Program for ein europeisk vestlandsregionalisme på fullnorsk grunn

Eg vil med dette taka til ords for at det vert skipa ein vestlandsregion som er strukturert ut frå umsyn som spesifikt skriv seg frå den historiske og kulturelle serhåtten på Vestlandet. Ein region som byggjer upp under og styrkjer vestlandsidentiteten, framfor å bryta honom ned.

Mykje av politikken hev til gode å verta utvikla, naturlegt nok, men dei grunnleggjande prinsippi fylgjer nedanfor:

Administrasjon

Det vert skipa ein vestlandsregion, sett i hop av Sunnmøre, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det hev alt kome klåre politiske signal frå Sunnmøre um at dei helder vil vera med i ein vestlandsregion enn å leggja seg inn under Trondheim (sjå til dømes “Sunnmøre vil gå saman med Nordfjord”, http://www.nrk.no/mr/slik-kan-det-nye-regionkartet-sja-ut-1.12897519 ). Eit utvida Sogn og Fjordane, der Sunnmøre er med, gjev dessutan maktbalanse andsynes det langt meir folkerike Hordaland og Rogaland.

Ein vestlandsregion etter europeisk, føderalt mynster - der Sunnmøre er med for å gjeva Sogn og Fjordane ryggstø andsynes Hordaland og Rogaland.

Ein vestlandsregion etter europeisk, føderalt mynster – der Sunnmøre er med for å gjeva Sogn og Fjordane ryggstø andsynes Hordaland og Rogaland.

Vestlandsregionen vert ikkje skipa for å skifta ut fylki, men for å taka yver dei funksjonane som staten hev teke frå fylket og fylkeskommunen. Dei tri vestlandsfylki vert dimed vidareførde, men det vert skipa eit nytt politisk nivå med større handlefridom og fleire arbeidsuppgåvor.

For å hindra at Vestlandsregionen fær ein altfor sterk bergensdominans, so vert Bergen skilt ut att frå Hordaland som eit eige fylke. Dette på same måten som mange storbyar i Tyskland er “Kreisfreie Städte”, direkte underlagde det bundeslandet dei høyrer til (Me hev jamvel Bremen som er eit Bundesland for seg sjølv). Den same løysingi kunde Stavanger og Ålesund få. Desse fylki kunde vera språknøytrale, medan Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre hev nynorsk administrasjonsmål. Vestlandsregionen skal administrerast på nynorsk, og det er denne regionen som fær attende andsvaret for til dømes sjukehusi (framleis nynorsk på Haukeland).

Språkpolitikk

Jamstellingi millom bokmål og nynorsk er illusorisk. Den norske «språkfreden» hev ført til at det vert eit tabu å føra grunnleggjande diskusjonar um kva som skal vera innhaldet i det norske. Språkvalet er vorte privatisert til eit spursmål for den einskilde um kva for eitt av dei tvo «jamstelde målformene» det er ein vil nytta. Dette fører ikkje til nokor røynleg «språkfred», det fører til at bokmålsbrukarar kann flytja ut i Nynorskland og krevja bokmål til ungane sine. Det hev ikkje vore ei einaste offensiv målrøysting sidan krigen, og norskt mål er på vikande front i randsonane kring Bergen og Stavanger.

Ein vestlandsregion bør gje nynorsk eit røynlegt lovvern som eit regionalspråk. Retten til parallellklassar på bokmål i nynorskumråde bør fjernast, sidan han einast tener til å utbreida bergensmål og bokmål og trengja burt lokale dialektar og kultur. Norskupplæring for innvandrarar til heile vestlandsregionen må vera på nynorsk og berre nynorsk.

Skulepolitikk

Slik stoda er i dag, so er det bokmålselevane som treng å læra nynorsk, ikkje umvendt. Kravet til språkkunnskap må vera det same, men sidemålsundervisningi i Vestlandsregionen kann godt bytast ut med ein einfeld “bergenstest”. Den frigjorde tidi kann nyttast til å lata elevane få grava seg ned i det som faktisk er det klassiske målet åt oss på Nordkalotten. På same måten som i gamle dagar, so må me få attende landsgymnas med norrønalina på Voss.

Jordbrukspolitikk

Den rådande nasjonale politikken favoriserar store bruk på Austlandet. Jordbrukspolitikk måta etter småbruk med økologiske nisjeprodukt, det er framtidi for landbruket på Vestlandet. Vestlandsregionen treng ein sjølvstendig landbrukspolitikk som legg til rettes for dette.

Vestlandsregionen treng ein sjølvstendig jordbrukspolitikk som legg til rettes for småbruksdrift og nisjeproduksjon.

Vestlandsregionen treng ein sjølvstendig jordbrukspolitikk som legg til rettes for småbruksdrift og nisjeproduksjon.

Helsepolitikk

I 2002 vart fylkeskommunane fråtekne andsvaret for sjukehusi, og desse vart lagde inn under dei nyskipa helseregionane. Resultatet hev vore ei utarming av helsetilbodet i distrikti. I Volda på Sunnmøre kjempar lokalfolkesetnaden for at akkuttilbodet ved sjukehuset skal halda fram, men korkje regionale byråkratar eller rikspolitikarar vil lyda til dei. Helseregion Vest lyt leggjast inn att under dei folkevalde i Vestlandsregionen. Slik kann lokalfolkesetnaden i vest atter få ein politisk kanal der dei kann verta høyrde og påverka dei politiske prosessane.

Samferdselspolitikk

Samferdselspolitikken på Vestlandet stend ved eit vegskilje, bokstavelegt tala. NHO kom for eit år sidan med ein rapport der det vart slege fast at folketalet i Noreg kom til å veksa til 7 millionar dei neste 25 åri og at det meste av denne voksteren kom til å verta i storbyane. Dei vilde at styresmaktene skulde taka konsekvensen av dette og prioritera samferdsel kring dei store byane.

Det neste store prosjektet på Vestlandet er ferjefri E39 som skal knyta saman storbyane Trondheim, Bergen og Stavanger. Gigantomanien kjenner ingen grensor, som med den planlagde seks kilometer lange brui yver Bjørnefjorden.

Nordhordlandsbrui, Sotrabrui og Askøybrui hev ført til at Bergen ekspanderar i alle leider. I gamle dagar var det båttrafikk som knytte saman Øygarden, Herdla og Holsnøy, og det kann ein framleis høyra att på dialekten, men no kjem ein seg ikkje lenger frå Holsnøy til Øygarden utan å køyra innum Bergen. “Dar gjekk dampen”, som Ivar Medaas syrgmodig kunde slå fast…

Framstegi innanfor samferdsel i Hordaland - Nordhordlandsbrua, Sotrabrua, Askøybrua - hev einast tent til å utvida fylket til eit einaste Stor-Bergen. Slik trong det ikkje um å vera.

Framstegi innanfor samferdsel i Hordaland – Nordhordlandsbrua, Sotrabrua, Askøybrua – hev einast tent til å utvida fylket til eit einaste Stor-Bergen. Slik trong det ikkje um å vera.

Slik trong det ikkje um å vera. På Søre Sunnmøre er Volda/Ørsta vorte eit sentralt knutepunkt millom Ulstein (Eiksundsambandet), Stryn (Kvivsvegen) og Nordfjordeid (upprusta RV651). Desse vegprosjekti er resultat av trottugt arbeid frå lokale eldsjeler og entreprenørar med visjonar for bygdene sine. Slik er Søre Sunnmøre vorti ei motvekt til ålesundsdominansen lengre nord.

Takk vere den visjonære Kjell Opseth hev Årdal og Lærdal fenge gode samband både til Bergen og Oslo, med upprusta E16 og verdsens lengste tunnelsamband. Hydro Aluminium i Årdal hev makta den vanskelege umstellingi til meir miljøvenleg teknologi og hev no dubbelt so høg produksjon som tidlegare, med berre helvten so mange tilsette.

Samferdselspolitikken på Vestlandet må prioritera at verdiskapingi ute i distrikti framleis fær gode voksterkår og at det kann veksa fram naturlege senter og knutepunkt ute i distrikti som kann skapa motvekt til storbydominansen.

Det er til dømes ingen grunn til at ein ikkje kann få snøggbåtruta i Nordhordland millom Øygarden, Herdla og Holsnøy. Gode kommunikasjonar skaper samhandling, og industrien i Nordhordland gjer det til dømes stort innanfor offshore og havbruk.

På same måten bør Vestlandsregionen skrinleggja dei gigantomane planane um ferjefri E39 og i staden arbeida for å utvikla Haukelivegen – alternativt Haukeli-høgfartsbanen – som det nye sambandet millom Aust- og Vest-Noreg. På denne måten fær ein samstundes knytt saman både Sunnhordland, Hardanger og Vest-Telemark, og det langs ein urnorsk akse som gjeng frå Sørvestlandet til fjellbygdene på Austlandet. Nye samband kann få veksa fram i kjølvatnet av dette, og den nynorske bygdekulturen i Vest-Telemark kann få eit sårt tiltrengt ryggstø frå vest.

Skattepolitikk

Dei gamle fylkesskattekontori er vortne lagde ned og skifte ut med statlege skatteregionar. Desse regionane må inn att under regional, politisk kontroll.

Dagsens system med differensiert arbeidsgjevaravgift er basert på eit system med ei rad ulike soner der grensone gjeng på kryss og tvers yver heile landet. I samband med kommunereformi uppliver ein faktisk at næringslivet i mange utkantkommunar kjem til å tapa store pengesummar på at dei hamnar inn under ein storkommune med høgare arbeidsgjevaravgift. Denne soneinndelingi bør takast burt, og i staden må det vera upp til styresmaktene i kvar region å fastsetja arbeidsgjevaravgift. Det høyrer med til den økonomiske og finansielle verktykassa som ein sjølvstendig region må kunna nytta seg av.

Næringsgrunnlaget på Vestlandet (olje/offshore, verftsindustri, kraftkrevjande prosessindru), Nord-Noreg (fiskeri), Austlandet (jordbruk, skogbruk) er sers ulikt. Fallande oljepris fører til at det trengst tiltak for å stimulera umstelling og nyskaping på Vestlandet, og redusert arbeidsgjevaravgift er millom verkemidli som styresmaktene i Vestlandsregionen bør kunna nytta seg av.

Innvandringspolitikk

Etablering av asylmottak er ingen politisk prosess i det heile, slik stoda er i dag. Det vert styrt av fylkesmannen, DSB og UDI – utan at lokalpolitikarar hev nokon ting dei skulde ha sagt. Asylmottak vert påtvinga lokalsamfundi mot deira vilje.

Huseigarar vert tilbodne titals millionar for å leiga ut, same kva resten av lokalsamfundet skulde meina um det. Hotell og pensjonat på konkursens rand fær ein ny sjanse dei ikkje kann segja nei til. Hadde dette hendt i Russland hadde ein kalla det for mafiaverksemd.

Fylkesmannen er ikkje underlagd fylkestinget, men er staten sin representant i fylket. Her er det den gamle embetsmannsstaten som stend fram att med sitt grimme andlet og pressar igjenom endringar som folket ikkje vil ha.

I Årdal vart resultatet av denne statlege framferdi fatalt, med massakren på Valdressekspressen som kosta tri menneske livet

Det må verta slutt på å tvinga asylmottak på vestlandskommunar. Det som hende på Valdresekspressen i 2003 og 2013 skal ikkje få lov til å henda for tridje gong. Dei folkevalde i Vestlandsregionen må sjølve få styra inntaket av flyktningar og asylsøkjarar. Me vil ikkje ha Groruddalen på Vestlandet!

mord_valdresekspressen

«Det som hende på Valdresekspressen i 2003 og 2013 skal ikkje få lov til å henda for tridje gong.»

Ei strukturendring som kann føra makti nærare folket

Uppslutnaden um kommune- og fylkestingsvalet i 2015 var historisk dårleg. Noreg er vorte eitt av dei mest sentraliserte landi i Europa, og det er sers fåe høve for borgarane til å påverka einskildsaker. Meiningsmælingar syner at den rådande politikken på ei rad umkverve er stikk i strid med folkeviljen (EU, innvandring, datalagring, kommunesamanslåing…).

Ei regionalisering etter føderalt, europeisk mynster hadde i norskt hopeheng vore ei revolusjonerande åtgjerd for å føra makti nærare folket. Motargumentet frå styresmaktene kjem til å vera at me ikkje hev nokon historisk tradisjon for føderalisme eller regionalisme i Noreg og at Noreg tvert imot er ein sentralstyrd stat. Men då veit me samstundes kva det er kommune- og regionreformi berre kjem til å gjeva oss endå meir av.

I staden for riksstyret sine pseudo-"regionar", lat oss krevja regionalisering etter tysk og europeisk mynster!

I staden for riksstyret sine pseudo-«regionar», lat oss krevja regionalisering etter tysk og europeisk mynster!

Ei retteleg regionalisering av Noreg inneber ei umfemnande strukturendring. Ei strukturendring som må drivast igjenom politisk. Dette i motsetnad til dei strukturendringane som me i dag fær langsamt og heilt «av seg sjølv», med di me yverlet «utviklinga» til marknadskreftene…

Ein europeisk vestlandsregion på fullnorsk grunn er ikkje noko som kjem til å skapa seg sjølv, men i kampen for denne regionen kann me både samla dei heimstadtrugne politiske kreftene som finst i dag og me kann skapa heilt nye alliansar og initiativ. Samstundes er det ein visjon som er so radikal at han kjem til å skapa eit nytt skilje millom mange som kanskje berre trudde at dei stod på same sida: Vil me føra reaksjonær forsvarskamp mot sentraliseringskreftene eller vil me koma på framvegen og sjølve skapa noko nytt? Terningen er kasta.

Olav Torheim

Part I: Regionreformi er ein retur til embetsmannsstaten