Dortmund: Demonstrasjon for ei nasjonal framtid i Tyskland

Eit tusundtals nasjonalistar var samla til «Tag der Deutschen Zukunft» i helgi som gjekk. Med eit stort folketog gjenom Dortmund vilde dei senda ut det dei sjølve kalla for «unser Signal gegen Überfremdung». Tilskipingi fekk støtte frå eit stort spekter av tjodlynde organisasjonar, parti og gruppor. Motdemonstrantar frå det vinstreautonome spekteret hadde varsla at dei skulde stogga markeringi, men kunde til sjuande og sist ingenting gjera for å hindra at den lovlegt tillyste markeringi fekk gå sin gang.

«Tag der Deutschen Zukunft» (TDDZ) er ein årviss demonstrasjon som gjeng på rundgang millom byar i heile Tyskland. Fyremålet med demonstrasjonen er å setja ljoskastarane på masseinnvandring, fallande fødselsrate, tapt nasjonal sjølvråderett og andre fårar som trugar framtidi åt den tyske nasjonen. På denne dagen gjeng nasjonalsinna ungdom ut på gata for å syna at dei ikkje vil sitja i ro og sjå på det som skjer, men sjølve taka lagnaden i eigne hender – skal det heita seg.

Svart-kvit-raude keisarfanor i demonstrasjonstoget.

Svart-kvit-raude keisarfanor i demonstrasjonstoget (Foto: NPD-NRW).

Med slagord som «Europa, Jugend, Revolution» var tonen sett for demonstrasjonen i Dortmund på laurdagen som gjekk. Ungdomane som marsjerte gjenom gatone i Dortmund nøgjer seg ikkje med å protestera mot alt det som dei ikkje vil ha, som til dømes masseinnvandring og global kapitalisme. Fyremålet med TDDZ er vel so mykje å flytja fram posisjonane med ei positiv standpunkt-taking for det som dei sjølve er for: Nasjonalt sjølvstende, ein solidarisk og familievenleg politikk og trygge arbeidsplassar for tyske arbeidarar. Det er i alle fall slik tilskiparane presenterar seg sjølve på nettsida tddz.info.

Brannsjef åtvara mot mangkultur-katastrofe

Millom appellantane på TDDZ i Dortmund fann ein millom anna Klaus Schäfer, tidlegare brannsjef i Dortmund. I 2010 vart Schäfer sparka på dagen frå stillingi si etter at han hadde vore til stades på ein innvandringskritisk demonstrasjon. I tidi som fylgde kjempa Schäfer imot dei SPD-styrde Dortmund-byråkratane – og nokre år seinare vann han arbeidsrettssaki. I staden for å krypa til krossen slost han rakrygga både seg sjølv og for meiningsfridomen, og på laurdag var han atter til stades på eit politisk arrangement – denne gongen jamvel på talarstolen.

Til liks med politi og helsepersonell, so stend brannmennene i krysselden i det mangkulturelle Europa – det er berre å sjå korleis dei vert møtte med steinkasting i Rosengård og i Paris Nord. Heile Europa stend i brann, vart det poengtert. Dei frammøtte var fegne yver ordi Schäfer.

Det er elles verdt å nemna at Schäfer i mars 2010 kom med ei klår og tydeleg åtvaring til kollegaene sine i Duisburg under planleggingsarbeidet for Love-Parade. «Das geht gar nicht», hadde han slege fast då han fekk vita at den einaste inngangen skulde vera ein fotgjengartunnel. Diverre vilde ingen høyra på honom, og det heile enda i katastrofe eit halvt år seinare då 21 menneske vart klemde i hel. Når Schäfer i dag åtvarar mot den katastrofen som mangkultur-eksperimentet kann føra til, er det soleides mange som meiner at det er god grunn til å høyra på honom.

Millom andre talarar fann ein den partifrie aktivisten Sven Skoda og Christian Worch, partileidar for «Die Rechte». Worch poengterte at det tyske folket hadde funnest i tusundtals år og han var ikkje eit sekund i tvil um at det tyske folket kom til å finnast i framtidi med. Dei som derimot ikkje hev nokor framtid, det er dei maktpolitikarane, nettverki og pengesterke lobbyane som styrer Tyskland i dag. Ein dag kjem folket til å krevja dei til rekneskap, og dei vert nøydde til å pakka kufferten og reisa frå landet på same måten som Erich Honecker laut gjera det. Dette hevda Worch i eit innlegg som hausta fagnad frå dei frammøtte.

Nasjonalistar i framgang. Antifa på veg mot undergangen

For kvart år er det eit nytt politisk miljø som fær i uppgåva å skipa til denne dagen – og det er soleides for ein nasjonalistisk «dugnad» å rekna. Både NPD, Die Rechte og frie kameratskapsgruppor er med. I år vert TDDZ skipa til for åttande året på rad, og denne gongen var det aktivistar i Dortmund som hadde andsvaret for tilskipingi.

Dortmund hev eit sterkt aktivistmiljø knytt til partiet «Die Rechte», og desse aktivistane hadde lagt ned ein stor innsats med å gjera tilskipingi so trygg og profesjonell som moglegt. Dette er det same kringværet som tidlegare hev stade attum «Antikrigsdagen» i Dortmund – eit årvisst tiltak som gjekk av stabelen kvar september frå 2004 av og fram til 2011. Denne dagen var i årevis ein styrkeprøve millom nasjonalistar og vinstreekstremistar, der dei sistnemnde med sine antifa-gruppor skulde freista å stogga markeringi med makt – gjerne i symbiose med eit passivt-aggressivt politi.

"Meininsfridom for systemkritikarar" (Foto: NPD-NRW)

«Meininsfridom for systemkritikarar» (Foto: NPD-NRW)

Den vesle gjengen av motdemonstrantar som møtte upp i år var under alle umstende ikkje fleire enn at Politiet vart nøydde til å gjera jobben sin og halda dei på god avstand frå den lovlegt tilmelde demonstrasjonen. Dei kom ikkje ein gong so nær at dei kunde ropa slagord til dei frammøtte, langt mindre kasta flaskor eller laga effektive blokadar og barrikadar.

Dei nasjonalsinna gruppone hev konsolidert seg, og hev endå ein gong demonstrert at dei hev den styrken som trengst til å samla tusundtals aktivistar til massemynstringar i det elles so liberale Nordrhein-Westfalen. Alt dette medan mykje av det vinstreautonome antifa-miljøet hev gjenge i uppløysing. Det er det mange som meiner  må vera fasiten etter TDDZ 2016.

Redaksjonen