Stig Berntsen hetsar Målmannen

Stig Berntsen, tidlegare nestleidar i AKP, hev dei siste dagane nytta seg av sosiale media til å driva med bakvaskingskampanje mot Målmannen. I innlegg på Facebook hevdar han at Målmannen-redaktøren stend i ledtog med “voldelige fascister”. Men den einaste som reint faktisk kann knytast til politisk vald er Berntsen sjølv. For ope TV2-kamera gjekk han i august 2005 til åtak på den  tidlegare FrP-politikaren Vidar Kleppe og slo honom i hovudet med ein handplakat.

Researchkollektivet Info – som hev publisert stoff på nettstaden Radikal Portal – var ein freistnad på å skipa ei anonym “granskingsgruppa” som skulde avsløra og eksponera påstått høgreekstreme miljø. Det lukkast dei dårlegt med. Etter at nettstaden Frieord publiserte ein artikkel der tvo namngjevne personar vart peika ut som bakmenner for nettstaden, so gjekk heile prosjektet i frø – og det einaste som er att av Researchkollektivet i dag er ei nettsida som hev vorte liggjande brakk. Det er openbert at det ikkje lenger finst personar som vil leggja tid og energi inn i arbeidet med det nemnde “Researchkollektivet”.

"Vi diskuterer ikke med fascister" = Stig Berntsen gjekk tom for argument.

«Vi diskuterer ikke med fascister» = Stig Berntsen gjekk tom for argument.

Derimot finst det personar som hev vore med i påstått “antifascistisk” verksemd i so lang tid at ein må undrast på um dei rett og slett er vortne for gamle til å finna noko anna å ta seg til . Stig Berntsen påstår å ha meir enn 20 års fartstid i “det antifascistiske miljøet”. På sosiale media hev Berntsen aktivt spreidd materiale frå det innsovna Researchkollektivet.

Den valdsdømde ekstremisten Stig Berntsen påstår at Målmannen-redaktøren hev "pleid kontakt" med Nordisk Ungdom, men kann ikkje underbyggja påstandane med nokon ting handfast.

Den valdsdømde ekstremisten Stig Berntsen påstår at Målmannen-redaktøren hev «pleid kontakt» med Nordisk Ungdom, men kann ikkje underbyggja påstandane med nokon ting handfast.

I eit ferskt diskusjonsinnlegg på Facebook påstod Stig Berntsen at Målmannen-redaktøren hev “pleid kontakt” med den svenske organisasjonen Nordisk Ungdom. Målmannen-redaktøren tykte det var tid for å konfrontera Berntsen med den bakvaskingsverksemdi som han driv med, og nytta høvet til å møta Berntsen til open konfrontasjon. Konfrontasjonen synte seg å vera sers instruktiv – for han avdekte nøyaktig korleis dei «antifascistiske» kartleggingsgruppone driv på:

  1. Dei tek tak i ope tilgjengeleg informasjon frå meiningsmotstandarar – som med våre reportasjar i Målmannen.
  2. Dei syr ein spekulativ konspirasjonsteori ikring det heile, og presenterar «rapportar» der spekulasjonane vert presenterte som fakta.
  3. Det satsar på at dei som kjem under åtak skal svara og stadfesta eller avkrefta spekulasjonane og «hear-say»-informasjonen som dei hev lagt fram som uomtvistelege fakta. På den måten kann dei få fiska ut meir informasjon som dei kann nytta seg av til å spinna vidare på spekulasjonane sine.

Når motparten ikkje gjer dette, men derimot bed um handfaste prov på det som vert påstått, so vert det som i poker: Dei høgar innsatsen og gjeng «all in» med endå drygare påstandar og insinuasjonar um at her finst det endå meir. Men um me insisterar på å sjå dei i korti, so er bløffen til slutt avslørt – slik Stig Berntsen vart den 10. januar 2016 med bløffen sin um at Målmannen-redaktøren «pleier kontakt» med Nordisk Ungdom.

Jamvel um det vert heilt tydelegt at påstanden um NU-tilknyting ikkje er anna enn reine spekulasjonar, so held Berntsen fram med å insistera på konspirasjonsteoriane sine. “Torheim veit sjølsagt utmerka godt hva han driver med”, hevdar Berntsen. Han påstår vidare at Målmannen-redaktøren reiser Europa rundt for å demonstrera saman med “voldelige fascister”.

OFFENTLEG AVKLEDD: Stig Berntsen vart konfrontert med skuldingane og spekulasjonane sine i ei Facebook-gruppa med meir enn 4000 deltakarar. Han hadde ingenting å syna til, men hevdar i eit raseriutbrot at "Torheim veit sjølsagt veldig godt hva han sjøl holder på med..."

OFFENTLEG AVKLEDD: Stig Berntsen vart konfrontert med skuldingane og spekulasjonane sine i ei Facebook-gruppa med meir enn 4000 deltakarar. Han hadde ingenting å syna til, men hevdar i eit raseriutbrot at «Torheim veit sjølsagt utmerka godt hva han sjøl holder på med…»

Til dette er fylgjande 3 ting å svara:

  1. Vår motivasjon for å møta fram på demonstrasjonar av ymist slag hev vore informasjonsformidling. Me vilde syna desse massemynstringane fram for eit norsk publikum. Når titusundtals menneske demonstrerar på nasjonaldagen i Warszawa, so hev det offentleg interessa. Denne informasjonsformidlingi hev me drive med heilt openlyst, og den konspirative konteksten som Berntsen & co freistar å spinna kring det heile er so langt frå røyndomen som det er moglegt å koma (Sjå til dømes vår reportasje frå sjølvstendemarsjen i Polen).
  2. Me hev aldri “demonstrert” saman med “voldelige fascister”, slik Berntsen påstår. Derimot hev me i Dresden og Magdeburg upplivd at valdelege vinstreekstremistar gjekk til åtak med stein- og flaskekasting. Målmannen sine reportasjar avdekkjer at det heilt systematisk er ekstreme “antifascistar” som tyr til vald. Dei er dei einaste som ter seg valdelegt og uverdige ved dei markeringane som Målmannen hev teke fyre seg (sjå til dømes vår reportasje frå minnemarsjen i Magdeburg).
  3. Berntsen kjem ikkje berre med usanne skuldingar um at Målmannen-redaktøren stend i ledtog med “voldelige fascister”. Under eit valmøte i 2005 gjekk Berntsen til fysisk åtak på Vidar Kleppe og slo honom i hovudet med ein handplakat. For dette brotsverket fekk Berntsen eit fyrelegg som han nekta å vedtaka. Det vart teke ut tiltale mot Berntsen,og saki fekk ei viss mediemerksemd. Berntsen hev med andre ord ei forhistorie knytt til politisk valdsbruk.
Det vekte i si tid ei viss mediemerksemd at Stig Berntsen vart tiltala for vald mot Vidar Kleppe, etter å ha nekta å vedtaka eit fyrelegg for lekamsfornærming.

Det vekte i si tid ei viss mediemerksemd at Stig Berntsen vart tiltala for vald mot Vidar Kleppe, etter å ha nekta å vedtaka eit fyrelegg for lekamsfornærming.

Ein kamp som ikkje møter motstand er ingen kamp. Me er ikkje redde for konfrontasjon med Stig Berntsen og hans like.  At slike folk mislikar oss i Målmannen-redaksjonen, det kann me godt forstå. Sumtid skulde me likevel ynskja at me hadde litt meir verdige motstandarar enn politiske ekstremistar med valdstendensar. Det er trass alt ikkje desse som representerar hovudtrugsmålet mot norsk språk og kultur i dag, det er det derimot den globalkapitalistiske ultraliberalismen som gjer.

Ikkje ein gong på den tradisjonelle vinstresida kjøper folk lenger bakvaskingi frå det anonyme "Researchkollektivet".

Ikkje ein gong på den tradisjonelle vinstresida kjøper folk lenger bakvaskingi frå det anonyme «Researchkollektivet».

Til lukka er det stødt fleire som forstår dette, og so fær dei stakkars yvervintra “antifascistane” frå 90-talet helder driva på med det einaste som dei kann – til dess at dei til slutt ikkje orkar meir. Det er det trulegt ikkje so lenge att til…

Olav Torheim

NB! I den fyrste utgåva av denne kommentarartikkelen umtala me Berntsen som «valdsdømd». Me baserte oss då på upplysningar frå ei kjelda som me rekna for truverdig, men Berntsen hevdar i ein kommentar til oss at det aldri vart nokor rettssak og at det aldri kom so langt at han vart dømd for det som han vart tiltala for. Me hev difor endra den upphavlege teksti.

Frå TV2-sending: Stig Berntsen nyttar handplakat til å slå Vidar Kleppe i hovudet. Saki førde til at det vart teke ut tiltala mot Berntsen, men sidan skal saki ha koka burt i kålen.

Frå TV2-sending i aguust 2005: Stig Berntsen nyttar handplakat til å slå Vidar Kleppe i hovudet. Saki førde til at det vart teke ut tiltala mot Berntsen, men sidan skal saki ha koka burt i kålen.