Vestnorsk utvandringsfestival på Radøy

Helgi 1.-3. juli hadde Vestnorsk Utvandringssenter bode inn til «utvandringsfestival» på Sletta på Radøy. Festivalen hadde eit skifterikt program med både faglegt påfyll og familievenlege aktivitetar.

Dei seinaste 15 åri hev ein heil liten «western-landsby» vokse fram på Sletta på Radøy. Det byrja med at ei norsk kyrkja frå Midtvesten vart plukka ned og sett upp att på Sletta, og sidan hev den eine bygningen etter den andre funne vegen frå USA til Sletta. Som med pionerhuset, skulestova, lærarstova eller det kombinerte rådhuset og fengselet («town hall»).

Utvandrarkyrkja på Sletta.

Utvandrarkyrkja på Sletta.

Laurdag fyremiddag var det tungt faglegt program um sjukdom og helsestell millom norske emigrantar i USA. Frank Aarebrot er for lengst vorte «fast inventar» i det politiske livet i Nordhordland – som til dømes med «folkemøti» um kommunesamanslåing tidlegare i år. Fredagskvelden fyreåt hadde Aarebrot havt rolla som festtalar, men laurdag fyremiddag var den storkjefta synsaren frå Bergen berre til stades som tilskodar – for ein gongs skuld.

Attmed emigrantkyrkja hev ein eigen cowboylandsby vokse fram.

Attmed emigrantkyrkja hev ein eigen cowboylandsby vokse fram.

På ettermiddagen heldt programmet fram med aktivitetar for heile familien. Som med umvising i cowboylandsbyen for dei store og hesteriding og gullgraving for dei småe.

Det var dessutan ei forvitneleg utstelling av gamle amerikanske militærbilar og andre «US Army»-effektar. Her ynskte tilskiparane tydelegt nok å spinna ein transatlantisk tråd som strekkjer seg heilt frå Leiv Eriksson til landgangen i Normandie – og sume vilde kanskje spurt seg um det er å strekkja det vel langt. Lokal heimevernsungdom skal under alle umstende ha ros for at dei tok seg av mykje av det praktiske med tilskipingi.

Heimevernsungdomar og amerikanske militærbilar installerar seg i cowboylandsbyen. Er årstalet 1860 eller 1945?

Heimevernsungdomar og amerikanske militærbilar installerar seg i cowboylandsbyen. Er årstalet 1860 eller 1945?

I samband med fagseminaret vart det lagt fram endå ei ny bok i ein umfemnande serie frå Vestnorsk Utvandringssenter – finansiert av Vestmannalaget og prenta i samarbeid med Norsk Bokreidingslag. Normalt skulde ein tru at det norsk-amerikanske sambandet var viktugt og interessant nok til at slike utgjevingar, som jamvel hev tekster på bokmål, kunde få finansiering frå alle andre stader enn frå eit høgnorsk mållag som hev si eigi ideelle sak å nytta midlane på. Fritz Monrad Walle og andre som i si tid testamenterte store landeigedomar til Vestmannalaget var visjonære målfolk som såg frametter og ikkje attyver i tidi, men dette er det likt til at Jon Askeland og Sissel-Anny Hjelmtveit må ha gløymt fullstendig.

Boki um sjukdom og helsestell, med fyreord på bokmål, er den siste boki i ein lang serie frå utvandringssenteret - som vert finansiert av det tradisjonsrike høgnorsk-mållaget Vestmannalaget.

Boki um sjukdom og helsestell, med fyreord på bokmål, er den siste boki i ein lang serie frå utvandringssenteret – som vert finansiert av det tradisjonsrike høgnorsk-mållaget Vestmannalaget.

Under alle umstende var det ein lærerik og spanande dag for både store og små, og det er soleides lov å vona at fleire aktørar opnar lummeboki si for utvandringssenteret i tidi som kjem – slik at Vestmannalaget i Bergen atter kann byrja å nytta pengane sine på det som stødt hev vore lagsfyremålet, arbeid og strid for norskt mål.

Olav Torheim