Nasjonalsinna rock anno 2015: Flak set standarden

Med plata «Maßstab» (2015) so hev den tyske musikkgruppa Flak sett ein ny standard. Både musikalsk, lyrisk og produksjonsmessig so hev plata «Masstab» vorte nett det – ein mælestav for korleis nasjonalsinna rock i våre dagar skal lyda.

Berre for å uppklåra ei mogleg misforståing med det same: Det ikkje for å setja seg sjølve på pidestall at gruppa hev valt å kalla plata si for «Maßstab». Det er snarare for å setja ljoskastarane på personar og verdsåskodande idear som dei meiner bør vera fyredøme for andre. Det lukkast dei etter mitt syn godt med.

Introen på plata «Masstab» byrjar med ei politisk tala – framførd av ein nasjonalsinna aktivist som nylegt fekk kjenna systemet sine represjonsåtgjerder på kroppen. Soleides vert det heilt frå byrjingi av klårt at her er det ein politisk bodskap som gruppa vil ha ut. Denne bodskapen vert i dei etterfylgjande spori hamra inn – med låtar som hentar innslag både frå punkrock, hardcore, metal og metalcore. Det er alt frå «vanleg» drivande «Deutschrock» til brutal metalcore på denne skiva.

Plateumslaget på "Der Masstab".

Plateumslaget på «Der Masstab».

Hulter til bulter vert det likevel aldri, det syter den proffe og sereigne produksjonen for. Alle låtane hev noko varmt og upplyftande yver seg, det er eit dynamisk driv i melodiane og ein optimisme i tekstene som spinn ein raud tråd igjenom heile plata. Det er heile 13 ulike låtar på plata, og dei er alle framifrå gode. Sidan eg ikkje kann taka fyre meg alle, so hev eg heilt subjektivt valt meg ut dei som hugtok meg mest:

«Auf ein Wort» er drivande, melodisk rock med energisk song hakk i hel. Det er på mange måtar ei programlåt, med eit serskilt kall til ungdomen: Fram for ein positiv nasjonalisme med fokus på familie, heimstad, nedervd kultur og tradisjonar. Vekk med mindreverdskjensla og skuldkultur!

«Im Herzen tragend» er ei godlåt som er full av lovord til heimstaden og til det som gjer ein heimstad til nett det: Gode grannar og folk som bryr seg og tek vare på kvarandre. Harmonien i låti vert til slutt broti med ein tollegt disharmonisk gitarsolo, og dette gjev melodien eit nytt høgdepunkt mot slutten.

«MHD» er ei humoristisk hardcore-låt med ein seriøs undertone: Dagsens samfund er mest for eit kjøleskåp å rekna. Eit kjøleskåp der stemplingsdatoen på varone for lengst hev gjenge ut, og der det både myglar og kryr med bakteriar. Å eta frå dette kjøleskapet fører berre til sjukdom og død, det som trengst er ei retteleg upprydjing og reingjering der rotenskapen vert teken ut og kasta!

«Der Staat mit der Eisernen Mask» er ei rockelåt med hardkjerneinnslag. Titelen og teksti spelar på «Mannen med jarnmaska». Dette var ein mann som franske kong Ludvig den 14. heldt fanga i heile 34 år. Spekulasjonane um kven han var hev vore mange, og Voltaire meinte han var ein eldre bror av kongen – gøymd burt i eit fangehol av di han faktisk var den rettkomne kongen i landet. Og det rettkomne politiske systemet i Tyskland, kva er det? Kva med den fredsavtala som enno hev til gode å verta underskrivi? Attum jarnmaska finn ein svari…

«Lichtbringer» er ei brutalt moderne metalcore-låt som tek fyre seg den amerikanske dronekrigføringi i fjerne land. I namnet åt menneskerettar og humanisme vert menneske drepne og bomba i småbitar på dataspel-vis. I refrenget slær ein lakonisk fast at: «Yes, we can… Fight their system now!»

«An Europas Erben» er den einaste akustiske låti på plata. I motsetnad til dei hine songane so er dette ei retteleg trubadur-låt der song og gitarspel er det einaste som driv låti fram. Visa er ei uppmoding til oss som er Europa sine ervingar: Det er tid for å bryta upp frå det rotlause forbrukarsamfundet – tid for å bryta lekkjone. Det rådande systemet syng på siste verset, det hev ingenting meir å tilby oss og me hev ingenting å venta oss frå det – aller minst pensjon og andre slags «framtidige» velferdsgode. Um me vil ha ei framtid, må me stå saman og skapa henne sjølve!

«Heimwärts» kunde like godt ha vore skrivi av Ensiferum eller eitkvart anna paganmetal-band. Denne låti tek fyre seg slutten på livet og lengselen etter å møta att dei som hev gjenge fyre i døden. Songen rundar plata av på ein fin og harmonisk måte.

Fyrste gongen eg høyrde «Flak» var for fem år sidan, då dei kom med debutplata «Feuertaufe». Den gongen avskreiv eg dei som eit «vanleg» nasjonalsinna rockeband – altso ikkje serskilt dårlegt og helder ikkje serskilt interessant å høyra på. Med «Masstab» hev dei derimot teke steget til å verta ei gruppa som det er spanande å lyda til. Dei hev prova at dei er noko langt meir enn berre eit «nasjonalsinna» band…

I dei seinaste åri hev stødt fleire nasjonalsinna musikkgruppor nådd det nivået som krevst for å vekkja interessa utyver eigne krinsar og nå ut til eit breidt og «normalt» publikum. Både musikalsk, tekstlegt og produksjonsmessig er dei fullt på høgd med den «vanlege», upolitiske musikken – og det opnar nye dører. Slik kann dei endelegt nytta musikken som det politiske våpenet det var meint til. Det er berre å ynskja Flak velkomen med i klubben!

Ornella Winter