Eit liv i kamp mot systemet: Fridom for Horst Mahler!

I dag vert meiningsbrotsmannen Horst Mahler deportert frå Ungarn, landet som nektar honom politisk asyl. I Tyskland ventar politi og fengselsstell på den diabetessjuke 81-åringen. No kjem Mahler trulegt til å døy i fengsel.

Det var i 2009 at Horst Mahler vart dømd til i alt 12 års fengsel, eine og åleine for å ha ytra seg kontroversielt um den tyske soga. Mahler ynskte å gjera rettssaki til symbolsak um ytringsfridom. «Eg sit her av di eg vil sitja her», slo Mahler fast frå tiltalebanken. Ikkje so ulikt ein Martin Luther som 500 år tidlegare slo fast at «her stend eg og kann ikkje anna».

12 års fengsel for tankebrotsverk

Rettssaki mot Mahler var ingenting anna enn ein farse. Ikkje berre vart Mahler nekta å leggja fram prov som skulde underbygde at ytringane hans var lovlege. Jamvel hans eigen forsvarsadvokat, Sylvia Stolz, vart dømd til fengselsstraff for å ha forsvara sin eigen klient.

Horst Mahler.

Mahler hev i årevis havt både hjartesjukdom og nyresvikt, og i 2015 var Mahler nær ved å døy i fengselet. Ein livstrugande infeksjon førde til at han vart nøydd til å amputera foten, og det var berre mediemerksemd og aktivisme frå Mahler-sympatisørar som førde til at Mahler det same året var sleppt fri av helse-årsaker.

Mahler hev i tidi etter lauslatingi halde ei rad talor og fyredrag, og dette meiner styresmaktene er brot på fyresetnadene for lauslatingi. Mahler vart i april i år kalla inn for å sona resten av straffi si. Med den helsetilstanden som Mahler er i, so er dette i praksis å krevja dødsstraff for Mahler – og Mahler svara med å gå under jordi. I ein video på Youtube fortel Mahler at han kjem til å reisa til eit anna land og søkja politisk asyl. Valet fall på Ungarn.

Jamvel um Viktor Orban hev havt ein tøff retorikk, og endåtil uppmoda folk frå det mangkulturelle Vest-Europa um å flykta til Ungarn, so var det heile tidi klårt nok at NATO-landet Ungarn ikkje kom til å gjeva politisk asyl til ein mann som Mahler. Like lite som dei vilde ha gjeve asyl til ein Snowden eller ein Assange…

Eit liv i kamp mot systemet

Horst Mahler var i si tid forsvarsadvokat for Andreas Baader og Gudrun Ensslin i samband med varehus-brannen i 1968. Stutt tid etter var det Mahler som yvertala Baader og Ensslin til å reisa attende til Vest-Berlin frå eksilet i Italia, og soleides reknar mange historikarar Mahler for å vera den røynlege grunnleggjaren av den vinstreekstreme terrorgruppa Rote Armee Fraktion.

Horst Mahler slapp ut frå fengsel i 1980, og tidlegt på 2000-talet var han med på å grunnleggja den nasjonalistiske tenkjetanken «Deutsches Kolleg», nært knytt til NPD. Som so mange andre gamle vinstreaktivistar so tok han på sine gamle dagar til å forstå at nasjonalistane er dei einaste som kann by globalkapitalismen motstand.

Horst Mahler på 70-talet.

Den aldrande Horst Mahler hev trakka systemet på den tåi der det gjer som vondast:

Dei «historiske sanningane» som det ikkje er lov å stella spursmål ved, dei høyrer med til sjølve det fundamentet som det rådande systemet stend på.

Eit fundament som dei seinaste 70 åri hev rettferdiggjort det faktum at Europa vart restrukturert med ein massiv valdsbruk som soga aldri tidlegare hev sett, og der etterverknadene er moralsk, kulturell og demografisk uppløysing.

Støttedemonstrasjon for Mahler i Berlin.

Når maska fell

Med deportasjonen og arrestasjonen av Horst Mahler so kjem me atter til å få sjå korleis maska fell hjå både Amnesty International, PEN, Fritt Ord og alle andre slags pressgruppor for «det frie ordet». Helder ikkje denne gongen kjem dei til å lyfta ein finger når ein ærlegt sanningssøkjande europar skal kneblast med drakonisk fengselsstraff.

Kor som er so er det lov å vona at ein mann som hev nytta heile livet i kamp mot systemet ikkje let seg knekkja denne gongen helder…

Olav Torheim