Blutlinie – «Tag der Abrechnung»

«Blutlinie». Namnet er ikkje akkurat eigna til å vekkja dei heilt store ventnadene um noko nytt. Ved fyrste gjenomhøyring bit ein seg merke i den same grove vokalen og den same harde og catchy ljodbilætet som ein er vand med frå andre tyske musikkgruppor som Stahlgewitter, Division Germania, Blutzeugen eller Überzeugungstäter. Slik var i alle fall fyrsteinntrykket mitt då eg høyrde nokre låtar frå debutplata deira tidlegare i sumar, og det vart ikkje til at eg høyrde noko meir på dei på ei stund.

Men ein dag eg skulde både vaska og leggja saman klede, so gav eg plata ein ny sjanse. Det synte seg at låg meir under yta enn som so. Dette er ei plata som vert meir interessant for kvar gjenomhøyring.

Det er godt gjenomtenkte politiske tekster og det er heile vegen intelligente yvergangar frå harde til meir melodiøse parti. Riffingi hev innslag frå både thrash og hardcore, men dette vert balansert med eit episk gitarsolospel som ein normalt assosierar med tradisjonell heavy metal.

Ei av låtene avsluttar yverraskande med ei lystig og Finntroll-liknande riffing i stigande tempo, men dette er – til lukka, for eg er ingen Finntroll-fan – eit undantak. På andre låtar kann avslutningane minna um slutten på ei Windir-låt, med storslege melodiøst gitarspel og koring på klårvokal.

Um du tykkjer vel um nokon av dei gruppone som eg nemnde aller fyrst i denne teksti, og um du generelt tykkjer vel um catchy metallmusikk med mykje melodi, so er debutplata åt Blutlinie alt anna enn burtkasta tid.

O. Winter