Strile-humor og homse-harselas på Holmeknappen

Cato Jensen og Claus Sellevoll fekk harselera med nokon kvar under Kystsogevekene på Holmeknappen i helgi som gjekk. Ingen personar eller gruppor vart skåna av dei tvo gjøglarane.

Vêret hadde ikkje vore det beste under Kystsogevekene, korkje på opningsdagen på Litlebergen den 13. august eller på Holmeknappen den 27. august – men det høyrer med til kystkulturen at det sumtid kann vera «ruskut å leggja ut på». Sundagsmorgonen den 28. august var det under alle umstende sol og klårvêr, og skipsklokka på D/S Oster kalla folket inn til friluftsgudstenesta på kaien.

Stort uppmøte på friluftsgudstenesta ved kaien.

Stort uppmøte til friluftsgudstenesta på kaien.

Etter at gudstenesta var umme, so vart det song og spilloppar med artistane Cato Jensen og Claus Sellevoll. Cato Jensen er son åt Bjørn Jensen frå Salhusvinskvetten, og Jensen junior fekk underhalda med «moderniserte» tøyse-versjonar av gamle slagarar – som med «Mikroen til mor» og dei ljose barneminni frå tidi fyre foreldri hans skilde seg… Til slutt var det likevel den originale «Gryta hennar mor» som vart henta fram for å draga i gong allsongen frå publikum.

Både veteranbilar og veteranbåtar under Kystsogevekene på Holmeknappen.

Både veteranbilar og veteranbåtar vart stelde ut under Kystsogevekene på Holmeknappen.

Takk vere Cato og Claus sine framifrå imitasjonsevnor, so fekk me dessutan eit aldri so lite attersyn med både Kurt Nilsen, Mons Ivar Mjelde, Helge Brekke og Jon Eikemo.

«Kurt Nilsen» hadde gjort nynorskbrukar av seg: -«Ho er so høg», skulde det heita seg no.

«Mons Ivar Mjelde» gav råd og vink um korleis ein kunde halda seg i form i kvardagen:  -Fotball må gå framfor familie, hevda han.

«Helge Brekke» fortalde um fyrebuingsarbeidet til Knarvikmila, der dei i år skulde gjera ein ekstra innsats for undertrykte gruppor i samfundet. Dei kom difor til å leggja inn ein ekstra etappe som dei kalla for «homo-mila», og der deltakarane lyt springa med buksa bak-fram…

Av andre innslag til Knarvikmila dette året so kunde han elles fortelja at det kom til å verta blokkfløyte-orkester frå Vik i Sogn, med Jens Brekke & co bak notestativet.

Modellar av gamle fjordabåtar, sette fram i lugaren på M/S Vestgar.

Modellar av gamle fjordabåtar, sette fram i lugaren på M/S Vestgar.

Til slutt var turen komen til «Jon Eikemo». Han lagde ut um korleis det i dei seinaste tiåri hadde skeiva seg til i Bygde-Noreg. Ikkje berre var han redd for at strilamålet vart skift ut med bokmålsutvatna bergensk, han var jamvel politisk ukorrekt nok til å taka masseinnvandringi med i det kystkulturelle reknestykkjet.

-Korleis er stoda den dagen eg sjølv hamnar på gamleheim? Vert det servert kebab i staden for klubb, undrast han?

"Jon Eikemo" er redd han skal få servert kebab i staden for klubb på gamleheimen.

«Jon Eikemo» er redd han skal få servert kebab i staden for klubb på gamleheimen.

Under alle umstende var det eit program som gav dei frammøtte nok å le åt – og kanskje litt å tenkja på etterpå…

O. Torheim