Alternativhøgre sigrar i Charlottesville

Den amerikanske høgreintellektuelle avantgarden gjeng samla ut på gata og skipar til vellukka demonstrasjonar. Systemmedia lyg hemningslaust um den patriotiske sigeren i Charlottesvile, med skuldingar um «høgreekstrem valdsbruk».

Lenge fanst amerikanske alternativhøgre einast på nettet – med tallause tidskrift, bloggar, bokforlag og satire-prosjekt. Dessutan møttest ein gjerne på konferansar og fyredragskveldar.

Heilt sidan mange år attende so hev politiske gruppor av ymist slag, til dømes «Traditional Youth Network», stade attum modige provokasjonsaksjonar og miniprotestar. Som regel var det berre ein handfull uredde karar som var med på desse. Dette fyrebuingsarbeidet hev under alle umstende lagt grunnlaget for endå større aksjonar og demonstrasjonar. Kvar og ein må endeleg forstå kor viktugt det er for det metapolitiske arbeidet at ein vågar ta til gatone – um det so berre skulde vera ein protestaksjon med ti mann til stades.

Alternativhøgre kann forsvara seg

Desse tidene er under alle umstende forbi. No um dagen kann den alternative høgresida mobilisera til tusundmannsdemonstrasjonar.

På same måten som i Europa, so tek dei lovlause styresmaktene seg til rettes mot fredelege demonstrantar – med den same taktikken som hjå oss. Systemet sine «antifa»-pøblar fær operera under politiet si vernande hand. Nett som i vårt eige land so stend ordensmakti skulder ved skulder med den vinstreekstreme mobben, og dei grip ikkje inn mot bråkmakarane. Ofte vert politiet «sporlaust burte» når dei vinstreekstreme valdsmennene gjeng til aksjon.

Det som under alle umstende er hardare enn hjå oss, det er reaksjonen frå dei «høgreradikale». Ein er stødt fredeleg og held seg til lov og rett, men um ein kjem under åtak so nyttar ein seg av retten til sjølvforsvar. Det hev alt hendt etter måten mange gonger at «høgreradikale» – jamvel når dei er i solid undertal – syter for at dei vinstreekstreme valdsmennene fær seg ein på tygga. Ein dreg seg ikkje attende, ein steller seg snarare i frontlina. Den sokalla «Based Stickman» vart for ei tid sidan til eit rettelegt «meme».

Ein høgreradikal demonstrant hadde under ein demonstrasjon for ytringsfridom kledd seg ut som teikneseriehelten «Captain America». Med ein hjelm, eit skjold og ein batong, so prylte han i ei sjølvforsvarshandling laus på ein heil horde med vinstreekstreme. Videoen frå denne aksjonen gjekk internett rundt. Den alternative høgresida er fredeleg, men let seg ikkje plukka på nasen – korkje frå antifa eller frå korrupte styresmakter. Ein vik ikkje ein tumme, men stend knallhardt på borgarrettane sine. Nett i USA skal desse visstnok stå so høgt.

Sørstatane reiser seg

Eit nytt høgdepunkt i denne nye utviklingi er demonstrasjonen i småbyen Charlottesville i delstaten Virginia. Demonstrasjonen kom i samband med at styresmaktene vil riva ned statuar av gamle krigsheltar frå den konføderale heren. Desse er ut frå politisk korrekt sogesyn nokre rettelegt «fæle menneske». Jamvel i Charlottesville skal eit bilæte av den høgskatta general Robert E. Lee rivast ned frå pidestallen. Den militære leidaren styrde yver alle dei konføderale truppane og er i Sørstatane for ein folkehelt å rekna.

Kamphopehavet «Unite the Right» samlar personar og gruppor frå heile den systemkritiske høgresida, og her hev dei lukkast med å få slutt på den elles so sedvanlege «ta avstand»-leiken. Alt for eit par månader sidan skipa dei til den fyrste fakkelmarsjen der dei protesterte mot den kulturøydande politikken åt styresmaktene. Alt den gongen tok «samfundsstøttene» til å få angst – av di det endelegt hev dukka upp ei amerikansk protestrørsla som ikkje let seg kua med dei vanlege vinstreekstreme trakasseringstaktikkane. Difor freista den «demokratiske» Virginia-guvernøren, Terry McAuliffe, å nytta seg av rettsstridige verkemidlar til å forby demonstrasjonane.

Dette førde ikkje fram. Den 11. august so gjekk eit hundradtals patriotar gjenom Charlottestown med faklar og samla seg ved Lee-statua. Der vart det ropa slagord som «You will not replace us!» og «One people, one nation, stop immigration!». Ein liten handfull med antifa vart på slutten av demonstrasjonen fullstendig umringa. Etter ei stund let ein dei vinstreradikale stakkarane få stikka av med halen millom beini. Ein kann berre tenkja seg kva slags valdsorgie det hadde kome til um styrketilhøvet var det motsette. Alt her hadde den alternative høgresida prova kor fredelege og lovlydige dei var.

Valdsorgie frå antifa og politi

Openbert skaka yver denne store suksessen, so gjekk dei vinstreekstreme fullstendig amok på dagen for den varsla stordemonstrasjonen den 12. august. Som vanleg kom det til ein samanstøyt millom politi og antifa. Dei kriminelle hordane var denne gongen samla til ein ulovleg motdemonstrasjon som politiet ikkje vilde slå ned på.

På same måten vart det ikkje slege ned på den vinstreekstreme valdsbruken. Antifa sette alle klutar til med åtak på fredelege demonstrantar. Kastevåpen og heimelaga flammekastarar vart tekne i bruk. Jamvel talrike «afroamerikanarar» vart mobiliserte frå dei vinstreekstreme si sida, og slik kunde dei gjeva utlaup for rasehatet sitt i ein regelrett valdsorgie.

Representantane for den alternative høgrerørsla tedde seg yverraskande rolegt og veik samstundes ikkje ein tumme. Dei vilde ikkje gje frå seg retten til å demonstrera. Systemet slo frå si sida til med full kraft. Det vart lyst «undantakstilstand», den lovlege demonstrasjonen vart stempla som «ulovleg» – og valdeleg politi gjekk berserk mot dei høgreorienterte patriotane. Samstundes fekk antifa sine slagertruppar gjera som dei vilde. At Virginia-politiet ikkje er spesielt smarte, det fekk ein sjå med eigne augo i det eit politihelikopter styrta og tvo polititenestemenner miste livet. Mange massemedia tel desse døde med millom dei sokalla «offeri» for protestane – endå årsaki til helikopterstyrten på ingen måte er avklåra.

Pressa diktar upp «høgreekstremt terroråtak»

Heilt på randen av denne hendingi so kom det til ei trafikkulukka som lygnpressa vil framstella som ein «høgreekstrem terroraksjon». Det vert hevda at ein av deltakarane på den patriotiske demonstrasjonen, på same måten som islamistiske valdsmenner, skal ha køyrt inn i ei menneskemengd med vitande og vilje. Ein video syner derimot tydelegt at han hev køyrt inn i ein annan bil. Heile historia stinkar, for ein retteleg terrorist hadde visselegt valt å køyra rett inn i folkemengdi for å drepa flest mogleg menneske – og ikkje inn i ein annan bil. Både på høgre og vinstre sida av vegen so vart det stappfullt med antifa-folk. Um samanstøyten var gjord med vilje, so hadde han naturlegt nok svinga ut og køyrt inn i desse, og ikkje vidare rett fram og inn i bilen framfor honom, slik at det til lukka ikkje gjekk so gale som det kunde ha gjort.

Ei vinstreradikal bråkmakarinne skal like fullt ha vorte råka og mist livet som ei fylgja av det heile. No vil rettsstellet ha den ulukkelege bilisten tiltala for «mord», og det heile ser ut til å få karakter av ein politisk prosess. Her ser ein heilt burt frå konteksten som det heile hende i. Tallause bilæte syner at bilen vart umringa av ein horde med vinstreekstreme valdsmenneske. Mest sannsynleg hev bilisten handla i panikk og freista å koma seg vekk. Lygnpressa veit derimot alt no kva det er som verkelegt hev hendt, og dei hev konstruert sin eigen konspirasjonsteori ned til minste detalj. Dei verkelege og eintydige islamistiske terroråtaki fær sjeldan like mykje merksemd som den nemnde trafikkulukka.

Trump reagerar klokt og roleg

Medan heile den vestlege lygnpressa hev sett i gang ein hetskampanje, so let ikkje den amerikanske presidenten Donald Trump seg riva med. Tvert imot, han svarar på ein roleg og klok måte. I ein pressekonferanse ytra han seg slik um det som hev hendt: «Me fordømmer klårt og tydeleg denne iscenesetjingi av hat, trongsyn og vald – som skriv seg frå fleire hald».

Trump tala vidare varmt for «lov og orden» og uppmoda til semja og «kjærleik til nasjonen». Ein nasjon som han framstelte som ein multikulturell og liberalistisk nasjon. Desse floskelfylde ytringane var under alle umstende mest for randnotisar å rekna, under ein pressekonferanse som tok fyre seg heilt andre ting. Det er synd at Trump ikkje endå tydelegare kunde kritisera den einsidige vinstreekstreme valdsbruken og politibrutaliteten mot fredelege demonstrantar. Dei vinstreradikale er på si sida sure for at den amerikanske presidenten ikkje vilde taka den usanne versjonen deira for god fisk.

Alt medrekna so kann ein segja at demonstrasjonen i Charlottesville var ein stor suksess for den alternative høgresida. Ein hev ikkje late seg kua, ikkje ein gong når systemet sette alle klutar til. Endå so stort motstand dei møtte, so hev dei sett eit tydelegt teikn, og dette teiknet hev dei stråla ut til heile verdi. Me kann alle lata oss kveikja av det modet og det samheldet som desse mennene og kvinnone synte i møtet med valdsbruken frå motparten.

«Slaget i Charlottesville» var berre ei upptakt. Det kjem meir. Godmenneski gjer rett i å kle seg varmt i framhaldet.

Georg Immanuel Nagel

(Teksti er ein kommentar-artikkel umsett frå tyskspråklege «Blaue Narzisse». Målmannen heftar ikkje for synspunkti i innlegget)

  • Ingvar Åberge

    Donald Trump oppmoda begge sider til ro og fred. Det var dei einaste rette han kunne gjera. Dessverre oppfattar norske media dette som ei støtte til den sida som presidenten dermed ikkje la all skulda på. Det er fullstendig feil av dei. Alle kan høyra kva president Trump sa, og det er ikkje det same som norske journalistar vil ha til at han sa!

    Eg var difor nyfiken på kva heimesida til Målmannen måtte meina om denne saka. Ser også dei at Trump har gjort det rette, og at han vert jaga som ein hund av norsk media, som på si side tydlegvis trur at dei har ein smule større internasjonal innverknad enn dei vonleg har? Og rett skal vera, Målmannen sin artikkel om saka rosar presidenten for den rolla han har teke i konflikten, men, og det er trass alt nokså skuffande, stør likevel norske media si oppfatning av kva denne rolla går ut på. Derimot har artikkelen ei heilt anna framstilling av dei høgreorienterte demonstrantane enn norske media har, det skal også seiast.

    Dette seier nok noko generelt om kor vanskeleg det er å vera balansert og forsonande i ein tilspissa konflikt.

    • Olav Torheim

      Takk for innspel. Det bør vel elles nemnast at innlegget er ein umsett kommentar-artikkel frå tyskspråklege «Blaue Narzisse». Målmannen sjølv hev ikkje noko serskilt syn på denne saki.