Haggis sparka frå seg på Garage

Kva kunde ein venta seg frå eit undergrunnsband som var attende i kjellaren på Garage etter nesten 8 års pause? Haggis leverte både gamle og nye varor, og ein energisk Ottar Stangeland demonstrerte at han på ingen måte hadde gjenge ut på dato.

Dørene opna klokka på laurdagskvelden, men det var fyrst klokka halv elleve at uppvarmingsbandet Obnoxious Remains kom på scenen. Obnoxious Remains spelar energisk hardcore-punk med sterke innslag av thrash-metal, og det var slett ikkje so verst å lyda til.

Det andre uppvarmingsbandet, The Dipers, var derimot ei pinsam affære. Nokre utrente, millomalderlege veiklingar kom upp på scena i bleia og balaklava – og det var løgje det fyrste halve minuttet. Deretter var det berre gørr keidsamt. Ein fekk soleides høve til å ta seg ein tur upp att i frisk luft, medan ein venta på trekkplasteret Haggis.

Endeleg, når klokka nærma seg halv tvo um natti, kom Haggis upp på scena.

Haggis med Ottar Stangeland, i kjellaren på Garage.

Haggis med Ottar Stangeland, i kjellaren på Garage.

Noko skinnskalleband kann ein neppe kalla Haggis lenger. Med undantak for frontmannen Ottar Stangeland, so hev heile mannskapet vorte skift ut med nye karar frå meir sudlege himmelstrok. For vokalisten sin eigen part so er det ikkje lenger «boots and braces» som gjeld, men snarare berr yverkropp og kickboksar-bukse.

Og han visste å sparka frå seg…

Haggis gav oss ei aldri so liti reisa gjenom diskografien sin. Til dømes fekk me lyda til «The vikings are cumming» («Stormtroopers of Hate», 2003), «So gay» («The Impeccable Glory of Eternal War», 2006) og «Date Rape Bonanza» («The beginning of the end», 2008). Me fekk endåtil lyda til ei heilt ny låt som dei nyss hadde skrive, kalla for «I drink alone».

Attåt dette so drog dei den gamle Skrewdriver-låti «I don’t like you». Ho er som kjent frå det fyrste og «upolitiske» Skrewdriver-albumet, og både høgre- og vinstreekstreme kann soleides velja å tolka framføringi på den måten som høver dei best…

Uppmøtet på konserten kunde ha vore betre. På den andre sida so er det ikkje berre-berre å koma upp att frå dvalen etter 8 år. Me noterte oss at den typen subkultur som tidlegare hev vorte assosiert med Haggis var so godt som fråverande. Med undantak for nokre fåe kjende andlet som hev lagt sin elsk på skinnskalle-estetikken, endå dei sjølve soknar til eit feministisk miljø. Kvifor stend dei sjølve nærast til å svara på…

Under alle umstende so var Haggis eit band som var attende i form. Dei nye bandmedlemene var teknisk dugande so det heldt, og Stangeland var full av energi – og med eit humør som smitta yver på oss alle. Diverre gav dei oss ikkje høve til å syngja med på «Fascist AFA» frå EP’en «Nation of Fools», men Stangeland skulda på at dei nye bandmedlemene ikkje hadde havt tid til å øva honom inn enno. Neste gong, vart det sagt. Me gler oss…

O. Torheim