so ser du at det er folk på båe sidor som freistar gjera motstand mot globaliseringi – motstand mot pengekreftene som ikkje berre trugar oss, men til sjuande og sist alle kulturar og folk på jordi. Som vil rykkja oss upp frå gamle seder og stadbunde hopehav og gjera oss til rotlause forbrukarar som er lette å manipulera. Det er moglegt å trakka yver dei ideologiske barrierane, det er moglegt å velja ein tridje veg. Ver med oss du med!

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!