Nei til sentraliseringsregionen. Ja til Sogn og Fjordane

“Intensjonsplanen” for Vestlandsregionen legg upp til at Sogn og Fjordane skal verta ribba for politiske institusjonar. Dersom Fylkestinget ikkje segjer nei til samanslåing den 6. desember, so kjem folket i Sogn og Fjordane til å sitja att utan politisk kraft til å hevda interessone sine i framtidi.

I “intensjonsplanen” åt dei tri fylkesordførarane vert det slege fast at den nye Vestlandsregionen kjem til å telja 1,1 millionar menneske. 110.000 av desse menneski bur i Sogn og Fjordane. Vestlandsregionen kjem til å vera èin einaste stor valkrins, og heile Sogn og Fjordane kjem soleides til å telja knappe 10 prosent av veljargrunnlaget åt dei nye regionpolitikarane.

Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Alle gode ting er... snart historie?

Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Alle gode ting er… snart historie?

Folket i Sogn og Fjordane misser all politisk slagkraft

Berre i Bergen Kommune åleine er det 277.000 menneske, mot 110.000 menneske i heile Sogn og Fjordane. Um me ser på heile bergensregionen samla, so talar me um nesten ein halv million menneske kring ein storby der folketalet heile tidi aukar på. Det segjer seg sjølv at det er i bergensregionen at politikarane vert nøydde til å prioritera å skaffa seg røyster ved val. Det er Bergen og Stavanger som kjem til å kjempa med kvarandre um infrastruktur og statsmidlar, og sogningane og fjordingane kann i beste fall få ei rolla som støttegruppa for Bergen…

Reint kvantitativt hev veljarmassen i Sogn og Fjordane ingenting å stella upp med mot dei langt meir folkerike by-regionane i sud. Nett difor er det so viktugt at ein kvalitativt kann kompensera med eigne politiske strukturar og institusjonar, men alt dette tek Vestlandsregionen burt.

Rett nok heiter det i “intensjonsplanen” at “[d]et vert lagt til grunn at fylkesmannsembetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane”. Her er det viktugt å vera klår yver det faktum at fylkesmannen ikkje hev nokonting med fylkeskommunen å gjera. Fylkesmannen er tvert imot staten sin representant i fylket, han er ein rein statsbyråkrat som administrerar uppgåvor som han fær frå politikarane i Oslo. Um Fylkesmannen vert verande i Sogn og Fjordane, so heiter det berre at det framleis skal finnast ein statleg arbeidsplass i fylket, ikkje at fylket framleis hev nokon eigen politisk institusjon eller representasjon.

Vestlandsregionen gjev mindre demokrati og meir teknokrati

Det nye regiontinget skal ha 77 representantar. Dette kann jamførast med at ein i dag hev 57 fylkestingsrepresentantar i Hordaland, 47 i Rogaland og 31 i Sogn og Fjordane.

Det samla talet på folkevalde politikarar vert soleides redusert frå 135 til 77, ein reduksjon på meir enn 40 prosent. Medan Fylkestinget i Sogn og Fjordane i dag hev 3548 menneske for kvar folkevald politikar, so kjem Regiontinget på Vestlandet til å ha 14285 menneske for kvar folkevald. For å få ein politikar inn på regiontinget trengst det altso 4 gonger so mange veljarar enn det trongst på det gamle fylkestinget.

Den lengste bolken i “intensjonsplanen” for Vestlandsregionen hev tittelen “tilsette”. Her kann me lesa at “[v]estlandsregionen skal utøve ei styrkt regionalpolitisk rolle som samfunnsutviklar og tenesteleverandør. Dette vil innebere ein større organisasjon og langt fleire tilsette enn det dei tre fylkeskommunane kvar for seg har erfaring med å handtere i dag. […]  Ingen som er tilsette i dei tre fylkeskommunane på samanslåingstidspunktet skal kunne seiast opp som følgje av samanslåinga.”

Fylkespolitikarane må skjera igjenom og segja nei

Fasiten for Sogn og Fjordane sin part vert altso at:

  • Sogn og Fjordane misser alle sine politiske institusjonar, og vert sitjande att med ti prosent av veljargrunnlaget i ein samla vestlandsk valkrins. Folket i Sogn og Fjordane kjem til å vera uviktig for politikarane når dei skal driva valkamp eller samla stønad.
  • Det vert mykje vanskelegare å stella listor eller få fram nye politiske initiativ, sidan det trengst fire gonger so mange røyster enn tidlegare for å få ein politikar inn på tinget.
  • Det samla talet på politikarar på Vestlandet vert redusert med meir enn 40 prosent, og det medan talet på tilsette kjem til auka eller verta verande det same som før. Dette fører til at Vestlandsregionen vert mindre politisk og endå meir byråkratisk og teknokratisk enn dei gamle fylki var.

Heile regionreformi er ein prosess som kommunalminister Sanner hev trykt ned yver hovudet på folk – med di dei vil gjera irreversible strukturendringar fyre dei misser makti ved neste stortingsval. For alle som er upptekne av å føra den politiske makti nærare folket på Vestlandet, so er det derimot all grunn til å segja nei til Vestlandsregionen slik han vert lagd fram i den sokalla “intensjonsplanen”.  På møtet i Leikanger den sjette desember må fylkestinget i Sogn og Fjordane ha mod til å setja foten ned og segja nei til samanslåing med Hordaland og Rogaland!

Olav Torheim