Nasjonalismen vår kjem innanfrå

Nasjonalismen vår er ikkje pølse, knallpistol og pluralisme.

Nasjonalismen vår er ikkje is, brus og integrering.

Nasjonalismen vår er ikkje berre ein gong i året.

"Nasjonalismen vår kjem innanfrå..."

«Nasjonalismen vår kjem innanfrå…»

Når dei talar um fridom, so er det fridom til å velja millom low-fare-tur til Riga eller Roma – eller handletur på Rimi eller Rema.

Når dei talar um «felleskap», so er det «friviljuge» organisasjonar drivne på statsmidlar – eller offentlege «velferdstenestor» som aldri vert «robuste» og «effektive» nok.

Når dei talar um demokrati, so er det CIA-studde «upprørsgruppor» og Soros-finansierte «menneskerettsorganisasjonar» – som gjer stabile statar um til ein lettmanipulert etnisk miks.

Og det er ikkje det me talar um…

Når me talar um fridom, so talar me um fridom til å skapa seg ei framtid – saman med andre. Fridom til å ytra seg, fridom til å setja spor etter seg. Gjera verk som varer – til verdi øydest.

Når me talar um hopehav, so talar me um folkehopehav bygde på venskap, på samvirke og på blodsband. Band som vert skapte millom menneske som treng kvarandre i kvardagen – og som danar eit bankande hjarta i midten av samfundet.

Når me talar um sjølvstende, so talar me um lokalsamfund, um folk og um nasjonar som hev det modet, den styrken og det uthaldet som trengst til å hevda seg andsynes dei rådande maktene i denne verdi.

Me trur ikkje på «one man, one vote» – for me trur ikkje at isolerte einskildmenneske hev nubbesjans mot staten og mot dei ressurssterke lobbyane som kvar einaste dag verkar i dette «samfundet».

Me talar ikkje um «borgarrettar», «likestilling» og «codes of citizenship» – for me trur ikkje me kann pressa atomiserte individ saman frå utsida.

Nei, me viftar ikkje med det danske flagget tilsett den franske trikoloren – og me syng ikkje nasjonalsongen på eit mål som ikkje er vårt eige.

Og skulde me møta upp i bunad, so er det ikkje for å syna kor mykje pengar det er me kann bruka på oss sjølve. Det er tvert imot av di det finst ting me ikkje vil sleppa ned for nokon pris…

Patriotismen deira, det er tunnebandi som held den dauden fisken samla i tunna endå ei liti stund..

Nasjonalismen vår, det er det som held sildi på stø kurs i same stimen – og mot straumen.

God høgnorsk 17. mai!

  • Drømmerier…

    Toget har gått for lengst. Nasjonen er en saga blott. Derfor kan kulturmarxisten Aslak Sira Myhre nå koste på seg å vifte med flagget og ta til orde mot overkjøringen av folket, kulturen og nasjonen, selv om han selv har vært en pådriver for det nidingsverket. Han har selv vært en aktiv og engasjert bidragsyter til at folket nå er bevisstløst og så hukommelsesløst at man ikke avslører hans 180° manøver for å sikre seg alibi, nå som han er trygg på at prosessen han har vært med å styre, blant annet gjennom oppbyggingen av Litteraturhuset i Oslo (som av Jan Hårstad er blitt kalt Muslim Brotherhus), er irreversibel.

    Olav Torheims engasjement og pågangsmot er prisverdig, men det får meg også til å trekke på smilebåndet. Han fortjener imidlertid å bli tatt på alvor. Derfor vil jeg hinte om to avgjørende faktorer som mangler i fundamentet for hans agitatoriske virke: For det første har han ikke tydelig klart å identifisere sin motstander (som er håndfast men dekker seg bak ideologier og bevegelser), og han forstår heller ikke dynamikken som gjør at denne vil fortsette å ligge to skritt foran ham (og de bevegelser han sogner til). Denne dynamikken kan bare oppheves gjennom den andre manglende faktoren i dette engasjementet.

    Dette får holde som kommentar til en kort 17.mai-artikkel..

    • Olav Torheim

      Takk for innspel. Eg undrast elles på um me talar forbi einannan her eller ikkje. At den tradisjonelle sosialdemokratiske nasjonalstaten er steindaud, det skal eg på ingen måte segja meg usamd i, og i tidlegare artiklar hev eg kritisert nett det at forsvaret av nasjonen i dag ikkje er anna enn nostalgi for strukturar som hev utspela si rolla. Skal nasjonen vinna sjølvstendet og suverenitet sin attende, so må det 1) skje innanfor eit europeisk råmeverk – noko anna er berre illusjonar som i beste/verste fall gjer at me framleis berre vert verande ein marionettstat i lumma på USA og den mektige lobbyen som dreg i trådane i der. Og 2) det må byggjast ein sosial og økonomisk basis – skapast motkrefter – som gjer det moglegt å utfordra dei liberaldemokratiske og diffuse maktstrukturane som i dag råder både på nasjonalstatlegt, europeisk og internasjonalt nivå. Sjå til dømes meldingi mi av Adinolfi si siste boki um Europa:
      https://www.maalmannen.no/2016/01/gabriele-adinolfi-med-europeiske-visjonar/

      • Jeg leste nettopp artikkeln «Guillaume Faye: Seven Mistakes That Explain The Failure Of The European New Right» av Charles Janson der han nevner noen eksempler på det tjafset folk som orienterer seg i nasjonalistisk retning klamrer seg til, som å kalle seg «hedninger» eller «ny-paganister» eller andre eksempler han nevner

        New Righters ended up fetishizing the pettiest features of local
        folklores. They clung to petrified stuff, the kind that is mostly used
        today as bait for tourists. Along with that, they started to entertain a
        living-in-the-past mindset, busy with historical studies and
        commemorations.
        Folklorism confuses the essential with the secondary. The struggle
        will not be won by (merely), say, wearing a green costume and drinking
        beer at St. Patrick’s day because some of your ancestors were Irish.

        Selv har jeg kommet til at norsk kultur har vært stein dau, bortsett fra i små enklaver, i hele min levetid. forts

        • Olav Torheim

          Nett det du skriv her er det som ligg millom linone i mi eigi tekst, so her tykkjer eg du skvetter vatn på gåsi. Sidestatistikken min fortel at nokre tusundtals personar las denne teksti på 17. mai, og um det kann få berre eit titals nye personar til å lesa nokre av dei andre tekstene som nettopp freistar å gå meir i djupni, so er målet uppnådd for min part – i denne umgangen.

          Og apropos countrymusikk i Noreg, kva tykkjer du um til dømes Hellbillies? Kann ein ikkje ta tak i ovringar frå utlandet og gjeva det vårt eige uttrykk?

          «Dei største Tankar vi altid faa
          af Verdens det store Vit;
          men desse Tankar dei brjotast maa
          lik Straaler af Soli, som altid faa
          i kver si Bylgje ein annan Lit»

          Bilar av det gode, gamle amerikanske slaget – som enno ikkje var fullstappa med elektronikk og som ein kunde reparera sjølv utan at ein trong å ha garasjen full med spesialverkty – er ikkje meg imot. Tvert um, eg kann eg godt forstå at mang ei norsk arbeidshand finn hugnad i å mekka på desse – på same måten som bønder og fiskarar i tusundtals år arbeidde med å byggja og vøla på sine eigne båtar, sledar og vogner.

          Det er klårt at me må gå djupare, men interessa for dette må vekkjast ein stad. Då fær ein ta folk for det som dei er og ikkje det me meiner dei burde vera. Kva slags sensibilitetar finst framleis hjå folk, kvar hen kann ein vekkja ein resonans?

          Moglegt du dreg på smilebandet, men kva er alternativet ditt?

          Me skal helder ikkje gløyma at det framigjenom ikkje berre hev funnest eitt USA, men fleire: Dei skandinaviske eventyrarane som bygde og busette seg i Midtvesten var av eit anna slag enn dei som sat på Austkysten og lånte ut pengar. Bilbyggjaren Henry Ford – med sin anglosaksiske arbeidsmoral og entreprenørskap – var då sjølve motstykkjet til den spekulasjonskapitalismen som Wall Street målber. Han freista jamvel å føra fram ein klår og tydeleg kritikk av desse, men vart nøydd til å krypa til krossen – og i dag er det dei sistnemnde som rår grunnen…

          • Så flere tusen skulle ha lest denne artikkelen og ingen av dem kommenterer før min kommentar to dager etterpå? Skal jeg tro på det? Alle andre steder hvor jeg kan gjøre en slags bedømming av hvor mange som leser innleggene står kommentarmengden noenlunde i forhold til dette antallet visninger. Ta f.eks. Facebook-gruppa «Vi som bryr oss om avisa Klassekampen» der vi begge er med. 4400 gruppemedlemmer og godt med kommentarer til gode innlegg. Eller på Verdidebatt hvor man kan se ved hvert innlegg hvor mange visninger det har. Men på Målmannens nettsted kommenteres det nesten ikke. Virkelig?

            Nok om det. Når du skriver så forstår jeg jo at du overhode ikke har tatt innover deg den radikale forsimplingen av individet som har funnet sted i hele vår kulturkrets. Vi har en oppvoksende slekt som i det hele tatt ikke kan tenke og som utelukkende er opptatt av distraksjoner og trivialiteter.

            Samtidig, og mot dette, har vi innenfor hele fjøla av vitenskapsretninger sett en enorm utvikling inn i nye paradigmer som fullstendig sprenger det nåværende men som sekvestreres og avvises, og overfor befolkningen underslås. Bildet av virkeligheten, menneskets potensial og perspektiver på en ikke bare mulig men etter alle solemerker ustoppelig utvikling utad i alle retninger er ikke til å unngå for bevisste og opplyste mennesker. Men så ser jeg på deg og på ny-høyre, med Dugin, med Faye og mange flere, og jeg ser at dere har fullstendig blokket ut ALT DETTE.

            Min konklusjon er at dere har meldt dere ut av arbeidet for å erkjenne og realisere den virkeligheten som er under oppseiling og i stedet gjør dere travelt opptatt med abstrakte konstruksjoner bygget på lineære videreføringer av tidligere retninger innenfor det eksisterende fullstendig innskrenkete (det er derfor det kalles «A4»), reduksjonistiske, døende paradgimet.

          • Olav Torheim

            Eg er ikkje tenkt å leggja ut nokon skjermdump av sidestatikken min (sorry Søderlind & co), men denne teksti hev faktisk råka eitkvart – for responsen var yverveldande. So der fær du velja sjølv um du vil tru på meg eller ikkje.

            Det du skriv i det andre avsnittet er eg langt på veg samd i. Eg er fullt klår yver at me hev ei vandsleg uppgåva og eg gjer meg faktisk ingen illusjonar her. Eg meiner du framleis hev til gode å fortelja kva som er alternativet her. Meiner du at me berre skal leggja oss ned for å døy?

            Dugin var ein person du sjølv hadde trui på tidlegare, so du kann kanskje fortelja litt um kvifor du hev radikalt endra meining her?

          • Jeg har fremdeles tro på Dugin, og jeg syns det ny-høyre bringer til torgs er finfint. Du også er storveis! Sammenliknet med det dere utfordrer. Men dere mangler fullstendig den gjennombruddskraften som kunne gjort virkelighet av de tilløpene til visjoner som dere legger fram.

            Hvorfor skriver du «Meiner du at me berre skal leggja oss ned for å døy?» Dette vitner om en desperat håpløshet, en holdning som jeg oppsummerer som «selv om vi neppe har noen sjanse så er det vår plikt som mennesker likevel å stå og kjempe til siste livsgnist er sluknet.» For jeg skrev da vitterlig allerede i den første kommentaren om «to avgjørende faktorer som mangler i fundamentet for [ditt] agitatoriske virke.»

            Med andre ord: Dersom du/dere tar innover dere at dere mangler disse to faktorene for at det dere driver med skal bli levedyktig og vitalt, og dersom dere så går i prosess for å bøte på dette mangelforholdet, da vil dere plutselig oppdage at dere befinner dere i en enhetlig, fullkomment bærekraftig prosess i et paradigme som er uendelig mye større enn det kottet dere kjemper frenetisk for å ommøblere.