Idis Örlög, “Frøya og Svipdag” og “Songs from Njartharlåg”

Idis Örlög er eit musikalsk prosjekt der ein med ord og musikk freistar koma so nær som råd er til hjarta og åndi åt den nordiske naturen. Songane er tileigna gamle soger og segner, til dei vekslande årstidene, til solkvervingane og til dei arketypiske og energetiske karakterane som målber fortidi, notidi og framtidi. Det sviv seg um å koma til røtene, koma til hjarta av sakene og søkja sanningi. Det er det som er motivasjonen åt Idis Örlög (Idis tyder “gudinna”, Örlög tyder “karma”).

Sif Idis, artisten attum Idis Örlög.

Sif Idis, artisten attum Idis Örlög.

Den seinaste utgjevingi, “Frøya og Svipdag” og “Songs from Njartharlåg” set ljoskastarane på samspelet millom krafter: Ljoset som varmar upp horisonten under den kalde vintersolkvervingi, det å koma heimatt til nokon ein er glad i. Dette er tema som ein finn att både i soga um Frøya og Svipdag og på dei eldgamle kultstadene på øyi Njartharlåg (i dag kalla Tysnes, i Sunnhordland i Vest-Noreg). Frøya og Svipdag kjem saman atter ein gong, og soli riser yver fjelltoppen for å skina på altaret på den gamle kultstaden.

Instrumenteringi på albumet er akustisk og sett i hop av harpa, gitar, hardangerfela, sjamantrumba, munnharpa, fløyta og røyst. Siv Idis fær fylgje av Runahild frå Eliwagar, som stend for trumba, fela og fløyta på dei fleste songane, og jamvel med koring på eitt av spori.

Albumet er ein mjuk yvergang frå det fyrre albumet, “The Spiral Tide of Seasons” (utgjeve på Wolftyr Productions), samstundes er det meir samansett i ljod og dimensjonar.

Alle som hugar mot å koma nærare røtene sine og koma djupare inn i den norrøne mytologien, dei kjem til å setja pris på dette arbeidet som både er jordnært og samstundes hev noko storfelt og dynamisk yver seg.

Svanhild Hestholm

NB! Um musikken skulde falla i smak, so kann plata tingast beinveges frå «Høgnorskbutikken»