Gjev det meining å tala um fascisme i dag?

Er “fascisme” ei meiningsfull nemning å nytta på politiske tendensar og straumdrag av i dag? Eller er det minka ned til eit skjellsord som ein kann nytta til å diskvalifisera meiningsmotstandarar frå deltaking i offentlegt ordskifte? Me hev sett nærare på korleis denne nemningi hev vorte nytta framigjenom og kva slags politiske analysar som ligg til grunn for umgripsbruken. Det er likt til at den fascismedefinisjonen som er vorten den mest populære i det offentlege ordskiftet i Noreg i dei seinaste åri hev lite å gjera med den historiske fascismen. I staden kann ein vel slå fast at han vert nytta yver ein låg sko på ymse slags nasjonalistiske prosjekt og ideologiar som aldri hev vorte sette ut i livet. Dette samstundes med at sosialdemokratiet og den nært knytte nyliberalistiske høgresida vert skåna for tilsvarande kritikk.

Dei fyrste som freista gjera ein analyse av fascismens natur var marxistane. Dei nytta nemningi fascisme som eit umfemnande samleumgrip, både for det italienske Mussolini-regimet og for ei rad andre autoritære politiske rørslor og regime som etter deira syn skulde vera nærskylde. Det er høgst umdryftelegt um dei verkelegt var det.

Det var til dømes store skilnader millom det Mussolini-styrde Italia, det Franco-styrde Spania og det Hitler-styrde Tyskland. Helder ikkje innanfor dei einskilde landi kunde ein tala um nokon einstaka ideologi, det tyske NSDAP rømde etter måten mange ulike fløyar. Ein kann soleides undrast på um det i utgangspunktet er grunnlag for å nytta nemningi fascisme på noko meir enn på nett det italienske fascistregimet som rådde Italia frå 1922 til 1943. Men den diskusjonen tek me ikkje i denne artikkelen, i staden vil eg i resten av denne artikkelen leggja til grunn at det er slik dette umgripet hev vorte nytta i daglegtala og i offentlegt ordskifte – endå so upresist det i røyndi vert når ein nyttar ordet “fascisme” på ein so generell måte.

Dimitrov nytta nemningi "fascisme" på ein heilt annan måte enn det sjølvuppnemnde ekspertar og andre systemvaktarar gjer i dag.

Dimitrov nytta nemningi «fascisme» på ein heilt annan måte enn det sjølvuppnemnde ekspertar og andre systemvaktarar gjer i dag.

Når marxistane kunde nytta fascisme som eit sekkeumgrip for regime og rørslor med vidt ulik ideologi, so var det av di dei rekna den teoretiske og ideologiske yverbygnaden som underordna det dei meinte var den materielle basisen. Marxistane var beinharde materialistar, og dei var upptekne av fascismens klassekarakter. Dei framhevja det reaksjonære ved fascismen. Fascismen var ei styreform som borgarskapen hadde i bakhand når klassekampen spissa seg til og den rådande klassen var redd for å missa privilegia sine, meinte dei. Den fascistiske maktyvertakingi i Spania, Italia og Tyskland skulde vera klassiske døme på det. I nyare tid er statskuppet i Chile i 1973 eit anna døme som skulde stadfesta teorien.

Den kommunistiske tridje internasjonale kom i 1935 med fylgjande definisjon på fascismen:

“Fascismen i maktposisjon er det openlyse, terroristiske diktaturet åt dei mest reaksjonære, dei mest sjåvinistiske, dei mest imperialistiske elementi åt finanskapitalismen”.

Er fascismen reaksjonær eller revolusjonær?

Seinare hev det kome til andre granskarar som hev freista analysera fascismen ut frå ei reint ideologisk og idehistorisk tilnærming. Ein av desse er britiske professor Roger Griffin.  Stikk i strid med marxistane si tilnærming, der fascismen er den rådande kapitalistklassen sin siste skanse i møtet med ein upprørsk arbeidarklasse, so hev Griffin freista framhevja det revolusjonære ved fascismen. Fascismen er ei ein freistnad på å mobilisera dei store folkemassane – vekkja upp att folkeåndi og dei sovande, klassiske ideali og byggja ein ny elite på grunnlag av desse.

Det er langt i frå nokon vitskapleg konsensus um Griffin sin måte å definera fascismen på. Som me alt hev vore inne på, so hadde marxistane freista definera fascismen reint objektivt på grunnlag av klasseinteressone som dei meinte stod attum (finanskapitalen) og dei metodane som vart gjorde nytte av for å halda på makti (diktatur). Med ein gong ein freistar definera fascismen som ein politisk ideologi, so råkar ein på det problemet at dei påstått fascistiske rørslone langt i frå var ideologisk homogene. Professor Robert Paxton hev til dømes argumentert for at det rett og slett ikkje er moglegt å definera fascismen reint ideologisk, sidan det er eit samansett politisk fenomen. I staden freistar han å definera fascismen ut frå politisk kontekst og funksjonell utvikling, og set upp fem stadium som ei fascistisk rørsla må gå igjenom – jamvel um han sjølv medgjev at det einast er Italia og Tyskland som hev vore igjenom alle fem – og der han i det siste stadiet skil millom land som gjeng vidare i ei radikalisert leid (Tyskland) og land som endar med å verta ein vanleg, autoritær stat (Italia).

Kor som er, Griffin held seg til ei reint ideologisk tilnærming. Han definerar fascismen som:

«Fascisme … er ei revolusjonær form for nasjonalisme som hev ein politisk, sosial og etisk revolusjon som mål, og ynskjer å forma «folket» til ei dynamisk, nasjonal eining under nye elitar med heroiske verdiar. Kjernemyten i dette prosjektet er at det berre er ei populistisk, klasseyverskridande rørsla for reingjerande, reinsande nasjonal atterføding som kann stogga bylgja av dekadanse.» (Roger Griffin, Nature of Fascism, New York: St. Martin’s Press, 1991, p. xi)

Det som er klårt er at i dei landi der “fascismen” faktisk kom til makti – Italia, Tyskland, Spania – so var desse regimi ein reaksjon på ein framveksande kommunisme. Mange av dei personane som drøymde um ei åndeleg fornying var nett dei som ikkje yverlivde dei fascistiske maktyvertakingane eller som vart nøydde til å gå i eit slags indre eksil: Jose Antonio Primo de Rivera vart fengsla og drepen i dagane som leidde fram til den spanske borgarkrigen – og falangistrørsla hans vart tvangsintegrert i det statsberande partiet til Franco. Konservative revolusjonære som Spengler og Jünger laut halda ein låg profil i det nasjonalsosialistiske Tyskland. Den påstått fascistiske teoretikaren Julius Evola hadde helder aldri noko han skulde ha sagt i det fascistiske Italia, synsmåtane hans vart so vidt tolererte.

General Franco vilde ikkje skapa noko nytt, han studde seg på militæret og den katolske kyrkja. Benito Mussolini var den fyrste italienske statsleidaren som forlikte seg med Paven og gav honom Kyrkjestaten sin attende. Under natti åt dei lange knivane so tok Adolf Hitler knekken på grasrotrørsla SA som hadde kjempa nasjonalsosialismen fram på gata, dette gjorde han med støtte frå militæret og det gamle keisarlege aristokratiet – dei same kreftene som paradoksalt nok til slutt fall honom i ryggen ved attentatfreistnaden i juli 1944.

Griffins fascismedefinisjon er som me kann sjå problematisk på minst tvo måtar:

  1. Når ein definerar fascismen slik som Roger Griffin gjer, som ein yverskridande grasrotnasjonalisme som skal revitalisera gamle ideal og byggja nye elitar som skal taka makti i landet, so fær me ein definisjon som mest av alt råkar prosjekti til nasjonalistiske tenkjarar som ikkje vann fram og som aldri hev vore ved makti: Som til dømes Primo de Rivera eller Charles Maurras. Det er ikkje nokon definisjon som er serskilt dekkjande som eit samleumgrip for dei regimi som faktisk vart stabla på føtene – den reellt eksisterande fascismen. Griffins fascismedefinisjon kann soleides jamførast med ein kommunismedefinisjon som fyrst og fremst råkar trotskismen, og det endå ordet kommunisme i daglegtala fyrst og fremst vert assosiert med stalinismen…
  1. Når ein nyttar Griffin sin fascismedefinisjon, so sviv det seg um ein nasjonalisme som både skal vera populistisk og samstundes skal byggja nye elitar. Samfundet skal formast i tråd med nasjonalistiske ideal. Ein må undrast på um det i det heile finst nokon slags politisk nasjonalisme som ikkje på den eine eller andre måtar kjem til å hamna innanfor denne definisjonen.  Alle politiske rørslor er då nøydde til å finna den rette balansen millom det å tala eit språk som folket forstår og samstundes byggja ideologisk skulerte kadrar som ein gong kann styra landet. Å finna denne balansen er eit vilkår for å kunna lukkast med eit politisk prosjekt. Korleis skulde ein elles gjera det, ty til statskupp? Det hadde vel i alle fall vore fascistisk…

Skal ein leggja Griffin sin definisjon til grunn, so lyt ein koma til den konklusjonen at politisk nasjonalisme beint fram er det same som fascisme. Det er nett slik som Griffin-tilhengjarane i det daglege resonnerar når dei tek fyre seg nasjonalsinna politiske rørslor ute i Europa. Med andre ord er det ikkje moglegt å vera nasjonalsinna utan å vera fascist, um ein fylgjer Griffin sin definisjon. Dette fær som ein forstår store konsekvensar.

Til dømes er det franske nye høgre ei intellektuell rørsla som Øyvind Strømmen hev sett mykje tid og energi inn på å få stempla som “nyfascistisk”, og det endå den leidande ideologen deira, Alain de Benoist, hev henta mykje av ideane sine nettopp frå tenkjarar som i millomkrigstidi stelte seg sterkt kritiske til den reellt eksisterande fascismen i Tyskland og Italia – som Spengler, Jünger og Evola. Brotsverket deira var kann henda at dei våga kritisera desse ideologiane frå eit høgreradikalt synsleite? Det siste kann visselegt vera eit relevant motlegg, men då bør ein vera intellektuelt ærleg nok til å medgje at ein rett og slett mislikar folk med sovorne politiske synsleite, og ikkje lesta som um det sviv seg um faglege eller politisk-semantiske grunnar.

Den einaste nasjonalismen som ikkje er fascistisk etter Griffin sin definisjon, det må vel vera ein slags upolitisk is-brus-pølse-nasjonalisme som kann dragast fram ein gong i året som ein slags kuriositet? Ikkje for å skapa medvit um nedervd kultur og sedvane, men snarare for å feira universelle verdiar som menneskerettar og demokrati, alt medan dei vaksne syner fram sine dyrekjøpte, Asia-produserte nasjonaldrakter – og borni skyt med knallpistol og viftar med eit flagg som er syntesen av det danske flagget og den franske trikoloren… Det siste lyder nesten litt kjent, kann henda ikkje so rart at det er nett i Noreg at den medieskapte “eksperten” Øyvind Strømmen sin ukritiske bruk av Griffin er vorten møtt med so liten motstand?

Då Sten Ingen Jørgensen melde “Den sorte tråden”, so kritiserte han Strømmen for å vera altfor uppramsande i framstellingi. Han slær fast at “[l]eseren biter seg nok merke i mange ting, men får strengt tatt ingen dypere forståelse av fenomenet ut over at det er gammelt og internasjonalt.” (“Ekstremisme på rams”, VG 04.03.2013). Halvor Fosli hev meldt den etterfylgjande boki, “I hatets fotefar” , og han konkluderar med at boki framstår som uferdig. Etter Fosli sitt syn gjer Strømmen ingen freistnad på å setja den “høgreekstremismen” som han skriv um inn i nokon større politisk og sosial kontekst, dimed fær lesarane aldri noko svar på kvifor sovorne politiske rørslor faktisk veks fram (“I strømmens fotefar”, Minerva, 2. april 2014).

Som me ser frå bokmeldingane so er skortande samanheng ein gjenomgåande veikskap ved Strømmen sin forfattarskap, og denne veikskapen kann sporast beinveges attende til Strømmen sin ukritiske bruk av Griffin si reint ideologiske tilnærming til fascismen. Sjå elles vår eigi melding av Strømmen si bok, “Den sorte tråden”, i Målmannen nr 1 2014.

Marxismen-leninismen var aldri anti-nasjonal

Det er klårt at kvar ein ideologi som gjeng ut på å samla folket, på tvers av klasseskilje, kjem alltid til å verta avvist frå marxistisk hald. Alle tankar og idear hev klassekarakter, meiner dei, og ein yverskridande nasjonalisme kann ikkje vera anna enn ein teoretiske yverbygnad for det som i røyndi vert ei vidareføring av kapitalismen. Frå marxistisk sida sett so var det likevel aldri slik at det var nasjonalismen som skulde vera kjernen i fascismen. Kjernen i fascismen er storkapitalen sitt opne diktatur – ein kapitalisme som hev kasta den borgarleg-demokratiske maska og som vert diktatorisk og militaristisk. Det hev til dømes vore eit viktugt marxistisk prosjekt å ettervisa at det var storkapitalen som stod attum Hitler. Den same storkapitalen som kastar verdi ut i imperialistiske umfordelingskrigar, med fyrste og andre heimskrigen som dei fremste dømi på nett det.

Endå um tradisjonelle marxistar vil avvisa det som dei kallar for “borgarleg nasjonalisme”, so vil dei ikkje avvisa at nasjonar finst. Dei vil helder ikkje avvisa ideen um alle nasjonar sin rett til til sjølvstende, dette er tvert imot noko som marxistar hev vilja forsvara – i alle fall i teorien, um ikkje alltid i praksis. Josef Stalin hev i verket “Marxismen og det nasjonale spursmålet” knesett tesen um at nasjonar kann identifiserast objektivt på grunnlag av sams språk, sams territorium, sams økonomi og ein sams psykisk eigenart som kjem til uttrykk i ein sams kultur. Stalin slo samstundes fast at kvar nasjon må stå fritt til å råda seg sjølv og avgjera si eigi framtid. I ei tid der kapitalismen vert global og der landegrensor berre vert til hindringar for kapitalens frie flyt, so vert det å verna um nasjonal suverenitet og sjølvråderett til ein lekk i den anti-imperialistiske kampen. På den 19. partikongressen i 1952 heldt Josef Stalin ei tala der han slo fast at:

«Tidligere gikk borgerskapet for å være nasjonens leder, det forsvarte nasjonens rettigheter og selvstendighet, satte dem «høyest av alt». Nå er det ingenting igjen av det «nasjonale prinsipp». Borgerskapet selger nå nasjonenes rettigheter og uavhengighet for dollars. Den nasjonale uavhengighet og den nasjonale suverenitets fane er kastet overbord. Det hersker ingen tvil om at det er dere, representanter for de kommunistiske og demokratiske partiene, som må løfte denne fanen og bære den framover, hvis dere vil være patrioter, hvis dere vi bli den ledende kraft i nasjonen. Det finnes ingen andre som kan løfte denne fanen.»

Det var på dette grunnlaget at AKP(m-l) og RV gjekk imot NATO. Det var på dette grunnlaget at dei gjekk imot norsk EU-medlemskap under parolar som “Forsvar sjølråderetten” og “Nei til sal av Noreg”. Det var på dette grunnlaget at marxist-leninistane engasjerte seg sterkt i den norske målrørsla, og det jamvel på eit ideologisk grunnlag som mange andre målfolk avviste som altfor nasjonalistisk (Jamfør teksti “Norsk målreising, kamp mellom to vegar”, ei tekst skrivi av tvo anonyme forfattar som kom på avvegar og som sidan vart ei av dei mest lesne målpolitiske tekstene på 1970-talet).

Kor som er: Alt dette er kampar som kommunistar hev engasjert seg sterkt i, men som dei hev tapt. Det norske forsvaret er vorte umlagt frå å vera eit invasjonsforsvar til å verta ein lekk i NATO sin nye og offensive strategi. Noreg vert stødt sterkare integrert i EU, me er “flinkast i klassen” endå um me formelt sett ikkje er medlem. Det norske samfundet vert stødt meir sentralisert og dialektar og norskrøtt skriftmål er på vikande front.

Når sosialdemokratiet skal administrera kapitalismen…

Det var Lenin som utvikla teorien um arbeidar-aristokratiet (“Imperalismen, det høgaste stadiet i kapitalismen”). I staden for å vera kamporganisasjonar for arbeidarklassen so var fagforeiningsapparatet vorte til den forlengja armen åt arbeidsgjevarane. Leidarane og tillitsmannssjiktet i arbeidarklassen sine eigne organisasjonar fær vera med på å administrera kapitalismen og soleides halda arbeidsfolk i ro. Sosialdemokratar stend til dømes for mykje av den same korporativismen i arbeidslivet som det fascistane stod for, meinte dei. Den parlamentariske samarbeidslina åt sosialdemokratiet kalla kommunistane for “sosialfascisme”, og denne motarbeidde dei med alle midlar.

Medan grunnlaget for ml-rørsla i Noreg var ein vinstreopposisjon imot sosialdemokratiet, so hev dagsens Raudt flutt seg eit godt steg til høgre – og det nett for å fylla det tomromet som hev uppstade med kvart som Arbeidarpartiet og SV hev vorte mindre sosialdemokratiske og meir og meir reint marknadsliberale. Det er i dag ingen fundamental kritikk å spora mot sosialdemokratiet, tvert imot er det dette samfundet mange av dei drøymer seg attende til.

Um ein ser på stoda i Noreg i dag, so er ikkje berre arbeidslivsorganisasjonane – men heile spekteret av friviljuge organisasjonar – tett knytte upp til staten. Det er ikkje minst dei rause stønadsordningane som er grunnen til dette. Målrørsla er eitt av mange døme på dette, og som eg kann gå nærare inn på sidan det er ei av dei grasrotrørslone som eg kjenner best. Målrørsla var saman med fråhaldsrørsla og lekmannsrørsla ein av dei sentrale “motkulturane” i Noreg. I dag er kor som er alt av radikal målkamp kasta på båten. Ein er meir interessert i målreising i Zimbabwe enn av å læra av målreisingar som hev ført fram. Ideologisk målkamp på norsk grunn hev dei for lengst gjeve upp, i staden sviv det seg um å verna um ein status quo med offentlege målformer og jamt minkande skulemålsprosentar.

Det som ein gong var ei livande folkerørsla er i dag vorte redusert til ein organisasjon med mange fulltidstilsette som er heilt avhengige av statsmidlar. I Norsk Målungdom si årsmelding for 2011 kann ein til dømes lesa fylgjande: “Verksemda Norsk Målungdom ureinar ikkje det ytre miljøet. Norsk Målungdom praktiserer likestilling, og er mot diskriminering på grunnlag av språk, kjønn, seksualitet, etnisitet, livssyn eller funksjonshemming.” Kvifor er det naudsynt å skriva noko slikt i årsmeldingi åt eit mållag? Svaret er at det er standardformuleringar som må vera med for at organisasjonen skal uppfylla kravi til statsstudnad…

Når sosialdemokratiet gjeng til krig…

Frå marxistisk ståstad hev ein stødt lagt vinn på det militaristiske apektet ved fascismen. Kapitalismen må stødt ekspandera, og det fører til krig.

“Krig” er likevel eit ord som politikarane helst vil sleppa å nytta seg av i våre dagar. Ein talar helder um “avgrensa militæraksjonar” og “humanitære intervensjonar”. Det liberale, borgarlege demokratiet – nett det systemet som “antifascistane” hev slege ring um – det hev vorte til ein eksportartikkel som skal utbreidast med militærmakt – anten det er i Jugoslavia, Irak eller Libya. Fridom og demokrati er noko som skal tvingast på folk…

Det er ingen tvil um at det norske forsvaret sidan Berlin-murens fall er vorte lagt um i ei meir aggressiv leid: frå eit invasjonsforsvar med verneplikt til ein topptrena spesialisthær som vert send til utlandet på uppdrag. Denne umleggjingi hev sosialdemokratiet aktivt medverka til. Jamvel um det var sentrumsregjeringi åt Kjell Magne Bondevik som i 1999 for fyrste gong sende norske jagarfly ut på bombetokt mot eit anna europeisk land, so var det på europeisk nivå sjølve sosialdemokratiet som gjekk til krig: Pådrivarane var Tony Blair i Storbritannia og Gerhard Schröder i Tyskland – med påtrykk frå det “demokratiske” Clinton-riksstyret i USA.

Frå å ha havt eit fullverdig norsk forsvar med alle dei våpengreinene og våpensystemi som trengst til å forsvara eit land – jamvel tilmåta det å føra forsvarskamp i landet Noreg, med kystfort og torpedobåtar som kann gøyma seg i skjergarden – so hev me amputert Forsvaret ned til det nivået at me praktisk tala ikkje hev noko forsvar lenger. Me er einast i stand til å levera spesialavdelingar som kann integrerast inn i ein større styrke for å vera med i internasjonale operasjonar.

Kystforti er lagde ned, og det same vilde ein gjera med torpedobåtane (som vart berga med eit naudskrik). I staden er enorme summar investerte i fregattar. Lett luftvernartilleri er lagt ned, so me kann ikkje lenger forsvara oss dersom norske styrkar kjem under åtak frå flyi åt ein fiendsleg stat. Derimot skal ovstore pengesummar nyttast på nye kampfly som vert nytta på bombetokter yver andre land, på uppdrag frå NATO eller EU.

Medan det gamle RV ikkje vilde stydja nokon av regjeringsalternativi, so gjorde det nye partiet Raudt det klårt at dei kom til å verta støtteparti for den raudgrøne regjeringi dersom dei kom inn på tinget. Dette både i 2009 og 2013. Den raudgrøne regjeringi – der Sosialistisk Vinstreparti var med – hev medverka aktivt til NATO sin “out-of-area”-politikk. Til dømes var norske jagarfly i 2011 med på å taka ut dei mest kontroversielle bombemåli i det som utvikla seg til å verta ein krig for å skifta ut styresettet i ein annan suveren stat, Libya. Det var ingen norske veljarar som ved valet i 2009 vart spurde um dei var samde i at Noreg skulde vera med på å føra krig mot ein annan suveren stat, men dei same topp-politikarane med Jonas Gahr Støre og felagane hans vil no gjeva vanlege folk dårlegt samvit um dei ikkje er med på å ta rekningi – med integrering av tusundtals asylsøkjarar som tek seg yver Millomhavet i båtar. Det er so godt som ingen på vinstresida som hev våga ta tak i denne openberre hykkelskapen…

Frå kamp for sosialisme til borgarleg-demokratisk ultraliberalisme

Sosialfascismeteorien er i våre dagar lite umtala. Mykje av grunnen til dette er at han hamna i skuggen av ein ny taktikk: Folkefronten mot fascismen. Dette var ein taktikk som fyrste gongen vart utforma av den bulgarske kommunisten Dimitrov og som fyrst vart rådande doktrine etter at fascismen hadde kome til makti i Italia og Tyskland. Med folkefronten mot fascismen skulde kommunistane stå saman med sosialdemokratar og borgarlege i eit sams forsvar for dei borgarleg-demokratiske rettane.

Folkefronten mot fascismen var ein taktikk som kommunistane valde på det tidspunktet der den fascistiske maktyvertakingi alt var ein realitet i etter måten mange europeiske land, og der fleire land etter deira syn stod for tur. Det var ein taktisk allianse som einast vara ved til dess at den andre heimskrigen var slutt og fascismen ikkje lenger var nokon maktfaktor å tala um. Framhaldet kjenner me, det vart til den kalde krigen…

Folkefronten mot fascismen er i røyndi ikkje noko anna enn eit forsvar for det borgarlege demokratiet. Men for den rådande kapitalismen so er borgarlegt demokrati den mest høvelege styreformi. Ein held folket i ein illusjon av fridom, ein held folk hefta med symbolpolitiske saker som ikkje spelar nokor rolla, og det medan det er tverrpolitisk konsensus um alle sentrale spursmål kring til dømes økonomi og utanrikspolitikk. Ein treng ikkje lenger um å bruka rå makt, for ein hev skapt seg eit hegemoni som gjer at den parlamentariske vegen er stengd for alternative politiske prosjekt (Gramsci).

Medan ein på 1970-talet hadde ei godt organisert sosialistisk rørsla som hadde ein klår ideologi og eit program for å taka makti i Noreg – og der sigrane åt FLN i Vietnam og Raude Khmer i Kambodsja og dei lysande fyrtårni i Kina og Albania synte vegen – so hev desse prosjekti i vår tid for lengst kollapsa. I millomtidi hev dei gamle AKP’arane funne vegen vidare inn i nye prosjekt, det heiter topp stillingar innanfor akademia, statlege umbod, fagrørsla og media. Korleis nyttar dei seg av desse posisjonane i dag?

Ideologisk er det so godt som ingen lenger som trur på den tradisjonelle marxismen-leninismen. I restane av dei rørslone som er att, so finn me ein ideologisk lapskaus av både trotskisme, feminisme og andre teoriar som hev lite med Marx sin dialektiske materialisme å gjera. Innslaget av “The New Left” frå 1970-talet er vorte meir og meir tydelegt: Minoritetsgruppor av ymist slag er vortne substitutt for den vestlege arbeidarklassen som dei aldri greidde å vinna og som under alle umstende hev fenge stødt mindre dei skulde ha sagt.

Eit program for å gjera Noreg til ein sosialistisk stat styrd av arbeidsfolk, det kann ein sjå langt etter. Det ein i staden finn er freistnader på å tekkjast “minoritetar” av alle slag: Frå kvinnor og innvandrarar til homsar og transvestittar. Ein er meir uppteken av patriarkat, heteronormativitet, interseksjonalitet og “triple oppression”-teoriar enn av profittrata sin langsiktig fallande tendens, for å segja det slik. Innvandring – for innvandringi si skuld – er vorte viktugare enn korleis dette påverkar livet åt norske arbeidarar.

Kor som er: Slik uppliver vinstresida endelegt at dei hev “vinnarsaker” og ikkje berre taparsaker. Dei greider ikkje å stogga globaliseringi, dei greider ikkje å stogga EU-tilmåtingi, dei greider ikkje å hindra at Samhalds-Noreg vert bytt ut med Marknads-Noreg. Og slikt er ikkje lett å svelja for folk som trudde dei var på lag med framtidi, for folk som trudde at utopien deira skulde verta tvinga fram av “dei historiske lovene”.

På nettstaden Radikal Portal so kallar dei seg radikale, men er i røyndi ikkje i stand til anna enn å krevja meir av det som alt er godteke innanfor råmone av eit liberalt, demokratisk samfund. Meir demokrati og fleire menneskerettar (og då av det symbolpolitiske slaget, som homoadopsjon og kynsnøytral liturgi i kyrkja) og kamp mot all rasisme (les: fri flyt av arbeidskraft). Nyttige idiotar for den globale kapitalismen, vilde nok Lenin ha sagt um han hadde livd i dag. Radikalismen kalla han som kjent for ein barnesjukdom…

Globaliseringskritikk er ikkje “fascisme”, snare tvert imot…

Um ein ser på gamle leidarartiklar i Klassekampen, so ser ein at dei gamle AKP’arane var medvitne um det trugsmålet som masseinnvandringi representerer – med sosial dumping og undergraving av faglege rettar. Eit døme kunde vera Klassekampen si framsida frå våren 1971, då 600 pakistanarar kom til Noreg: “Steng grensene! Innvandringen en trussel mot norske arbeidere”.

Innvandringspolitikken er faktisk eitt av dei beste dømi på at interessone åt den borgarlege staten og interessone åt arbeidarklassen kjem i motstrid. I staden for å betra arbeidsvilkåri i dei tyngste og dårlegast betalte manuelle yrki, so importerar styresmaktene ein ny underklasse som tek til takke med det som dei kann få. I staden for å få ned kostnadene, med meir automatisering av det mest monotone arbeidet, so finn ein folk som vil arbeida for dårlegare løn.

Medan det i gamle dagar var slik at store institusjonar hadde sine eigne reinhaldsarbeidarar som høyrde med verksemdi og som åt dugurd med dei hine tilsette, so vert slike arbeidsuppgåvor i dag skilde ut til eksterne firma som ISS – der vaskekonor med innvandrarbakgrunn lyt hasta ikring frå den eine verksemdi til den andre for å vaska golvet åt folk ho snaudt fær sagt “hei” til. Utan masseinnvandringi kunde mykje av den utskiljingi og “effektivisering” me hev sett dei seinaste tiåri ikkje ha kunna skjedd.

Dette er det i det seinaste stødt fleire folk med bakgrunn frå den tradisjonelle vinstresida som atter er byrja å forstå. Ottar Brox og Pål Steigan kunde vera døme på dette. Ottar Brox hev serskilt sett nærare på fylgjone som masseinnvandringi fær for norsk arbeidsliv, og Steigan fær seg jamvel til å kritisera mangkulturalismen i endå meir fundamentale ordelag.

For den globale kapitalismen er sjølvstendige nasjonar, språk og kulturar berre barrierar som blokkerar den frie flyten av varor, kapital, tenestor og arbeidskraft. Dette vart nylegt godt uppsummert av redaktør Roland Helie i det franske tidskriftet Synthese nationale:

“Me hev sagt det gong etter gong, me hev ikkje so mykje val: Anten vel ein å leggja seg inn under diktatet åt dei rådande maktene – og ein godtek det som lagnadens gang at den franske nasjonen og den europeiske identiteten løyser seg upp i ein varm magma av planetariske dimensjonar – med menneski reduserte til rotlause forbrukarar som ikkje er til for anna enn å fylla upp kontoane til finansielle gruppor, helst på hi sida av Atlanteren. Anten det, eller ein nektar å godtaka at det er slik det skal enda.”

Ronny Kjelsberg, fylkestingsrepresentant for Raudt i Sør-Trøndelag, er eit typisk døme på korleis norske vinstreradikalarar tenkjer. Han hev valt å hengja seg upp i nett dette sitatet. Ja, han nyttar det jamvel som grunnlag for ymse slags skuldingar mot Målmannen og hevdar på sin eigen nettstad at det er “en ganske gjenkjennbar fascistisk retorikk”. Kjelsberg hev vidare freista å stempla Målmannen som eit “fascistisk tidsskrift”, og det med di han lygnaktig hevdar at Øyvind Strømmen skal ha skrive um Målmannen i boki “Den sorte tråden”.

Samstundes hev Pål Steigan, ein av grunnleggjane av den rørsla som Kjelsberg er med i, nylegt uttala at:

«Det denne fornektinga av skandinavisk kultur er (for vi har dette i Norge også) er ikke noe annet enn globalistenes forsøk på å knekke nasjonalstatene og gjøre oss til enda mer lettmanipulert kveg.»

Når Pål Steigan segjer dette so slepp han undan med det, han kritiserar då berre globaliseringi. Men når Målmannen siterar Roland Helie på nøyaktig det same, då er det “gjenkjennbar fascistisk retorikk”?

Det burde ut frå denne teksti vera klårt nok at det er fullstendig skivebom å kalla Målmannen fascistisk, slik sume vinstreekstremistar og liberale systemvaktarar hev freista å gjera – og det ved hjelp av falske skuldingar, søkte konspirasjonsteoriar og utspekulerte insinuasjonar – utan at me skal gå nærare inn på desse no.

Det sviv seg um definisjonsmakti

Som me hev sett av denne artikkelen so var nemningi “fascisme” upphavlegt forma av marxistar på 1930- og 1920-talet, og det i ein freistnad på å gjera ein materialistisk analyse av politiske rørslor og regime med vidt ulik ideologi. For same korleis ein snur og vender på det, so kjem ein ikkje burt i frå at “fascismen” på det ideologiske umkvervet var eit samansett fenomen. Alt etter kva for land og kva for ei rørsla ein vel å leggja vinn på, so kann ein slå fast at “fascismen” hadde både nasjonalistiske, sosialistiske eller borgarleg-konservative innslag.

Sume hev sett fokus på dei borgarleg-konservative innslagi, og nytta seg av desse til å framstella dei borgarlege partii som premissleverandørar for fascismen. Andre hev lagt vinn på dei sosialistiske og kollektivistiske innslagi i ein freistnad på å framstella kommunismen og nazismen som tvo alner av same stykkjet (totalitarisme-teorien). Og so hev me endelegt dei som vil leggja vinn på nasjonalismen og nytta denne til å spinna trådar frå nasjonalsosialismen på 1930-talet og fram til innvandringskritikarar i vår tid. Øyvind Strømmen er millom dei som hev valt å gjera det siste, men det skulde alt vera klårt nok at med sovorne framgangsmåtar so finn alle det som dei leitar etter. Her kunde nokon kvar havt godt av å læra seg litt grunnleggjande mengdelæra, for å segja det slik…

Kor som er: Når ein fyrst vel å sjå burt frå den historiske, politiske og økonomiske konteksten, og i staden insisterar på ein tidlaus og reint ideologisk definisjon, der nasjonalismen skal vera kjernen i fascismen, slik Øyvind Strømmen gjer, då er det tydelegt at ein er ute i eit ideologisk ærend. Eit ærend som gjeng ut på å kunna setja den stigmatiserande stempelen “fascisme” og “nyfascisme” på alle slags nasjonalsinna politiske initiativ av i dag, anten det skulde vera dei identitære i Frankrike eller islamkritikarar i Noreg – og det med grunnlag i eit resonnement som Ludvig Holbert tok på kornet alt for nesten 300 år sidan: Mor Lille er ein stein…

Han som hev eit ljos, han steller det ikkje under eit skjeppe. Me som stend attum Målmannen er ikkje redde for kritisk ordskifte, me helsar ordskifte velkome. Me hev freista formidla tankar og idear som ein hev til gode å dryfta i ei større norsk ålmenta.

Agendaen åt dei som hev skulda oss for “fascisme” er soleides godt gjenomskodeleg. Endå me tek fyre oss tankar og idear som framleis hev til gode å verta sette ut i livet i eit moderne samfund, so hev vinstreekstremistar og medieuppnemnde “ekspertar” sett seg fyre å stempla og utdefinera dei alt fyre dei hev vorte tekne upp til ordskifte. Det sviv seg ikkje um å forstå eit politisk og historisk fenomen, det sviv seg um å ha eineretten på eit umgrep som ein kann nytta for å sleppa å diskutera med andre. Ein vil vera på banen både som spelar og som domar – med eit raudt kort som ein kann etla ut so snart ein fær litt for mykje motstand.

Til liks med andre stigmatiserande umgrip som rasisme, islamofobi og antisemittisme, so er “fascisme” ei nemning som vert verande sopass flytande definert at vanlege folk aldri veit kva tid dei risikerar å trakka ut i salaten og ikkje. Slik skaper ein eit klima av angst og uvissa, der folk let vera å ordskiftast um vanskelege, men viktuge, emne.

Me hev vore ute i Europa og teke fyre oss eit heilt spekter av politiske rørslor og straumdrag som stend utanfor den sosialliberale norske konsensusen, men her til lands er det slik at desse berre skal kunna formidlast til ålmenta gjenom medieuppnemnde “ekspertar” som presenterar det heile i ein skræmeleg kontekst dei sjølve hev skapt. Slik hindrar dei alternative tankar å nå den norske ålmenta. Me hev kalla desse personane for “systemvaktarar”, og det med rette, for det er nett det som desse personane er. Det er visselegt ikkje slik at me er samde med alle som me skriv um eller som me slepper til i bladet vårt, me ynskjer kort og godt å setja i gang ordskifte um grunnleggjande emne. Ynskjer ein å stogga slike ordskifte, då er ein systemvaktar, det er det ikkje råd å nekta for.

Skal ein kjempa mot systemet eller integrera seg inn i det?

Ein kann godt meina at den marxistiske sosialfascismeteorien var eit historisk mistak som var med på å hjelpa fascismen til makti i mange europeiske land. Men denne teorien vart utforma av ei kommunistisk rørsla som var på hogget – og som hadde identifisert sosialdemokratiet som ein fårleg snåvestein på vegen fram mot ei verd utan kapitalisme. I motsetnad til Griffins fascismeteori so er det dessutan ein teori som faktisk kann fortelja oss noko um det nyliberale samfundet av i dag.

Det er visselegt nøgdi med utviklingsdrag i samfundet som ein godt kunde ta tak i og analysera med utgangspunkt i marxismens analyse av fascismen, men dette er det fåe som gjer. Ein bit ikkje handi som matar ein…

Difor vil ikkje vår tids vinstreradikale vita noko av alt dette. Dei hev redusert ambisjonane sine og nøgjer seg i dag med å krevja mest mogleg liberal fridom på dei umkvervi der det høver den globale kapitalismen. I staden for å slå til mot systemet, so hev dei lagt ut på jakt etter systemkritikarar – væpna med ein fascismedefinisjon som er vorten introdusert til eit norskt publikum av den liberale EU-tilhengjaren Øyvind Strømmen. Dette i seg sjølv burde vera nok til at sume av desse kanskje vilde ganga i seg sjølve og sjå på kva dei eigenlegt tener med sin “radikalisme”. Dei som ut frå Øyvind Strømmen sine utsøkte definisjonar skulde vera “fascistar” eller “nyfascistar” er per i dag so langt som det er moglegt koma frå å vera nokon maktfaktor i samfundet. Å nytta tidi si på å jakta på og yvervaka desse vert nær sagt låtteleg systemtruskap.

Skiljet i dag gjeng millom dei som trur at alternativ til dagsens rådande system er moglegt – og dei som i praksis er slutta å tru på det. Um ein vil slåst mot imaginære fiendar på nokre fåe umkverve som høver den globale kapitalismen, so er det berre å halda fram ei godt betalt meiningsforfylgjing mot personar, tidskrift og andre småe tiltak som gjeng imot straumen i ein freistnad på å berga restane av norsk språk og kultur i ei stødt meir globalisert verd der sume tenkjer at slutten på soga nærmar seg. Um ein derimot vågar sjå det store bilætet, um ein kann leggja attum seg saker og stridar som for lengst ikkje lenger er relevante og helder sjå litt på røynlege maktfaktorar i verdi i dag – då hev me med ein gong mykje meir å snakka um. Skal den samtala snart få lov til å byrja?

Olav Torheim