Attersyn med Haggis

«The Beginning of the End» var titelen på den siste fullengdaren åt skinnskalle-rockarane i Haggis. Heile 8 år er det vorte sidan den gongen, og soleides var me mange som trudde at det verkelegt var slutten – men denne hausten er det umtykte og illgjetne Stavanger-bandet ute att på vegen med ein ny serie konsertar i Noreg.

Haggis vart grunnlagt i 1993, men det var fyrst i 2003 at dei kom med den fyrste plata si. Det festlege plateumslaget på debutplata “Stormtroopers of hate” var ei venetenesta frå den kjende teiknaren Kristoffer Nielsen (bror til den avlidne og endå betre kjende Joachim Nielsen).

Umslaget på "Stormtroopers of Hate" (2003).

Umslaget på «Stormtroopers of Hate» (Pure Impact, 2003).

Som ein kann sjå frå til dømes videoar på Youtube so hev Haggis vore flinke til å profilera seg sjølve med norske flagg og politisk ukorrekte tekstar, og dette hev vekt reaksjonar frå litt meir sjølvhøgtidelege personar og gruppor som hev skulda deim for både eine og hitt.

Helder ikkje valet av plateselskap, belgiske «Pure Impact», vart utan turbulens. «Pure Impact» hev vore kjent for å gjeva ut all slags punk- og skinhead-musikk, utan umsyn til kva som skulde vera politisk korrekt, og dette fekk Tor Bach frå Monitor til å slå alarm med uppslag um «Stavanger-band i selskap med Hitler». Uppslaget var nett so usaklegt og røyndomsfjernt som titelen skulde tyda på…

Ottar Stangeland, som er frontfigur i Haggis, er eit kjent namn i Stavanger sitt musikkmiljø. Han var millom anna drivkraft i suksessfylde Stavanger Punkrockfestival som drog mange kjende namn til byen. Det vekte dessutan åtgaum at medlemene i Haggis freista få til konsert med det svenske vikingrockebandet Ultima Thule.

Melodiar med meining? Gløym det!

Medan «Stormtroopers of Hate» var ei rå og rufsut punkrock-plata, so hadde etterfylgjaren «The Impeccable Glory of Eternal War» (2007) ein reinare produksjon og meir tydelege hardkjerne-innslag.

Med EP’en «Nation of Fools» (2007) so gjekk Haggis endå eit steg vidare mot melodiøs hardkjernerock, serskilt på titelsporet. Her byrjar assosiasjonane å gå til gruppor som «More than Life», «Modern Life is War» eller «Life Long Tragedy». Når det kom til tekstmaterialet, so sparka det framleis i alle leider og med takk for sist til kritikarar av ymist slag. Me merkte oss likevel serskilt låti «Fascist AFA» – der meiningsvaktarane frå Antifascistisk Aksjon fær passet sitt påskrive, og det til fullnads.

Året etter kom det som so langt er det siste ein hev høyrt frå gruppa, fullengdaren “The beginning of the end”. Dei som hadde trudd at Haggis var åt å verta eit melodiøst hardkjerne-band med meiningsfulle tekster, dei skulde her få eit aldri so lite skot for baugen.

Musikalsk var det meir for ei drivande rockeplata med hardkjerneinnslag å rekna, og når det kom til tekstmateriale so var det ein retur attende til det vulgære og smaklause. Millom dei som fær gjenomgå er Marianne Aulie, på sporet «Date Rape Bonana». Både den politiske og moralske brodden var burte. Ein smaklaus Haggis, rett og slett.

Suksess med det smaklause

Trass i dette, eller kann henda nett difor, so hadde den tvilsame gjengen med punkarar og snauskallar endelegt gjort alt “rett”. Den nye plata fekk distribusjonsavtala med Indie Distribution, og slik vart det for fyrste gongen råd å få tak i plata deira i vanlege platebutikkar.

Resultati let i alle fall ikkje venta på seg. I alle dei store avisone vart bandet for fyrste gongen umtala i rosande ordelag, og med terningkast fem og seks yver heile lina.

Men sidan det vart sagt at “Nation of fools” skulde vera ein smakebit på kva ein hadde i vente når fullengdaren kom, so kann det vel vera at andre vart litt vonbrotne…

Ynskte dei å verta det nye Turbonegro, skal tru, bandet som hadde lært seg å sjokkera på den “rette” måten og der bandmedlemene helder kann få lov til å vera rettelegt motstraums i smug? Skulde det siste vera sant, so spørst det um ikkje titelen på den siste plata deira vart til ein sjølvuppfyllande profeti.

Åtte år seinare er det upp til gruppa å prova det motsette, no som dei endelegt er attende i Noregs konsertsalar. «The vikings are coming – again…» ?

O. Torheim