Nasjonal-revolusjonær fyrstemai-demo i Gera

Politiet hev tidlegare prøvd alt for å stogga den tyske nasjonal-revolusjonære gruppa Der Dritte Weg, men i år marsjerte dei heilt uhindra gjenom Gera i Thüringen. Vinstreekstrekstreme rasar yver politiet si nye lina, medan nasjonalistar er godt nøgde med demonstrasjonen.

“Gegen System und Kapital, unser Kampf ist National!” Slik lydde ein av fyrstemai-parolane då nasjonal-revolusjonære aktivistar frå Der III. Weg (Tridje Vegen) toga gjenom Gera i Thüringen, Tyskland.

Dei cirka 500 aktivistane frå Dritte Weg hadde kledd seg einskapleg i raude kampanjetrøyor. Sume bar ryggmotivet “Familie” (huslyd), andre “Heimat” (heimstad) og atter andre “Tradition” (sedhevd). Soleides bygde dei upp under hovudparolen: “Kapitalismus zerschlagen! Für Familie, Heimat und Tradition!”

Demonstrantane hadde stelt seg upp i rekkjor på tri og tri – og med trumbor, handplakatar, flagg og transparentar so var demonstrasjonstoget eit mektig syn for alle som dei gjekk forbi.

«Der Dritte Weg» kjempar for det dei kallar for ein «tysk sosialisme».

Demonstrantane kom tett på lokalfolkesetnaden

Medan det i tidlegare år var problem med både motdemonstrantar og politi, so gjekk demonstrasjonen i Gera rolegt og fredelegt fyre seg. Fyrstemai-demonstrantane fekk heile dagen gå uhindra gjenom både bysentrum og bustadkvartal.

Demonstrasjonsleidingi nytta seg av megafon for å gjera det kjent for lokalfolkesetnaden kvifor dei hadde teke til gatone, og her sette ein ljoskastarane på både massinnvandringi til Europa, på utsalet av verdfulle naturressursar, på privatisering av offentlege tenestor og på imperialistiske krigar i Midtausten. Det beste våpenet mot den globale kapitalismen er eigen identitet og kultur, vart det poengtert. Slik kann dei europeiske folki atter verta heimstadbundne politiske aktørar i staden for rotlause konsumentar og manipulasjonsobjekt. Demonstrantane svara med å ropa slagord som “Europa, Jugend, Revolution!”

Det var tydelegt at demonstrantane på ingen slags måte svara til det skræmebilætet som media normalt freistar mana fram av “høgreekstreme”: Folk stod på balkongane sine og såg forvitne på dei veldisiplinerte demonstrantane, og mange av tilskodarane både smilte og vinka. Nokre unge gutar på 7-8 år hoppa jamvel av syklane sine og gjekk med i toget.

Nasjonale og antikapitalistiske aksjonistar

Der Dritte Weg vart skipa i 2013, men fyrstemai-demonstrasjonane åt “Nationale und Soziale Aktionsbündnis Erste Mai” hev vore eit årvisst tiltak heilt sidan 2010. Når nasjonale aktivistar togar gjenom gatone på den nasjonale arbeidarkampdagen, so er det høgdepunktet i den antikapitalistiske kampanjevika åt den nasjonale og sosiale aksjonsgruppa. Med kreative aksjonar av ymist slag vil tilskiparane setja ljoskastarane på sosiale problem som tyske arbeidarar råkar ut for: Nedskjeringar i velferdsordningar, sosial dumping og arbeid for luseløn på millombilskontrakter. Upp mot alle desse herjingane åt den globale kapitalismen so reiser dei nasjonal-revolusjonære aktivistane parolen um ein “tysk sosialisme”.

Pyroeffektar vart tekne i bruk under upptoget.

Kommentar: Ein maktdemonstrasjon for Der Dritte Weg

Både i Saalfeld i 2015 og i Plauen i 2016 so sette politi og motdemonstrantar alle klutar til for å stogga den nasjonal-revolusjonære fyrstemai-markeringi. Båe gongene so var det til ingi nytta, sidan arrangørane svara med same mynt: Fyrst gjekk arrangørane til det steget at dei formelt uppløyste demonstrasjonen – og deretter kunde aktivistane reint individuelt få gjera det som måtte til for å koma seg forbi sperringane og vidare på marsjruta…

Under upptakten til demonstrasjonen stod ei liti gruppa motdemonstrantar og gaula. Dei vart innesperra av politiet og kom seg ingen veg når demonstrasjonstoget tok til.

I Gera i 2017 so var det tydelegt at politiet hadde innsett at den gamle sabotasjetaktikken deira ikkje fungerte, og dei var i staden innstilte på å faktisk gjera jobben sin og lata den lovlege demonstrasjonen få gå sin gang. På vinstreekstreme nettstader vert det i ettertid klaga høglydt yver at politiet hadde venta til siste sekund med å informera um den planlagde marsjruta, og slik hadde dei gjort det vanskelegt å planleggja ulovlege blokadeaksjonar.

Det skal jamvel ha vorte nytta peparspray mot vinstreekstreme som ikkje vilde halda seg burte frå den nasjonalistiske demonstrasjonen. Under alle umstende var motdemonstrantane so fåe at dei ikkje hadde havt noko å stella upp med, same kva politi-taktikken skulde vera…

MAKTESLAUSE MOTDEMONSTRANTAR: Unge gjentor og asylsøkjarar med «Refugees Welcome»-transparent.

Den vellukka demonstrasjonen i Gera er soleides endå ei stadfesting på kor makteslause dei vinstreekstreme er på stader der dei ikkje sjølve hev makta å implantera seg med eigne strukturar. I Berlin eller i Leipzig hadde stoda visselegt vore ei onnor, med store vinstreautonome kringvære, men i Bayern og i Thüringen er det nasjonalistane som er dei sterke på gata. Der Dritte Weg held fram med å byggja stein på stein, med nye støttepunkt og aktivistsentrum på den eine staden etter den andre. So langt hev ingen vore i stand til å stogga dei.

Redaksjonen