Nasjonalisme eller liberalisme? Ungdomspartileidardebatt på Kvarteret

Nasjonalisme eller liberalisme? Det var dei tvo ulike tilnærmingane som fekk bryna seg mot kvarandre under Ekte Nyheter sin alternative ungdomspartileidardebatt på Kvarteret i Bergen den 13. juni.

Upphavlegt hadde Ekte Nyheter invitert både Alliansen, Liberalistane, Dei Kristne og Raudt til ein alternativ ungdomspartileidardebatt. Det var berre dei tvo fyrstnemnde som kom med positivt svar. Dei Kristne gav aldri ljod frå seg og Raudt nekta plent i sitja i panel saman med ein representant for Alliansen. Med ein representant for både eit nasjonalistisk og eit liberalistisk parti so var den politiske avstanden under alle umstende stor nok til at det vart ein interessant debatt.

Frå vinstre: Bjørn Christian Rødal (Alliansen) og Odd Marius Rutle (Liberalistane).

Stoggar innvandringi um berre velferdsstaten vert lagd ned?

Eitt av spursmåli som skilde Bjørn Christian Rødal (Alliansen) frå Odd Marius Rutle (Liberalistane) var synet på innvandring. Medan Rødal tok til ords for full stogg i ikkje-vestleg asylinnvandring, so vilde Rutle tvert imot ha fri innvandring til Noreg. Ein fyresetnad for ei fri innvandring av dette slaget skulde rett nok vera at velferdsstaten vart avskipa. Asylinnvandringi vilde stogga seg sjølv dersom det ikkje lenger fanst noko økonomisk incentiv for å koma til Noreg, hevda Rutle.

Denne forklåringi var det ikkje alle som var fullnøgde med. So lenge Noreg vert verande eit velståande samfund, so er det klårt at Noreg kjem til å vera attraktivt for folk som kjem frå dysfunksjonelle statar og land. Um det so berre er for å tigga, stela eller arbeida svart. Kva med innvandrarar som uppliver at arbeidsmarknaden er stengd for dei og som vert desperate? Kjem ikkje eit liberalistisk Framtids-Noreg med fri innvandring snøgt til å hamna i den stoda at ressursar som tidlegare vart nytta på velferd lyt nyttast på meir politi og yvervaking? Kva slags type samfund endar me med? Er det ikkje betre å stengja grensone og prioritera eit sosialt samfund for etniske nordmenner? På desse spursmåli kom det ikkje noko godt svar frå Rutle.

Skal norske arbeidsplassar skapa seg sjølve?

Eit anna spursmål som vart diskutert var automatisering av industri. Fleire og fleire arbeidsuppgåvor vert automatiserte og det krevst i snitt mindre og mindre arbeidstid for å produsera dei varone som folk treng. Kjem me til å hamna i den stoda at folk flest vert gåande utan arbeid medan ein spesialisert elite fær taka dei viktugaste og mest interessante arbeidsuppgåvone som framleis stend att?

Her med gjekk det eit skilje millom Rødal og Rutle. Medan Rødal meinte at det trongst ein politikk for å løysa desse problemi, so meinte Rutle at det heile kom til å løysa seg av seg sjølv. Det kjem alltid til å dukka upp nye jobbar for folk, berre ein let den frie marknaden få liva sitt eige liv, hevda Rutle. Nye jobbar kjem til å verta skapte av den usynlege handi.

Her med fekk Rutle motbør frå salen. Det vart synt til at det er eit heilt konkret problem at norsk industriproduksjon vert lagd ned og flutt til andre land. Det er verdfull kompetanse på heile fagfelt som vert burte, og det utan at det dukkar upp nye næringar i staden. Frå Bergen hev me til dømes den tradisjonsrike teknologiverksemdi Nera Networks som vart kjøpt upp og slakta av israelske Ceragon. Eit anna døme kunde vera tradisjonsrike Grepa Komfyr i Ørsta som vart lagt ned.  Det er rett at mange nye arbeidsplassar er vortne skapte dei seinaste åri, men flestalle desse nye arbeidsplassane er tekne av EØS-arbeidsinnvandrarar som norske arbeidarar ikkje kann tevla med. Samstundes vert stødt fleire nordmenner gåande på NAV.

Kvifor kann ein til dømes ikkje produsera mikroelektronikk i Noreg, undrast ein tilhøyrar. Me hev både kompetent arbeidskraft og me hev god tilgang på energi. I staden vert energien eksportert til utlandet og seld på den frie kraftmarknaden. Burde me ikkje helder ha ein politikk som hev til målsetnad å nytta norsk arbeidskraft og norske ressursar til å driva med meiningsfull næringsverksemd?

Det kom ikkje noko svar frå Rutle på dette. I staden braut møteleidar Onar Åm inn og hevda at det grunnleggjande problemet var at skattenivået i Noreg var for høgt. Han vilde ikkje vera med på at kostnadsnivået i Noreg var høgare enn det var i den sosialistiske folkerepublikken Kina.

Rødal vil ta handfaste politiske grep, Rutle vil avpolitisera staten

Medan Rødal frå Alliansen kom med handfaste politiske løysingsframlegg, so er det likt til at Rutle frå Liberalistane meiner at alle problem skal løysa seg sjølve berre staten sluttar å vera politisk. So lenge me legg ned velferdsstaten, so er det berre å opna grensone. Og so lenge me sluttar å skattleggja næringsverksemd, so skal nye næringar uppstå av seg sjølve – med kvart som etablerte og tradisjonsrike næringar flaggar ut til Asia.

Rødal vil stogga masseinnvandringi og stengja grensone. Rutle vil leggja ned velferdsstaten. Enn so lenge er ingen av dei i posisjon til å gjera noko av det som dei talar um. Men ein uppklårande debatt var det.

O. Torheim