Motkreftene samlar seg i Meland

Frammøtet ved det fyrste “Ja til Meland”-treffet var langt betre enn påmeldingi til Facebook-eventet skulde tyda på. Politikarane sin udemokratiske handlemåtane hadde provosert melandbuar både i nord og sør, og plakataksjonar kvelden fyreåt hadde gjeve “Ja til Meland” ein pangstart i lokalmedia. Stemningi på møtet var god og det vart lagt handfaste planar for aksjonar og utspel i tidi fram mot kommunestyremøtet 22. juni.

Arrangørane hadde ottast at uppslutnaden kunde verta liten, sidan so fåe hadde meldt seg på via Facebook – men når klokka nærma seg seks, so kom den eine bilen etter den andre inn på parkeringsplassen framfor Grasdal Ungdomshus. Under møtet kom det fram at mange rett og slett ikkje hadde våga å melda seg på offentleg. Sume var i gang med å søkja kommunen um byggjeløyve, og berre det var nok til at dei tykte det var naudsynt å halda ein låg profil. Det var elles ein god miks både av innflytjarar og “innfødde”.

"Ja til Meland" starta kampanjen sin med plakataksjonar kvelden fyre det fyrste samrådingsmøtet (bilæti er henta frå Facebook-sida deira).

«Ja til Meland» starta kampanjen sin med plakataksjonar kvelden fyre det fyrste samrådingsmøtet (bilæti er henta frå Facebook-sida deira).

Meland er ein kommune med identitet

Jamvel um møtet vart halde berre eit par dagar etter at det vart offisielt at FrP svik sine eigne veljarar og planlegg å røysta ja til å leggja ned Meland Kommune, so var det på ingen måte nokor nedtrykt stemning millom dei frammøtte. Tvert imot, nei-fleirtalet under folkerøystingi og politikarane sin arrogante handlemåte i tidi etterpå er nett det som hev skapt momentum for ein folkeleg reaksjon.

Det gjer noko med folk når dei fyrst vert bedne um å gå og røysta og deretter uppliver at det rådet dei kom med ikkje var nokonting verdt. Det vart elles fortalt at sers mange menneske i Meland ikkje ein gong hadde fenge skikkeleg informasjon um tid og stad for røystingi.

Mange verdfulle innspel vart kasta fram under møtet. Millom anna vart det poengtert at Meland Kommune faktisk hev eksistert heilt sidan 1923. Holsnøy og Flatøy er øyar som høyrer naturlegt saman, det er ei eining som hev eit naturlegt sentrum på Frekhaug både politisk og geografisk. Folk i meland hev ein identitet som melandbuar, nett på same måten som folk på Radøy hev ein identitet som radværingar. Den nye monsterkommunen – som ikkje ein gong hev fenge noko namn – er ikkje røtt i nokon ting historisk, det vert ein reint byråkratisk konstruksjon.

13348890_10154019253326977_448764269_n

Meland treng eit politisk senter – i framtidi med

Det vart vidare poengtert at di nærare ein tettstad kjem til eit sentrumsområde, di verre er det for denne tettstaden å yverliva i lengdi. På Radøy er kommunesenteret Manger so langt undan Knarvik at staden hev gode sjansar til å klara seg, men Frekhaug hev det ikkje. Dei siste åri hev ein sett at både bank og butikkar vert flutte til Knarvik. Det same skjer no med tannlækjarkontor og biblioteket kjem til å verta det neste når kommunen er nedlagd og filialen på Frekhaug ikkje lenger hev noko lovvern i folkebibliotekslovi.

Frekhaug treng politiske krefter på Frekhaug som arbeider for at denne staden framleis skal ha dei tilbodi som gjer ein tettstad til ein tettstad og ikkje ein drabantby.

God stemning og konstruktive innspel

Møtet vart halde i ein konstruktiv atmosfære der fokus vart sett på å utvikla god argumentasjon og planleggja handfaste åtgjerder. Målsetnaden er å medvitsgjera folket i Meland um kva det er som faktisk kjem til å gå tapt dersom kommunen vert nedlagd. På same måten som med ei gardsdrift eller eit lokalsjukehus, so trengst det langt mindre ressursar for å driva noko vidare enn det krevst for å starta noko upp att dersom det fyrst er lagt ned.

Det finst ingen konsekvensanalyse for kommunesamanslåingi: Ein veit kva ein hev, men ikkje kva ein fær. I Meland pendlar til dømes sers mange menneske til Bergen. Korleis vert kvardagen deira den dagen ungane må leverast i barnehage i Manger? Kor stressande skal dagane deira verta fyre dei ikkje lenger ser poenget med å bu i Meland i det heile?

Mykje kann segjast um kvifor so fåe møtte fram for å røysta – til dømes dårleg informasjon og det at politikarane på fyrehand sådde tvil um dei kom til å fylgja røysteresultatet. Men ein vel so viktug grunnen er det at dei fleste enno ikkje hev forstått at kommunesamanslåingi kjem til å få direkte negative konsekvensar for dei sjølve. Her hev “Ja til Meland” ein jobb å gjera, og dette arbeidet tek til no med det same.

For meir informasjon, kontakt pressetalsmann Morten Klemetsen på telefon 4766 9999.

I Meland i Nordhordland hev ei lokal aksjonsgruppa vorte skipa for å tvinga politikarane til å respektera folket sitt nei til kommunesamanslåing. Aksjonsgruppa «Ja til Meland» hadde det fyrste samrådingsmøtet sitt på onsdag 1. juni, og dei hev sendt ut denne pressemeldingi som me hev valt å gjeva att i sin heilskap.