Brainwash og Bound for Glory samla på same skiva

Mest 4 år hev gjenge sidan Brainwash kom med den siste plata si, «Time to Act» – og me er mange som hev venta i spaning på den neste utgjevingi for dette tyske flaggskipet innanfor nasjonalsinna hardkjernerock. No er Brainwash attende, ikkje med ein fullengdar, men med ei split-skiva saman med amerikanske Bound For Glory. I desse Trump-tider er det kanskje ikkje so dumt?

Plata byrjar med ein intro der thrashfylde gitarriff riv og slit i lydaren medan ymse slags nyhendemeldingar vert lesne upp i bakgrunnen: Asylinvasjon i Europa, undantakstilstand i Frankrike, demonstrasjonar i Tyskland… «This is Brainwash 2016», proklamerar vokalisten til slutt. Dinæst gjeng det beinveges vidare til det som ein må kunna kalla for programlåti deira, «Defend our Europe». Her vert lydarane uppmoda til å kjempa for eit sterkt Europa.

Heile sju låtar kjem Brainwash med, og helder ikkje denne gongen er det ei einaste dårleg låt. Både komposisjon og produksjon er framifrå. Jamført med «Time to Act», so merkar ein seg at det både er kontinuitet og nyskaping på ein gong. Låtane i «Time to Act» hadde ein fin balanse millom aggressive og melodiøse innslag, og her er det likeins – burtsett frå at det brutale er vorte endå meir brutalt og dei melodiøse innslagi endå meir samansette.

Sumtid kjenner det seg som ein retur attende den røffe og groove-fylde komposisjonen i «Moment of Truth» – og i neste augneblinken kjem ein til melodiøst og kjensledrypande refreng som lyder som um dei var henta rett ut or eitt av albumi åt danske «In Flames» eller kanskje finske «Children of Bodom».

Det er intelligente riff som både kjem krypande og rullande, og der heile blues-skalaen kjem til sin rett. Det er breakdowns og det er gangshouts um einannan. Og vokalisten Major Williams hev som vanlegt ingenting imot å skrika bodskapen sin inn i øyra på lydaren. Samstundes er melodiøst gitarsolospel og tempovekslingar er med på å roa nervane åt lydane. Til dømes med «Flame of Purity», som er endå ei motivasjonslåt til kamp for alt det som er vent og verdfullt.

Det er politiske og musikalske knyttnevar som Brainwash kjem med. Endå so fulle av liv og energi som tekstene og musikken skulde vera, so kjenner ein at det ligg noko tungt og fjellstøtt under. Dette er musikk drive fram av klåre verdsåskodande fyrestellingar, trur eg ein trygt kann slå fast.

Bound for Glory hev eg aldri høyrt serleg på, og det er soleides ikkje so lett for meg å vurdera låtane deira upp mot det som dei elles hev drive med i meir enn eit tjugetals år no. Etter det eg hev høyrt um dei so hev dei ein bakgrunn som ikkje akkurat er politisk korrekt, men kven bryr seg vel um det? Under alle umstende so kjem dei med det ein kann kalla for ein melodiøs heavy-rock av det amerikanske eller britiske slaget, ikkje so ulikt Iron Maiden. Vokalisten hev ei kraftfull røyst som han veit å utnytta til fullnads. Etter å ha vore igjenom den emosjonale berg- og dalbanen som det var å koma seg igjenom sju Brainwash-låtar, so er framhaldet med Bound For Glory rettelegt avslappande.

Den fyrste songen deira heiter «Sleeping Giant». Det skal noko til å vekkja ei kjempa, men når ho fyrst vaknar upp so kjem ho til å rydja upp skikkelegt, vert det fortalt. «They’ll be held to pay when the giant awakes». Kven denne sovande kjempa er vert det upp til lydaren å tenkja ut sjølv. Rytmen og riffingi gjev kjensla av å rida som ein cowboy burtetter den amerikanske prærien, på jakt etter hestetjuvar og andre kjeltringar av både det gamle og nye slaget.

Alt medrekna so kann ein slå fast at «Day of Victory» hev vore eit vellukka tysk-amerikansk samarbeid. Denne plata kjem til å snurra i bilstereoen ei god stund.

Ornella Winter