Raud-grønt fleirtal vil øydeleggja det einaste Dresden-minnesmerket

Ved siste Dresden-minnemarkering møtte nasjonalistar fram ved den einaste minnesteinen som finst for luftåtaket den 13. februar 1945. No vil dei raud-grøne politikarane i Dresden få minnesmerket vekk.

Meir enn 70 år etter krigens slutt hev Dresden framleis ikkje eit einaste rettelegt minnesmerke yver det allierte luftåtaket på byen den 13. februar 1945. Kor mange hundradtusundtals menneske som vart drepne i dette luftåtaket er det ingen som veit.

Kor mange som vart drepne i Dresden vil politikarane helst ikkje snakka um - og i alle fall ikkje kven det var som gjorde det.

Kor mange som vart drepne i Dresden vil maktpolitikarane av i dag helst ikkje snakka um – og i alle fall ikkje kven det var som gjorde det.

I Nickern, i utkanten av Dresden, finst det kor som er ein liten obelisk frå DDR-tidi. Denne vesle minnesteinen er tileigna «offeri for den anglo-amerikanske bombeterroren» («Wir gedenken den Opfern des anglo-amerikanischen Bombenterrors»). I februar i år heldt nasjonalistar ein minnemarsj som enda ved denne steinen.

Dette hev øst upp dei grøne i Dresden. Rett etter minnemarkeringi gjekk dei ut i media og kalla innskrifti på minnesteinen for «nazi-terminologi, som av propaganda-årsaker diverre var god latin i det gamle DDR».

Vil ha ny og «tidsriktig» tekst på minnestein

Minnesteinen tilhøyrer byen Dresden, og nylegt hev dei grøne – saman med Die Linke og SPD – kome med eit endringsframlegg. Dei krev at innskrifti på minnesteinen skal endrast til noko meir «tidsriktig». Det heiter at det ikkje er den anglo-amerikanske bombeterroren, men snarare det tyske andsvaret for heile krigen, som steinen skal minna folk um.

Framlegget skal fyrst diskuterast i bydelsrådet («Ortsbeirat») i Nickern, men avgjerdi deira er ikkje bindande for bystyret i Dresden – og der er det er nett SPD, Die Linke og dei grøne som hev fleirtalet. Soleides er det alt no klårt kva som kjem til å verta sluttresultatet av sakshandsamingi.

Nasjonalistar protesterar mot sogeforfalsking

Nasjonalistane i Dresden let seg likevel ikkje knekkja. Det nasjonaldemokratiske partiet NPD hev sendt brev til den tyske riksantikvaren der dei vil ha svar på um steinen ikkje er for eit verna kulturminne å rekna. Samstundes prentar aktivistar upp flygeblad og dei planlegg demonstrasjon utanfor det lokale samfundshuset der bydelsrådet skal diskutera saki.

Nasjonale aktivistar framfor minnesteinen i februar i år.

Nasjonale aktivistar framfor minnesteinen i februar i år.

-Den innskrivne teksti på minnesteinen er meir tidsriktig enn nokosinne, segjer Maik Müller. Han er pressetalsmann for aktivistane. -Den angloamerikanske bombeterroren hev aldri teke slutt. Det er nok å nemna Kosovo, Irak, Libya og Syria. Med øydeleggjingi av Dresden var eit nytt konsept vorte utvikla, og dette konseptet held ei fåment elite av brotsmenner fram med å nytta seg av. Me skuldar offeri å kalla gjerningsmennene med deira rett namn.

Aksjonar i kjømdi

Ein aksjon er no på gang for å stogga øydeleggjingi av minnesteinen. Aksjonen samlar folk yver eit breidt politisk spekter og hev facebook-sida her.

Det avgjerande møtet i bystyret i Dresden er i august. Målmannen kjem til å halda lesarane orienterte um det som hender vidare i saki.

Redaksjonen