In the Woods og Gorgoroth på Blastfest

Det er ikkje ofte eg gjeng ut på metallmusikkfestival i Bergen. Å koma seg inn er dyrt, å kjøpa seg drikke er dyrt – og publikum er som regel ei blanding av fanatiske metallturistar frå utlandet og dvaske, norske student-hipsterar. Blastfest hadde likevel eit sopass lovande program dette året at eg tenkte eg skulde gje det ein sjanse, og Målmannen er difor representert med eigen korrespondent i dei dagane som festivalen stend på. Torsdagen stod millom anna In the Woods og Gorgoroth på scena. In the Woods vart diverre ein nedtur, medan Gorgoroth leverte varone.

Kampfar, Dødheimsgard, Taake, In the Woods og Gorgoroth. Det var dei «gode gamle» som var sette upp på USF Røykjeriet torsdag kveld. For eigen part var det serskilt gruppone In the Woods og Gorgoroth som eg såg fram til å få sjå.

Den litt mystiske, avantgarde-aktige ekstremmetallen på kassett-demoen «Isle of Men» frå 1993 høyrer med til mine aller fyrste møte med norsk svartmetallmusikk. «In the Woods» frå Kristiansand gjorde eit uutslettelegt inntrykk på ein 14-åring. Likeins skulde det verta med Gorgoroth frå Ytre Sogn. Det var det same året at dei kom den fyrste demoen sin, dei med. «A sorcery written in blood» var grimt, underprodusert, rått og energisk – med bod um at her var det noko heilt nytt i kjømdi.  Gorgoroth greidde med meisterverki «Pentagram» (1995) og «Under the Sign of Hell» (1997) å skapa noko eineståande som ein ikkje finn hjå andre gruppor: Ein svartmetall som på den eine sida både er full med trøkk og thrashige riff og som på den andre sida hev mange myrke, melodiske og sorgfylde undertoner i seg. Når ein talar um tidleg norsk svartmetall, so målber In the Woods og Gorgoroth på mange måtar tvo ulike stemneleider som utfyller einannan.

In the Woods: Venta på svartmetall, men fekk progressiv koserock

Fyrst ute var In the Woods, men alt med den fyrste låti so stelte eg meg spursmålet: «Kva er dette? Er eg komen til rett konsert?» Det var ingenting att av den mystiske, natur-lyriske stemningi frå «Isle of Men» eller «Heart of the Ages». I staden kom gruppa med eit heilt nytt repertoar av nye låtar som er meir for ein progressiv kose-rock å rekna. Sjølve gruppa hadde lagt seg til ein «hipster-look» som gav meg kjensla av å vera i ei studentkro snarare enn på ein metallmusikk-konsert. Den langhåra songaren hoppa ikring på scenen som ein labbetuss med caps og brillor – det var mest som ein skulde tru det var den tidlegare fylkesleidaren i MDG Hordaland som hadde steppa inn på vokal.

Det var lite svartmetall-estetikk att å spora hjå det studentikose In the Woods anno 2016.

Det var lite svartmetall-estetikk att å spora hjå det studentikose In the Woods anno 2016.

Svartmetallen hev teke vare på litt av det tidlause med den stemningsfulle musikken og symbolikken sin. Er det nokon samanheng der ein burde sleppa å verta eksponert for progressiv hipster-rock, so er det nett her. Nei, dette var eit vonbrot: Um artistane attum In the Woods gjekk leide av å driva med svartmetall, so burde dei helder ha skipa eit nytt prosjekt med eit nytt namn – og funne seg ei onnor scena å stå på…

Gorgoroth: Ingen yverraskingar, og godt er no det

Ved midnattstid gjekk endelegt Gorgoroth på scena. Eg skal ikkje dvela so mykje ved sjølve scene-estetikken, som i 2016 er meir for pinsam enn for provoserande å rekna. Slikt må ein vel berre ta med på kjøpet når ein skal på konsert og sjå på ein gjeng som godt upp i førti-åri framleis kann kalla seg for «satanistar», og det i fullt ålvor… Under alle umstende so var det for musikken si skuld eg var komen, og her kann ein slå fast at Gorgoroth leverte varone.

Krakow 2004 eller Bergen 2016: Gorgoroth er Gorgoroth...

Krakow 2004 eller Bergen 2016: Gorgoroth er Gorgoroth…

Konserten tok til med at gruppa køyrde ei låt frå 2010-albumet «Quantos Possunt ad Satanitatem Trahunt» – ei plata som den gongen sermerkte seg med at gruppa var attende i god, gamal form – og det etter å ha lagt mange år med eksperimentering attum seg. Resten av konserten køyrde gruppa eit rimelegt «trygt» upplegg, der det meste av det framførde låtmaterialet var henta frå «Pentagram» og «Under the Sign of Hell». Det heiter hard og brutal svartmetall full med drepande riffing og skriking.

Um Vassendgutane kann kalla musikken sin for «fest-country», so kunde ein kanskje kalla Gorgoroth-reportoaret torsdagskvelden for «fest-metal». Klassikarane kom som perlor på ei snor: «Katarinas Bortgang», «Profetens Åpenbaring», «Krig»… Heilt mot slutten drog dei titelsporet frå det støyfylde «Destroyer» frå 1997, der den eksplosive riffingi – um moglegt – fekk lyfta stemningi endå nokre hakk.

Konklusjon på det heile lyt vera at endå um kvelden ikkje vart den heilt store med In the Woods, so sytte Gorgoroth for at det ved nattestid vart fest i Helvite likevel…

O. Torheim