Goldofaf – gjenom kaoset

Fransk rap og hip-hop er nok ikkje det ein høyrer so altfor mykje um her i Noreg, endå mindre patriotisk hip-hop. Difor skal eg fortelja dykk litt um artisten Goldofaf, ein sympatisk ung mann som eg hev havt gleda av å møta ved fleire høve.

Goldofaf var som so mange andre eit problembarn frå ein av Paris-forstadene, og i tenåringstidi dreiv han mykje gatelangs og let seg rekruttera inn i gjengkriminalitet. Kor som er, Goldofaf hadde ein nasjonalistisk bror som ikkje vilde lata honom døy i syndi, og ein dag skjedde det endelegt: Goldofaf valde å brjota med dei muslimske gjengbrørne sine. I staden melde han seg inn i den katolsk-tradisjonalistiske organisasjonen Renoveau Francais. Og det nedbrjotande som han hadde lært som gjengmedlem skulde han helder snu til noko positivt – innvandringskritisk nasjonalist-rap!

Målmannen-redaktøren møtte Goldofaf under den nasjonale og identitære dagen i Paris i 2009.

Målmannen-redaktøren møtte Goldofaf under den nasjonale og identitære dagen i Paris i 2009.

Gjenom videoar på Youtube hev Goldofaf sidan nådd ut til hundradtusundtals ungdomar. Musikken er endefram rap og hiphop, men bodskapen er av eit heilt anna slag enn det ein normalt kunde venta seg frå den kanten.

Krass samfundskritikk framførd frå ein tradisjonalistisk og kristenkonservativ ståstad, der uppgjerd med multikulturalismen, sterk studnad til serbarane i Kosovo, abortmotstand, eller åtvaring mot satanisme og porno, kunde vore nemnt som dei mest kontroversielle emni.

I andre låtar er det mindre politikk og meir sosialt engasjement, som i låta “Ames suicidees” (sjølvmyrda sjeler)der han tek fyre seg problematikken med dei mange franske ungdomane som kvart år tek livet sitt. Eller “Bretagne ma region” (Bretagne, min region) som er ein hyllest til Bretagne og den nedervde keltiskrøtte kulturen.

Goldofaf hev so langt gjeve ut tvo fullengdplator, “Generation FAF” frå 2008, “Dans la tourmente” (Gjenom kaoset) frå 2009. Platone kann tingast frå Patriote Productions (*).

O. Torheim

(*) Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2011. Seinare kom Goldofaf med endå eit album, «Prêt à tout» (2012).